For trettito år sidan var det mange sjutal i denne datoen. Det var ein herleg solskinsdag, midtsommar og ferietid. Men det var meir enn det. I dag skulle dei setje i gang fødselen til dette vesle noret som me venta på, men som ikkje ville ut. Dei to gutane Rune og Vegard var i Bekkjarvik og venta spent på om det skulle verte gut eller jente. Rune hadde sagt klart frå om at han gjerne ville ha ein bror til, og Vegard hadde kanskje ikkje sterke meiningar om nett den sida av saka.
Denne gongen skulle eg få vere med på fødselen. Det skar seg i 1973, og i 1969 var det ikkje diskutert, og heller ikkje vanleg at ein pappa fekk vere til stades på noko slikt. Men no skulle eg til pers.
Dei andre to gutane kom til verda utan mykje sjau, men denne gongen fekk Anne kjenne det til gagns. Det gjorde frykteleg vondt, så ho skreik og bar seg, men eg såg på jordmødrene at dette skulle gå bra. Det same skjønte eg då det vesle krypet sakte kom glidande ut i denne vanskelege verda og såg skrekkeleg livlaust ut, etter mine førestellingar. Men så kom det nokre små grynt og litt sutring. Eg fekk raskt med meg at det var ein gut, og det var meir enn vel og bra. 3450 gram og 53 centimeter, ny rekord i syskenflokken både på lengd og vekt. Anne vart totalt omskrudd med det same han var ute i det fri: "Å, kan'kje eg få sjå han og halde han?" jubla ho. Ikkje meir jamring då, nei!
Ei stund etterpå rusla eg roleg omkring i Leirvik sentrum med ei intens lukkekjensle i heile kroppen. Det var sein ettermiddag og glitrande sommarsol. Telefonar vart tekne for å varsle brørne, dei andre i Bekkjarvik og dei i Flekke.
Dagbladet hadde nok ikkje all verda å slå opp på framsida midt i agurktida, men dei hadde ei treffande og fengjande overskrift: "Århundrets lykkedag"!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar