søndag 27. september 2009

VONDT SAMVIT

Det har eg saktens hatt stundom, men sjeldan så gale som ein gong for godt over femti år sidan. Eg var kanskje ti år eller vel så det. Bror Steinar, som er ein av dei mest moralsk høgverdige menneske eg kjenner, fann på litt av kvart i dei dagar. Ein dag lokka han meg på tur inn i Stavsdalen, det var noko han ville vise meg. Så drog han fram ein halvfull tipakning med sigarettar som han hadde fått tak i. Fyrstikker hadde han og. Eg visste godt at røyking var både ulovleg og fårleg, men lét meg freiste til å prøve. Korleis eg tykte det smakte den gongen, kan eg ikkje hugse. Men me fekk no knekt eit par sigarettar kvar. Etterpå kom samvitet over meg, eg vart nesten på gråten då eg tenkte på kva eg hadde gjort. Eg lurte på om eg skulle lette hugen min med å fortelje mamma at eg hadde røykt, men slo det ifrå meg. Tida lækjer ein del sår. Etter kvart som dagane og vekene leid, vart det lettare å leve med skamma. Men det gjekk nokre år før eg prøvde røyking på nytt, og då vart ikkje samvitsgnaget så sterkt. Seinare i livet har eg begått ein del fest- og ferierøyking i ny og ne, men det siste året har det ikkje vore såpass eingong.

1 kommentar:

  1. Dette minnest eg ikkje, men det er sikkert rett, for bror Reidar har eit vel utvikla langtidsminne. Takk for hyggelege velvalde ord vedk. moral, forresten!
    I sommar hadde me 50.års mimresamkome for avslutta realskule, og det er nok sant at eg så smått var byrja å røyke då. Ein 10-pakning "South State" kosta heile kr 1.80 den gongen, men på kafe Stjernen var det råd å få kjøpe sigarettar enkeltvis for 20 øre stykke.
    Etter 30 år tok eg endeleg til vit, og 7. april 1987 var det slutt med røykinga. Artig var det å lese i avisa eit år etterpå at 7. april 1988 var utropt til 'verdas første røykfrie dag', kanskje burde eg ha feira eittårsdagen med ....ja, nettopp ein sigarett...???
    Men så har eg no aldri vore fest-røykar, slik som bror Reidar.....

    SvarSlett