Endeleg kom det første gullet i Canada. Trønderjenta Marit Bjørgen suste inn til ein velfortent siger i skisprinten. Det var ei stor gledesstund etter at medaljene stort sett har hange for høgt til no i desse leikane. Og eg, som stadig ser tilbake, må atter ein gong late tankane fyke tilbake nokså nøyaktig femti år, til 1960 og ei stor gledesstund den gongen. Min store helt heitte Knyt Johannesen. Fire år tidlegare var eg så vidt begynt å bli hekta på sportsresultat, og då greidde Kupper'n "berre" ei sølvmedalje. No i Squaw Valley burde han ta iallfall to gull. Dessverre vart det berre sølv på halvmila. På 1500-meteren var det Roald Aas som redda den norske æra og delte gullet med russaren Grisjin. Kupper'n kom langt bak. Men så kom titusenmeteren. Olav H. Hauge (som og har budd på Valen, rett nok som pasient på sjukehuset) har eg sitert før i samband med styltregåing. No vil eg sleppe han til att, for han har skildra presist og sylskarpt kva som hende den gongen:
Kuppern skrid i Squaw Valley
Eg har òg teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.
Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.
Og viss nokon vil sjå rundetidene til milløpet, har eg dei nedskrivne i skriveboka mi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar