Me har ført ein heroisk kamp mot skvallerkål og løvetann her i hagen vår. Når det gjeld den sistnemnde, held me denne planta nokolunde i sjakk, men langt få heilt. Eg brukar å vippe opp med rota ein god del løvetenner om våren. Men dei er mange og spreidde, så det står alltid nokre att. Eg beundrar dei ikkje så lite. Inne i busker og kratt lagar dei seg til med høge, frodige blad og stilkar for å rage over dei andre plantane. På plenen derimot, lurer dei seg godt ned i graset og prøver å gøyme seg, heilt til det dukkar opp ein gul dott. Tidlegare tok me stundom ein haustingstur om våren og plukka unge lauv, skava av dei det grøne frå bladstilken og laga salat. Heilt greitt råstoff! Men i det siste har me ikkje kome oss til og nytta løvetannblada.
Skvallerkålen er flokkplante. Han står oppmarsjert på tomtegrensa, ein enorm hær rett nedanfor hagen vår og fleire bataljonar i nabohagane. Me har likevel til no greidd å stanse han ved grensa. Skvallerkålen - Anne kallar han for djevlaklo - har ord for seg å vere ein bra matplante, og det vert sagt at det var munkane som innførte han her i landet. Men munkane har fått skulda for så mangt.
Me har litt nesle og. Dessutan er det ein liten, fin neslelund nedanfor nabotomta. Og neslesuppe er godt; det har me kosa oss med mang ein gong heilt sidan me budde på Husnes og fann ein svær forekomst med brennenesle rett nedanfor ein bøgard.
Her på berget veks det oregano både her og der. Han er truleg forvilla frå hagane, men denne planten skal og vekse vilt her i landet og heiter då bergmynte eller kung. Iallfall dukkar han opp som ugras både her og der.
Vel, i går kveld plukka eg ein god slump friske, nye nesleskot, heiv oppi ein neve skvallerkål, ein dott oregano og nokre stilkar grasløk (grasløken er kultivert i krydderbedet vårt.) Råstoffet vart forvandla til ei herleg ugrassuppe. Synd du ikkje var her og fekk smake!
onsdag 26. mai 2010
søndag 23. mai 2010
PINSE
Dette er ei underleg helg for folk flest, gudelege som ugudelege. Kva er det me feirar? Vel - Den heilage ande, veit somme. Men kven var no det? Det er det vanskelegare å svare på. Faren og sonen gjev ei nokolunde konkret meining. Men Den heilage ande? Eller Den hellige ånd, som det heiter på sidemålet?
Men feirar gjer me, to heile dagar til ende. Ja, kva er det med denne anden som gjer han fortent til dobbel helgedag på linje med jul og påske? Flaggdag er det og. Og kva tyder ordet pinse? Og kvifor kjem første pinsedag på den 23. mai i år, mens han neste år ikkje kjem før den 12. juni? Og kva slags folk er det som er så oppegsa for denne helga at dei går rundt og kallar seg pinsevener?
Det er altså helg i morgon og, men for meg er det ikkje den heilt store stasen lenger med ekstra helgedagar om måndagane. Sist måndag var det 17. mai, som forresten ikkje er helgedag, men offentleg høgtidsdag. Det har seg slik at eg har fridag om måndagane likevel, anten det no er helgedag eller høgtidsdag, for eg er pensjonist dei dagane. (Eg er AFP-pensjonist med 40 % pensjon og 60 % jobb.) Som om ikkje det var nok, kom 1. mai på laurdag i år. Eg har altså vorte lurt for tre fridagar. Dei har eg tenkt å ta att på ein eller annan måte. Ein mobbar ikkje pensjonistane på den måten, berre så det er sagt!

mandag 17. mai 2010
17. MAI 1960
Ein fin vårdag for femti år sidan laut eg setje meg ned og skrive stil om syttande mai, etter pålegg frå lærar Olav K. Strand, norsklærar i første real. Eg tillet meg å referere stilen nett slik eg skreiv han. Det vil då seie at feil som Strand'n har retta, kjem med her:
17 mai 1960.
Sola skein strålande frå ein høgblå, skyfri himmel. Ein maidag kunne ikkje vera venare enn denne, med nyutsprotte lauv på trea. Flagga, symbolet på den frie nasjonen blakra i den friske maibrisen, og det anga så godt frå nyutsprotne hegge- og epleblomar.
Klokka sju small salutten, tre skot som vekte bygda. Etter middag tok folkefesten til. Sverre Fagerheim heldt tale for dagen i ungdomshuset. Talen var interessant, nesten som ein geografitime utan lekser. Etter talen gjekk folketoget med hurraroping og svinging av flagg. Så var det idrottsleikar for skuleborna ved skulehuset. Resultata var svært ujamne, men dei gjorde vel sitt beste. Åskodarane sat kringom og åt på iskrem eller drakk brus, som vart selt. Då idrottsleikane var slutt, gjekk folka derifrå litt etter kvart, og snart var der ikkje fleire att.
Om kvelden var det folkefest i ungdomshuset. Først vart det diktopplesing. Ein mann las av diktet "Emne", av Olav Aukrust. Det handla om korleis folk måtte greia seg med det dei avla og laga sjølve på garden. Det einaste dei kjøpte, var jarn og salt. Etterpå vart det song, og så vart premiane til skuleborna utdelte. Vidare følgde ein gjetekonkurranse mellom høgre og venstre sida i salen, den høgre sida vann med eitt poeng. Der var spørsmål om dikting, matlaging og mykje anna. Så vart skodespelet "Den glade enkjemann" framsynt. Innhaldet var toskut, men skodespelarane spelte godt.
Som vanleg var det dans etterpå, og då var det mange eldre folk som tok seg ein svingom, medan mange av dei unge reiste til Dale. Den syttande mai var over. Nordmennene hadde enno ein gong feira dagen då det store steget til fridom var teki i 1814.
Strand'n tykte at karakteren M minus var passeleg. Forresten trur eg at stilskrivaren gløymde å nemne fyrverkeriet. I Flekke var det vanleg å ha fyrverkeri etter programmet og før dansen. Det er ein skikk eg har sett lite til i andre norske bygder og byar. Men i Frankrike er det eit sjølvsagt innslag på nasjonaldagen!

søndag 16. mai 2010
KRITISK BRUNGRÅE SYTTENDEMAIAR
Det skal vere nysprotte bjørkelauv den syttande. Me har ein sein vår i år, men lauvet på både bjørk og ymse andre busker og tre har sprotte for fleire veker sidan her i Valen. Det har dei sikkert i Flekke òg, sjølv om våren kjem litt seinare der.
Det vanlege var at lauvet var nysprotte til den syttande. Men eg hugsar to syttandemaiar på slutten av femtitalet då det var kritisk. Ein sekstande mai stod eit par utsendingar frå festnemnda og parlamenterte med papen om å få hogge pyntebjørk viss dei fann noko som var utsprotte. Skulle dei finne noko, måtte det vere kring dei solvende knausane ovanfor bøgarden vår. På avstand var det ikkje lett å sjå noko, men det skein så vidt i grønt eit par plassar oppe i Røveskòra og under Jota. Så dei vart berga den gongen.
Eit anna år var det verre. Me skimta ikkje eit grønt lauv nokon stad, tvertimot låg det restar av snøfenner på skuggefulle stader. Men då me kom til ungdomshuset og skulle feire den 17., synte seg at syttandemainemnda hadde utretta mirakel. Det hang grønglitrande ungbjørker og skein ved porten og vakkert pynta kvistbundlar med grønt lauv på veggen i festsalen. Nemnda hadde vore føre var denne gongen, gått til skogs og hogge det dei hadde bruk for og sett i vassbytter i ein kyraflor. Kyrne stod nok inne enno, kva skulle dei ut etter når det knapt fanst eit grønt strå? Og i den lune floren narra dei bjørka til å tru at våren var komen.
Så vart det syttandemai det året òg!

lørdag 15. mai 2010
SJØSETJING
Så kom Tore heim i går, og i dag har me smurt påhengsen Birk, sett over skuta Sofie Karoline og sett ho på sjøen mens det var flod. Båten flaut i år og, motoren starta på andre eller tredje draget, og alt var i sin skjønnaste orden. Det einaste er årene, som eg har teke heim, fiksa dei litt og smurt dei inn med olje.
Færingen vår heime i Flekke var eit kjært leikety. Han låg i vinteropplag på låven, så det var litt styr med å få han ned på fjorden. Til orientering for dei som ikkje er lokalkjende, kan eg opplyse at det var snakk om ein transport på tre-fire hundre meter. I mange år var det merra Bergfrid (og seinare hesten Berg) som måtte trø til. Og så burde eg ha hugsa om me brukte møkakjerra eller høyvogna. På sjøen kom han som regel kvar vår og heim att utpå hausten. Seinare var det motoriserte greier som frakta han til stranda. Men sjølv var og vart han robåt, utan motor av noko slag.
Papen murra litt dei siste åra båten var på sjøen, for det var som regel eg som masa om å få han ut. "Du kjem og held ein kjølen leik om å få båten ut, men du er aldri her og hjelper til når me lyt ta han i hus."
Den gilde robåten vår, som me aldri kjøpte motor til, enda sine dagar i hagen til bror Arne, der han stod som stas og leikeapparat i mange år.

torsdag 13. mai 2010
SOFIE KAROLINE
For 26 år sidan kjøpte Rune ein snedden fjorten fots plastbåt for konfirmasjonspengar. Skuta var finskprodusert - av alle nasjonar - og merket var Lohi. Stort sett gjekk han under det namnet når me snakka om han. Etter nokre år flytte Rune ut or heimen, og foreldra betalte ut båteigaren og overtok lohien.
Ti år etter at båten kom, fekk Anne og eg det første barnebarnet med det klingande namnet Hannah Sofie. Me laut vente endå nesten ti år før det andre barnebarnet kom: Frida Karoline. Begge damene vert til vanleg tiltalte med det første namnet. Men namn nummer to kan brukast og: Bestefaren fann ut at det var på tide å gje lohien eit skikkeleg namn. Dermed vart han døypt for Sofie Karoline. Sidan det var ein vaksendåp , vart det ikkje flaskeknusing og sjampanje.Motoren er ein seks hestars Suzuki. Då det tredje barnebarnet kom for fire år sidan, fekk han namnet Sigurd Birk. Eg ymta med Rune om at det var litt leitt at Sigurd ikkje vart med i båtnamnet. "Men då kallar me motoren for Birk!" var hans kommentar.
I dag har eg vaska og stelt Sofie Karoline og måla over toftene, som var litt slitne i grønfargen sin. I morgon kjem Tore heim, så i helga skal me smørje og stelle Birk, setje han på båten og få skuta på sjøen.
Skipsrei(d)aren steller skuta Sofie Karoline
tirsdag 11. mai 2010
NY HÅRSVEIS
Nei, ikkje ny i grunnen, "det er vel den gamle", som O.H.Hauge sa om nymånen. Men no er eg nyklypt og med stutt vårsveis. Ikkje så pinnkort som eit par år i tidleg barndom, då eg vart rua heilt ned, som ein nyslegen timeoteiteig eller ein vårfjelga sau. Viss du blar tilbake i bloggen til eit høyvognbilete, kan du kanskje få eit inntrykk. Eg tykte det var fritt og godt å gå rundt med ein såpass snau skolt i sommarvarmen.
Før eg kom meg til klyppedama i går, var eg nokså lurven på toppen, slik eg lett vert når håret gror for lenge og eg ikkje får somla meg til frisør. Spesielt når det er nyvaska og eg ikkje har hårkrem. For hårkrem likar eg å ha, det er noko eg tykkjer har redda meg sidan eg var nybakt tenåring og forstod at hårsveis var viktig. Til det pinnstive håret mitt var bryltuba eit must. No lesser eg ikkje opp som ein Elvis, men ein centimeter godt innsmurd etter hårvasken held dei mest nyfikne bustene på plass. Problemet no til dags er at det nesten er uråd å få tak i gammaldags hårkrem, det vere seg Wellaform eller Bryl. Men gå på Valen matsenter, der sel dei framleis Bryl!
"Men kvifor ikkje bruke hårgelé?" spør du. Det spør Anne om og. Tja, eg tykkjer ikkje det er så flott. Eller er det berre gammal uvane? I Barcelona no nyleg kom eg i vande. Tenkte å kjøpe undervegs, men fann ikkje tak i. Ikkje på Flesland flyplass. Ikkje i Barcelona heller, så eg kjøpte altså gelé i ein butikk der dei selde allslags småting. Men i ein supermarknad kom eg over noko som likna. Spansken min kunne ha vore meir habil, men eg tok sjansen. Det var iallfall ein krem på tube som låg i lag med ymse sortar herrekosmetikk.
Vel framme på hotellet om kvelden skulle eg pynte meg for Anne og halve Barcelona. Eg vætte håret og tok eit par centimeter av tuba og gneid inn. Duverda så det skumma! Eg sprang og slo opp i den spanske ordboka mi - litt for seint: Crema de afeitar. Barberkrem! Men håret låg no brukbart det, etter at eg hadde tørka vekk det meste og kjemt meg med omhug.

søndag 9. mai 2010
VILLSAU TIL LANDS OG SJØS
Av og til må eg skjerpe meg. Meir enn to veker sidan sist eg var her og skreiv. I mellomtida har me altså vore i Barcelona og smakt på sommaren. Fire dagar med klår himmel og temperaturar godt oppe på tjuetalet. Islandsoska heldt seg såpass på avstand at me kom både til og frå utan problem. Det var sutalause dagar i ein vakker by.
Både før og etter spaniaturen var me nokre dagar i Bekkjarvik og gjorde våronn, braut ny potetåker, sette poteter og spadde ned georginerøter. Dette siste er mest til glede for vidlasmalen, som går fritt omkring i hagane der ute og beiter. Georginegras er ein av livrettene deira. Og no når det ikkje bur nokon fast i huset og hysjar dei vekk, er det lett for at det vert i minste laget med blomar. Men villsauene har fått status som eit verneverdig kulturminne, så kva gjer ein stakkars kultur- og blomeelskar då?
Hunden vår, Bobbi, daud for tretten år sidan, såg annleis på fenomenet. Me var og bada og sola oss nede i Leirvikjo bak kyrkja og ante fred og ingen fåre i sommarvarmen for om lag tjue år sidan. Bobba fekk gå fritt, for me såg verken folk eller fe, og ho låg no der og teva med tunga langt ute. Brått fauk ho i rakettfart mot eit kratt og gøydde vilt. Ut or krattet kom ein villsau, og sauen og Bobbi ilte nedover på berget. Hundefilla tok ikkje tukt i ei sådan stund, og sauen, som aldri før hadde opplevd noko så nifst, hoppa beint på sjøen og la på sum mot Tysneslandet. Me stod hjelpelause att, kjefta på hunden, som omsider hadde roa seg, men fatta ikkje korleis me skulle hjelpe sauen. Han seig lenger og lenger ut, endå eg vil tru det var den første symjeturen hans. Men heldigvis for både oss og smalebeistet kom det forbi ein kar i ein påhengs. Han lingsa sauen om bord i båten og fekk han på land. Me venta oss kva som helst om aktløyse og uvitug hundehald, men gubben valde heller å snakke nedlatande om sauen: "Dei har jo ikkje hjerne, desse beista!"

fredag 23. april 2010
JERNBRYLLAUP OG SNØKAVE
Det første fekk ikkje mamma og pappa oppleve. I dag er det sytti år sidan dei gifte seg. Dette skreiv eg såpass mykje om i april i fjor at eg berre viser til det.
Og sjølv sit eg her og gremmar meg over snøen som kjem dalande. Når me ikkje får over oss oske, så sender dei snø. Bloggkamerat Gunnar seier at det ikkje er oske som kjem no, fordi det er kvitt. (Sjå kommentaren han skreiv i går.) Sjølv om argumentet ikkje held, har han nok rett. Eit nytt døme på at ein kan ha rett sjølv om argumenta ikkje held. Ein annan variant av den same syllogistiske bresten er når argumenta er haldbare og konklusjonen steinhakkande gale. Men det let me liggje.
No både håpar og trur eg at me kjem oss av garde måndag til Barcelona, viss det då ikkje vert svære snøhindringar på Flesland - eller kanskje der sør? Me har tre søner. Dei to yngste fekk oppleve studieturar til Praha i ung alder og har masa på oss om å vitje denne vakre byen. Det gjorde me for første gong i september. Gutane hadde rett, det er ein flott by! Den eldste guten har Barcelona som "sin" by og har vore der fleire gonger. Han har spurt oss fleire gonger korfor me ikkje reiser dit når me tek oss ein utanlandstur. Dette er ein viktig grunn til at me fer til Barcelona denne gongen. Og etter det me har lese oss til og høyrt om byen, trur me ikkje at me skal angre.
I morgon føremiddag begynner me reisa med ei helg i Bekkjarvik og derifrå måndag til Flesland. Og eg tek ikkje med datamaskin, så du treng ikkje leite etter ny blogg på vel ei veke.

torsdag 22. april 2010
OSKEDRAMAET
Då me gjekk til sengs i går, kjende me oss endeleg litt sikrare på at oskedramaet i lufta var over, og at flygingane kunne kome i normalt gjenge. For måndag må det vere oskereint om me skal få gjennomført denne barcelonaturen som me har gledd oss til. Så vakna me i dag tidleg til ein ny nasestyvar: Flesland og fleire andre flyplassar var stengde i føremiddag. Det låg att litt oske langs norskekysten. Vel, no går me straks og legg oss, spennande kva dei seier i morgon. Kanskje Katla, som alle pessimistar og geologar ventar på, skal blåse i nasen og gjere livet surt for islendingar, flypassasjerar og folk i reiselivsbransjen.
Me har innnretta oss i ein sårbar vev av skjøre livstrådar, og dette er nok ei påminning om at historia ikkje er fastlagd ein gong for alle. Det kan skje svære omveltningar som me vanskeleg kan spå. Kven hadde trudd for eit par veker sidan at det største samanbrotet av europeisk samferdsel etter andre verdskrigen skulle oppstå så brått? Viss me ikkje kjem oss til Barcelona, skal eg gruble meir på dette, men dersom alt går vel, gløymer eg vel heile problemstillinga.

onsdag 21. april 2010
ETTER HESTEN
I dette diktet frå Guten og grenda (1945) skildrar Jakob Sande ein fjelltur sommars tid. "Mest kvar einaste morgon med' slåtten stod på (...)" laut han grytidleg til fjells etter øyken. Eg spør no kva slags jordbruk dei dreiv i klokkargarden i Dale når dei kunne sende hesten til fjells dagleg. Det kunne ikkje me ta oss tid til. Men mellom onnene fekk merra nokre dagars ferie og vart sleppt i marka. Då kunne ho vandre til fjells i lag med granneøykene og nyte fridom og fjelluft. Likså ofte gjekk dei i låglandet og var lette å treffe når me rusla gamle postvegen til skogs.
Eg måtte òg hente merra stundom, og eg har eit minne til at eg gjekk og kvidde meg på om eg greidde å finne det rette dyret. Merrane var no temmeleg like, tykte eg, det var annleis med papen som sikkert på ein blunk kunne ha plukka ut merra si blant alle merrar i heile Sunnfjord viss dei hadde vore samla.
Innanfor Vellegrinda stod ein øykeflokk og blés i nasane, og etter nøye gransking tok eg den merra eg trudde måtte vere vår. Eg la grima på og labba på heimveg med merra etter meg. Eg var ei aning spent; det skulle ta seg ut om eg kom heim med feil merr. Merra følgde med, men var slett ikkje så entusiastisk som øyken til Jakob Sande då han vart henta, spesielt då dei nærma seg heimetunet og hesten la på tråv.
Heldigvis var det rett merr eg kom heim med, eg nemnde sjølvsagt ikkje den nagande tvilen, og papen forstod aldri at eg kunne lure på noko så sjølvsagt.
tirsdag 20. april 2010
MERRAR PÅ MORGONTUR
Det å ta seg ein lett joggetur før frukost, er ein freistande tanke som eg har leika med mang ein gong, men sjeldan realisert. Kanskje det hende på slutten av åttitalet og førstninga av nittitalet; dei åra eg var ein ivrig joggar og konkurransespringar.
Ein tidleg morgon tenkte gamlemerra at det hadde vore fint med litt mosjon på morgonkvisten. Difor smatt ho ut av grima ho var festa med, lirka opp stalldøra og kom seg på frifot. Men det å gå morgontur åleine er litt stussleg, tenkte ho. Så då tok ho vegen ned til Finn-stallen og hjelpte finnmerra ut. I roleg joggefart for dei i lag ned Gòta og ut på bryggja, der dampen var ventande inn grytidleg om morgonen.
Og då Audun Hustveit kom syklande ut for å ekspedere dampen, stod begge merrane på bryggjekanten og nikka, mens Atløy kom tutande og prustande til kaia med mjølsekker og dagens post i lasta.

mandag 19. april 2010
GAMLEMERRA
Det er på tide at nokon skriv om gamlemerra me hadde då eg voks opp. Stundom fleipar eg med at det einaste eg kan, er kunnskapar som er unyttige. Som å sele på ein øyk eller å renne opp og hesje i hesjar. Eller statsministerrekkja vår sidan 1873.
Men tilbake til gamlemerra. Eg trur det er eg som lyt skrive om henne. Papen er den som hadde kunna fylt ei bok om den kjære øyken sin. Mamma kunne ha supplert. Men dei er begge døde. Brørne mine burde ha kunna skrive side opp og side ned, men vil sikkert seie at dei hugsar så lite. Syster Liv hugsar knapt dyret og har aktverdige grunnar til det; ho var fem år då merra forlét oss. Forresten har eg skrive om merra i bloggar i fjor:
http://reidarfk.blogspot.com/2009/01/yker-i-valo-og-flekke.html
http://reidarfk.blogspot.com/2009/02/tobba.html
Gjennom heile barndommen til meg og brørne mine var merra eit fast inventar på garden. Ho vart fødd våren 1941 i Gara (grannetunet) og fekk namnet Bergfrid etter faren, som heitte noko slikt som Berg og var ein spenstig avlshingst. Eigentleg syntest eg ho var litt arrogant, ho såg surt på meg og stritta imot når eg skulle hente henne og spenne henne for høyvogna. Viss ho sprang fritt på beite, var det slett ikkje alltid ho ville late seg ta av andre enn eigarmannen, papen. Ein gong ville ikkje ho at papen skulle ta henne heller, heilt til ho steig på foten til bror Steinar, men då stod ho og planta foten hans fast i bakken. Som å stadfeste kven som eigentleg var sjefen.
Eg forstår henne godt. Å dra ei slåmaskin måtte vere ein einsformig, slitsam og keisam jobb. Og keisamt var det nok å dra ei harv, om ikkje fullt så tungt. Då var det litt meir spenning og variasjon å dra høyvogn eller vere i skogen og dra fram ved.
Ho hadde nok føl i yngre år, men dei hugsar eg knapt. Men i moden alder - eg snakkar om tmidten av femtitalet - vart ho atter sett i avl, og tre år på rad kom det tre føl i tur og orden, først to merraføl, deretter eit hesteføl. Og kva gjer ein hestekar som er vel så kry av ungane sine som av andrepremimerra og føla hennar? Føla vart kalla opp, først Arna, så Steina og til sist Reidar. Litt uvanlege øykenamn, spesielt dei kvinnelege. Men dei fungerte. Då tida var mogen og det var kjøparar å finne, vart dei veksla om til kontantar. Arna hamna i Tyskland, var det sagt. Kvar dei andre vart av, veit eg ikkje. Og no er dei nok forlengst sameina med mora si i Edens hestehage, der dei går og beitar fredeleg side om side, mettar seg på frisk og saftig hå og veiftar fly og fluger vekk med rova.

søndag 18. april 2010
DEN FRUKTBARE MÅNADEN
Det var ikkje berre Bjørnson som valde seg april. At hans val fall på denne månaden, kom seg visstnok av at det berre var april som stod att då han skulle skrive eit kalenderdikt han var invitert til. Namnet april er mystisk. Det vil seie: Opphavet er noko uklart. Månadsnamna fram til og med august er inspirerte av romerske gudar og mektige menn. Dei fire siste kjem av tala sju, åtte, ni og ti, altså nummerering av månadene i den tida det var berre ti månader i året. April skil seg ut. Dei lærde er ikkje sikre, men kanskje kjem april av det latinske aperire, som tyder å opna. Det kan hanga saman med at blomar sprett og naturen opnar seg til ny vår og sommar.
Det gjer også kvinnene, og ut kjem nusselege, små ungar. Det er i april me har flest fødslar her i landet. Trur eg nokså sikkert. Iallfall meinte eg at eg kunne prova det i 1967. Eg samla bursdagar i den sjuande sansen min, og han ligg her attmed dataskjermen. I april hadde eg 30 noteringar. I mars var det 15, i mai var det 18. I november var det nede i 11. Utanom april var det jamn spreiing på dei andre månadene.
Så for meg ser det ut som om menneskefødslane har ein viss samanheng med lemminga. Men berre ein viss. Av grunnar som eg ikkje kan forklare så godt, finn vi hos homo sapiens sapiens ei viss spreiing over heile året, men sauene er meir (men ikkje heilt) konsekvent vårbære. Spør Harald Eia om dette har biologiske eller miljømessige årsaker. Kanskje sauene òg hadde fått til ein større variasjon viss dei hadde utvikla ein kultur for det?

lørdag 17. april 2010
GRÅVERSDAG
I grunnen skulle eg ha vore ute og pusla i hagen. Eg skulle ha grave opp dei små løvetannspirene som no etter kvart stikk opp av bakken. Det plar eg gjere kvar vår. Men i dag er det så surt og grått at me sit inne. Eg skulle ha gått ut og fylt jord i små potter, sådd og planta, t.d. gladiolknollane som eg tok opp i haust. Dei skulle ha fått stått inne til spiring før dei skal i jorda ute med muren. Men det er så surt at eg kvir meg på å gå ut. Det er meir ugras i skråningen opp mot vegen, sjølv om me gjorde ein god innsats der for nokre dagar sidan. Men i dag lyt det få stå. Det er så surt ute. Til og med ugraset vantrivst og veks saktare. Det er ei trøyst. I morgon vert det endå kaldare, kanskje me får snø. Då skal eg iallfall ikkje ut i hagen. Det blir altfor surt til det, og eg vert meir og meir pysete.
Og viss ikkje vulkanskyene fjernar seg snart, går barcelonaturen i vasken. Då vert det endå surare. Får heller drøyme om den varme vårdagen for eit år sidan om fem dagar. Midt i april eksploderte våren, og den 22. april var det slik:
torsdag 15. april 2010
KVA SKAL ME MED ISLAND?
Forbaska filleøy som ligg der ute og spyr røyk, småstein og oske høgt til vêrs slik at me ikkje får flyge lenger. Og kva viss flya ikkje kjem i lufta innan elleve dagar, kva då med barcelonaturen vår? Først svir islendingane av millardar i rotne bankar, så stansar dei all flytrafikk i Nordvesteuropa, og i tillegg sit fotballaget Brann med opptil fleire islendingar (iallfall to) som er medskuldige i botnplasseringa laget har hamna på.
Kva var det sunnfjordingen Ingolfr (i det dåverande Fjaler) tenkte på då han heiv høgsetestolpane i sjøen og slo seg ned der dei rak i land på denne ubygde øya i ei vik der det steig opp røyk or jorda? Berre for at han no kan stå i to utgåver på sokkel og skode ut på sjøen i Rivedal og Reykjavik?
For førtiseks år sidan var eg på veg til Amerika og mellomlanda seint på kvelden på ein liten flyplass ved Reykjavik. Me vart skyssa inn til byen, plasserte på ein kafé eller noko slikt, og fekk fortalt at me sikkert måtte vente ein liten time. Ei stund seinare kom det ny melding: Vent to timar til. Utpå natta kom det endå ei kunngjering: Ny forseinking, fire timar til. Først utpå morgonkvisten kom me på lufta. Men så fekk eg tid og høve til å rusle rundt i den nattstille byen i den grålyse sommarnatta, eg såg Ingolfr der han stod og myste utover, eg undra meg over dei klingande gatenamna, eg takka skjebnen for at eg fekk med meg litt av denne øya og denne byen. Eg burde vel ha uroa meg meir over korrespondansen vestover frå Kennedy-flyplassen i New York til Minneapolis, for flyet eg skulle ta vidare, var sjølvsagt uråd å nå for meg.
Så letta me, ja, men ikkje beint til havs; me fauk berre ein liten stubb og til Keflavik, der det og gjekk eit par timar før me endeleg tok kursen over Nordatlanteren. Men eg kom meg fram. Neste natt (tidleg morgon heime) kom Dave og plukka meg opp på flyplassen ved Minneapolis.
Og kva med heimferda seks veker seinare? Den turen gjekk utan komplikasjonar, og me sveva jamvel rett over Surtsey. Ei øy som hadde dukka opp or havet etter eit vulkanutbrot året før. Eg såg rett ned i eldmørja. Litt av eit land. Hadde ikkje islendingane skrive og teke vare på den gamle historia vår, er eg slett ikkje sikker på om Noreg hadde vore ein sjølvstendig nasjon i dag. Ære vere Island!

