lørdag 26. september 2009
Å VERTE RIK I EIN FART
Den draumen vart tend i mange då Norsk Tipping sette i gong med fotballtipping i 1948. Så langt tilbake hugsar eg ikkje noko om tippinga. Men midt på femtitalet var det fleire i Flekke som delte draumen om snarleg velstand. Papen heiv seg med og sende inn nokre rekkjer i ny og ne. Tjuefem øre rekkja kosta det, og på ein kupong var det plass til åtte rekkjer, trur eg. Og eg meiner å hugse at førstepremien kunne ryke opp i hundre tusen.
Ein dag fylte papen ut ei rekkje med berre einarar. I eksperttipset i Bergens Arbeierblad hadde dei foreslått elleve einarar, så han slengde like godt på den tolvte og. Laurdags kvelden, etter barnetimen og på slutten av nyheitene som kom klokka sju i radioen, kom tipperesultatet. Steinar og eg kappsprang i floren og forkynte jublande at papen hadde vunne tolv rette. "Kva for ei rekkje var det på?" spurde papen, og me opplyste at det var den med berre einarar. "Då verte da ikkje rare premien," sa papen. Men han drøymde nok om ei viss betring i privatøkonomien, og eit par tusenlappar kunne det verte. Store pengar, det og, sjølv om det langt frå vart nokon toppremie. Skal tru kva mamma og papen drøste om etter at dei var lagde.
Etter kunngjeringa i floren heiv eg meg på sykkelen og ville dele nyhendet med Jan Hovlandsdal. Eg var knapt innom døra komen før Jan ropte ut: "Bakar-Odd'n har vunne tolv rette!" Eg repliserte med at det hadde papen og.
Neste dag, då dampen kom og alle flekkingane oppdatert seg på alt nytt i bygda, kom det for ein dag at det var fleire i Flekke som hadde tippa tolvaren. Og papen innsåg, nøktern som han var, at det knapt vart mange hundrelappar i premie. Måndags kvelden hadde dei talt opp alle kupongane og rekna ut premien: Tjuefem kroner for tolv rette! Så var alt med det gamle att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar