Stundom skryter eg av at det einaste arbeidet eg kan, er å renne opp og hesje i hesjar. Eit arbeid eg aldri praktiserer lenger, og som er så godt som unyttig.
Når me no har for oss året 1956 enno ein gong, kan me ta ein titt på biletet som hang i stova heime (og seinare i Dale): Det var ein fin og varm julidag, eg skulle gjerne visst datoen. Eg trudde det var ca. 10., men eg er slett ikkje sikker. I så fall kan me sjå at det har gått unna med slåtten takka vere godt brøyevêr. I den sjuande sansen frå 56 står det at me begynte så smått å slå den 28. juni, men tok til for alvor den 2. juli. Oppe i Bakkane har me hatt høy på brøy, og mens flyet fotograferer, er fleire i husstanden i arbeid ned på Myra. Eg hadde som jobb nett denne stunda å sjå til systa, som ikkje hadde fått namn enno, og som låg i vogna si i skuggen bak eldhust - eller kanskje bak do. Men då flyet kom og tok til å sirkle over den blå julihimmelen, laut eg opp på øvste Storehòjin og sjå. Nei, eg trur biletet er teke seinare, sidan me framleis dreiv med hesjing i ytste bakkane den 11. august. Og Telemark Flyselskap har kanskje ikkje datoen heller, eller ...?
Det var på tide med ny blogg, Reidar, etter nær to månaders bloggtørke - eg trudde mest du ikkje hadde meir å minnast........
SvarSlettMen eg sa ingenting om turrhøytaking 11. august - derimot manglande den 12. august. Minnest eg rett var denne datoen ikkje berre dåpsdagen til Liv Elisabeth, men merkedag for fleire... Og kvahadde me til middag????
"Ditte æ enj dage me ska hukse," sa Maria på 67-årsdagen sin den 12. august 1945, då Riborg Løseth og eg vart døypte og onkel Trygve fylte 14 år. Nei, kva me hadde til middag den 12. august 1956? Lurer på om det kanskje var eit kje ifrå Ilkjen. Og det spørst om nokon veit kva me hadde i 1945.
SvarSlett