tirsdag 13. april 2010
FLYULUKKER
Den tragiske flyulukka i Russland har gjort eit sterkt inntrykk, og først og fremst fordi så mange prominente polakkar miste livet. Flyulukker set ofte sterke spor i folk, og mange er redde for å fly. Jamvel om det er mykje større sjanse for å omkomme på vegane.
I eit album heime var det eit prospektkort av ei fjellside med eit innteikna kryss og ein lakonisk tekst nedst på kortet: Lihesten. Havørns skjebne. Her i nabokommunen vår styrta eit fly allereie i 1936, den første store flyulukka her i landet. Sju menneske omkom.
I ei anna nabobygd (Lavikdalen) låg det restar etter eit tysk kampfly som vart nedskote under krigen. Me var på skuletur opp dit då eg gjekk i småskulen og såg mellom anna det som var att av flyrestane. Det var spennande og nifst.
Endå nifsare var det då Anne og eg var nett heimkomne frå Mallorca før jul i 1972. (Nei, det var ikkje vanleg at me tok ut på langtur i den tida. Det var vår første utanlandstur i lag, og me kom oss ikkje til utlandet att før i 1980 med englandsbåten.) Då me kom heim, fekk ikkje flyet lande på Fornebu og vart omdirigert til Gardermoen på grunn av tett skodde. Der og då var me nokså irriterte fordi me ikkje rakk nattoget til Bergen. Men nokre få dagar etterpå, på veslejulafta, styrta eit fly like ved Fornebu og 40 passasjerar omkom. Så det var nok det beste å bli omdirigert.
Mens eg var i militæret og sat på vakt på opsrommet på Bodø flystasjon, tok eg plutseleg ein dag imot ei melding om at to jetjagarar hadde styrta i ein fjellvegg. Det vart eit oppstyr utan like, og ei tung stemning på oss. Flygarane omkom. Kjentfolk. Ein annan flygar, ein særs venleg og hyggjeleg kar som eg delte vakt med juledagane i 1970, styrta og miste livet eit par år seinare, såg eg i ei avis. Aller verst var å lese om ein annan flygar i Bodø, ein jovial kaptein som flaug "mjølkeruta" - ei fast militærrute med Twin-otter frå Bodø og nordover ein gong i veka. Alle visste at han supa litt undervegs, til dømes når han hadde pause i Tromsø, tok han seg gjerne eit par øl før han returnerte. Året etter at eg hadde dimma, styrta flyet i ein fjellvegg og sytten menneske omkom.
Ei gammal kjerring heime i Flekke reagerte skarpt på nyhendet om ei flyulukke der fleire kvinner miste livet. Det ho stussa mest på, var at vaksne kvinnfolk for og rak på den måten. "Kunne'kje dei ha halde seg i ro på ræva, fått fat i litt ull og sett seg ned og kara og spunne som andre kvinnfolk, så hadde dei sloppe ditta!" meinte ho.
Men snart skal Anne og eg ut på flytur til Barcelona. Det vil helst gå bra. Me elskar å reise med fly.

mandag 12. april 2010
FLESKEPRODUKSJON OG HAGEBRUK
I dag var ein ny strålande vårdag med stabil sol frå morgonen av. Til all lukke var eg pensjonist i dag og slapp gå på skulen. I staden har eg vore heime og gjort noko nyttig. Etter frukosten (som vart rikeleg lang med kaffi og avis på terrassen) gjekk eg i gang med å fyre opp røykeriet til nabo Per. For to-tre månader sidan sikra eg meg eit par av dei aller, aller siste stykka med familieribbe som var å få kjøpt i butikkane på Husnes. Før helga fiska eg dei opp or frysen og la dei i salt. I dag har dei hange i røykhuset og vorte omdanna til det flottaste steikeflesk. Håpar eg. Eg vil ikkje kalle det bacon, den engelske varianten er dvaskare etter min smak, og då er det snakk om lauvtynne skiver som nesten forsvinn mellom tennene. Men helst skulle eg ha hatt tynnribbe. Så snart dei første tynnribbene dukka opp i frysediskane før jul, var eg der, kjøpte eit par-tre beinfattige store flak og gjennomførte den same prosedyren med salting og røyking. No har me ete opp mesteparten, til speilegg, lutefisk og fleskepannekaker. Tynnribbene eignar seg nok betre enn familieribbene, som er litt for tjukke. Men eg vonar me vert rimeleg fornøgde, det var berre dei eg fekk tak i då eg slo til vinter.
Men det største arbeidet på denne solrike vårdagen har me lagt ned i hagen, med rydding og luking, grafsing og raking. Dei som ikkje skjønar kva slikt arbeid går ut på, får prøve å finne ei hageside på internett eller eit vekeblad og lese seg opp.

søndag 11. april 2010
GRILLING OG SUNDAGSARBEID
Skjerp deg, Reidar, du har ikkje blogga på over ei veke og berre ein gong i april. Du må forstå at lesarane mister interessa viss dei gong på gong er innom og ikkje finn noko nytt.
Denne helga gjorde våren eit skikkeleg gjennombrot med kaskadar med sol, fleire og fleire blømande påskeliljer og nye grøne spirer. Me burde ha satsa tungt på hagearbeid. Men først laut eg fikse grillen, så mesteparten av laurdagen gjekk til det arbeidet. Me har ein tønnegrill, og han ser ut som ei svart tønne som er kløyvd på midten og står på eit stativ med fire føter. Me lyfter opp øvre halvdelen og har grillkol og rist i underdelen. No var denne delen av tønna godt rusta på undersida og elles rundt omkring både her og der. Eg bukserte grillen ut or kjellaren og opp på plenen. Der vart boss og skit behørig fjerna, deretter gjekk eg laus med noko rustfjerningsmiddel som dukka opp i ei kjellarhylle. Så feste eg ein stålskrubb på drillen, og drill mot grill freste vekk laus rust. Til sist gjekk fekk tønna seg ein omgang med svart lakk på boks, kjøpt på Europris. Eg laut jamvel til Husnes og kjøpe ein ny lakkboks, og i same farten panta eg flasker, plukka med meg ei flaske vin til rekene me åt i går kveld, margarin, ei avis og sommarkotelettar til den nyoverhalte grillen i dag. No er han altså prøvekøyrd og står der framleis, svart som arvesynda, men blank som ein engel.
Sundagen har eg mellom anna brukt til to arbeid: Eg har fjerna ikkje så lite drit og mose frå stovetaket, og eg har skifta dekk på bilen. Spesielt dette første tok si tid, så eg har nytta sabbaten godt denne gongen.
Dei siste åra mamma levde, ringde eg nesten kvar sundagskveld og prata. Eit innslag som gjekk att i sundagssamtalane våre, var at eg greidde ut om kva eg hadde gjort den dagen, og mamma kommenterte det at eg dreiv med sundagsarbeid. Då forsvarte eg meg med at sjølvaste Jesus og den lurvete flokken hans gjekk og trakka i åkrane om sundagane og stal korn som dei åt. Og at han sa til farisearane: "Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for sabbaten skuld." (Mark. 2, 27.) "Jaja," sa mamma og skratta.

søndag 4. april 2010
PÅSKEDAG
Desse linjene kjem ikkje til å handle om noko anna enn nett det me har putla med i påskehelga. Me har vore heime sidan tysdag, og vêret har ikkje nett invitert oss ut i naturen meir enn høgst nødvendig. Så det har handla mest om kryssord, påskekrim på TV, eting og latmannsliv. I går var me forresten ute og onna i hagen nokre timar. Fredags kveld var me hos Anna og Anfinn i Porsvika saman med eit par andre par og åt pizza og kaker pluss raudvin og kaffi. Sidan mange i laget har sine helseproblem, var samtaleemna gitt. I går kveld hadde me vår tradisjonelle rømmegraut med nyspretta spekekjøtlår som me har salta, røykt og spekt her heime. Og no spreier angen frå lammesteika seg i heile huset. Ute blæs det så det uler, så nokon luftetur er ikkje særleg forlokkande. Det vert sikkert meir kryssord i staden. I morgon tek det heile slutt - eg meiner påskeferien - og Tore pakkar sekken sin og fer til by'n for å sjå Brann-kamp på fjernsynet før helga for godt er omme.
Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
God påske!

Abonner på:
Innlegg (Atom)