søndag 11. oktober 2009
HAUST I PRAHA
Haustferien var lang og god i år. Me har ei veke ordinær haustferie, og eg som er så gammal, får ei ekstra veke i året. Så den tok eg ut i veka før haustferien. Då reiste Anne og eg til Praha og var der ei veke. Etter det var me eit par dagar i Bekkjarvik, og til sist nokre få dagar heime.
Eg kunne nok ha skrive blogg i Praha, men då hadde eg måtta skrive utan æ, ø og å. Det ser litt toskje ut.
Praha er ein flott by, full av historie og midt i blinken for ein historielærar. For vel fem hundre år sidan var han hovudstad i det tysk-romerske keisarriket og større enn London og Paris. Byen var åstad for utbrotet av trettiårskrigen i 1618, då keisarlege ordonnansar vart kasta ut vindauget i Praha-borga. I 1948, ved kommunistkuppet, vart utanriksminister Masaryk funnen død utanfor kontorvindauget sitt i same delen av byen. Mord ellr sjølvmord?
Nei, eg kan ikkje ta alt om tsjekkisk historie her. Du får ta deg eiun tur sjølv, om du ikkje har vore der. I desse dagar ventar EU spent på at Václav Klaus skal skrive under på Lisboaavtalen, også omtalt som den nye grunnlova i EU.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar