søndag 22. januar 2012

TEK DU BÅTEN FRÅ EIN GJENNOMSNITTS VESTLENDING

... skreiv ikkje Ibsen om, men han burde ha gjort det. Han kunne ha skapt eit høgreist skjebnedrama, ein tragedie som hadde gjort han endå meir udødeleg, iallfall i kyst-Noreg.
   Å miste rutebåten er som å ta vekk litt av sjela vår. For nokre dagar sidan gjorde fylkesrådmannen seg tankar om å spare nokre millionar ved å fjerne snøggbåttilbodet mellom Bergen og Sunnhordland. Politikarane greidde å kvele ideen ved fødselen, ære vere dei for det. Hadde dei ikkje gripe inn, ville me ha fått eit folkeopprør her i Sunnhordland som ville fått sjauen i Egypt i fjor til å minne om eit landsens syttandemaitog.
   For ein del år sidan miste Sunde ferja. Rett nok vart det bygt nytt ferjestø i Opsangerneset, så det var ikkje det aller verste som kunne skje. Men for sundebuen var det eit hogg mot hjarteregionen. Kort tid etter følgde snøggbåtane med. Så miste me Os-båten her i ytre Kvinnherad for at indrelutarane skulle få eit båtsamband med Bergen. Det hjelpte ikkje kor me gret og skar tenner her i ytre luten.
   Verkeleg stormfullt vart det då ferja slutta å gå om Opsangerneset då Halsnøytunnelen kom. Det nye ferjestøet ligg der som ein diger parkeringsplass. For snøggbåtane går der enno, gudskjelov, og no har pendlarane god plass til bilane sine der på kaia. Så litevetta godt har det sive ut av det fælslege ferjerovet.
   Hin dagen laut ferja gå dit, sidan Halsnøytunnelen vart stengd i nokre få timar. Hadde me vore litt vakne, burde me ha mobilisert mannskoret (som ligg på sotteseng), skulekorpset og trekkspelklubben og teke imot henne med fagnad og flagg.
   I staden får me halde eit auge med fylkesrådmannen.

1 kommentar:

  1. Ja eg kjenner at sjela mi har krympa etter alle desse nedskjeringane du så hjarteskjerande skildrar her.
    Det synes som om fylesrådmannen meiner me skal halda oss her i Kvinnherad. Og det skal me jo ikkje. Nå gjeld det om å ta seg ein tur mens der ennå går an.

    SvarSlett