Det å ta seg ein lett joggetur før frukost, er ein freistande tanke som eg har leika med mang ein gong, men sjeldan realisert. Kanskje det hende på slutten av åttitalet og førstninga av nittitalet; dei åra eg var ein ivrig joggar og konkurransespringar.
Ein tidleg morgon tenkte gamlemerra at det hadde vore fint med litt mosjon på morgonkvisten. Difor smatt ho ut av grima ho var festa med, lirka opp stalldøra og kom seg på frifot. Men det å gå morgontur åleine er litt stussleg, tenkte ho. Så då tok ho vegen ned til Finn-stallen og hjelpte finnmerra ut. I roleg joggefart for dei i lag ned Gòta og ut på bryggja, der dampen var ventande inn grytidleg om morgonen.
Og då Audun Hustveit kom syklande ut for å ekspedere dampen, stod begge merrane på bryggjekanten og nikka, mens Atløy kom tutande og prustande til kaia med mjølsekker og dagens post i lasta.
tirsdag 20. april 2010
mandag 19. april 2010
GAMLEMERRA
Det er på tide at nokon skriv om gamlemerra me hadde då eg voks opp. Stundom fleipar eg med at det einaste eg kan, er kunnskapar som er unyttige. Som å sele på ein øyk eller å renne opp og hesje i hesjar. Eller statsministerrekkja vår sidan 1873.
Men tilbake til gamlemerra. Eg trur det er eg som lyt skrive om henne. Papen er den som hadde kunna fylt ei bok om den kjære øyken sin. Mamma kunne ha supplert. Men dei er begge døde. Brørne mine burde ha kunna skrive side opp og side ned, men vil sikkert seie at dei hugsar så lite. Syster Liv hugsar knapt dyret og har aktverdige grunnar til det; ho var fem år då merra forlét oss. Forresten har eg skrive om merra i bloggar i fjor:
http://reidarfk.blogspot.com/2009/01/yker-i-valo-og-flekke.html
http://reidarfk.blogspot.com/2009/02/tobba.html
Gjennom heile barndommen til meg og brørne mine var merra eit fast inventar på garden. Ho vart fødd våren 1941 i Gara (grannetunet) og fekk namnet Bergfrid etter faren, som heitte noko slikt som Berg og var ein spenstig avlshingst. Eigentleg syntest eg ho var litt arrogant, ho såg surt på meg og stritta imot når eg skulle hente henne og spenne henne for høyvogna. Viss ho sprang fritt på beite, var det slett ikkje alltid ho ville late seg ta av andre enn eigarmannen, papen. Ein gong ville ikkje ho at papen skulle ta henne heller, heilt til ho steig på foten til bror Steinar, men då stod ho og planta foten hans fast i bakken. Som å stadfeste kven som eigentleg var sjefen.
Eg forstår henne godt. Å dra ei slåmaskin måtte vere ein einsformig, slitsam og keisam jobb. Og keisamt var det nok å dra ei harv, om ikkje fullt så tungt. Då var det litt meir spenning og variasjon å dra høyvogn eller vere i skogen og dra fram ved.
Ho hadde nok føl i yngre år, men dei hugsar eg knapt. Men i moden alder - eg snakkar om tmidten av femtitalet - vart ho atter sett i avl, og tre år på rad kom det tre føl i tur og orden, først to merraføl, deretter eit hesteføl. Og kva gjer ein hestekar som er vel så kry av ungane sine som av andrepremimerra og føla hennar? Føla vart kalla opp, først Arna, så Steina og til sist Reidar. Litt uvanlege øykenamn, spesielt dei kvinnelege. Men dei fungerte. Då tida var mogen og det var kjøparar å finne, vart dei veksla om til kontantar. Arna hamna i Tyskland, var det sagt. Kvar dei andre vart av, veit eg ikkje. Og no er dei nok forlengst sameina med mora si i Edens hestehage, der dei går og beitar fredeleg side om side, mettar seg på frisk og saftig hå og veiftar fly og fluger vekk med rova.

søndag 18. april 2010
DEN FRUKTBARE MÅNADEN
Det var ikkje berre Bjørnson som valde seg april. At hans val fall på denne månaden, kom seg visstnok av at det berre var april som stod att då han skulle skrive eit kalenderdikt han var invitert til. Namnet april er mystisk. Det vil seie: Opphavet er noko uklart. Månadsnamna fram til og med august er inspirerte av romerske gudar og mektige menn. Dei fire siste kjem av tala sju, åtte, ni og ti, altså nummerering av månadene i den tida det var berre ti månader i året. April skil seg ut. Dei lærde er ikkje sikre, men kanskje kjem april av det latinske aperire, som tyder å opna. Det kan hanga saman med at blomar sprett og naturen opnar seg til ny vår og sommar.
Det gjer også kvinnene, og ut kjem nusselege, små ungar. Det er i april me har flest fødslar her i landet. Trur eg nokså sikkert. Iallfall meinte eg at eg kunne prova det i 1967. Eg samla bursdagar i den sjuande sansen min, og han ligg her attmed dataskjermen. I april hadde eg 30 noteringar. I mars var det 15, i mai var det 18. I november var det nede i 11. Utanom april var det jamn spreiing på dei andre månadene.
Så for meg ser det ut som om menneskefødslane har ein viss samanheng med lemminga. Men berre ein viss. Av grunnar som eg ikkje kan forklare så godt, finn vi hos homo sapiens sapiens ei viss spreiing over heile året, men sauene er meir (men ikkje heilt) konsekvent vårbære. Spør Harald Eia om dette har biologiske eller miljømessige årsaker. Kanskje sauene òg hadde fått til ein større variasjon viss dei hadde utvikla ein kultur for det?

lørdag 17. april 2010
GRÅVERSDAG
I grunnen skulle eg ha vore ute og pusla i hagen. Eg skulle ha grave opp dei små løvetannspirene som no etter kvart stikk opp av bakken. Det plar eg gjere kvar vår. Men i dag er det så surt og grått at me sit inne. Eg skulle ha gått ut og fylt jord i små potter, sådd og planta, t.d. gladiolknollane som eg tok opp i haust. Dei skulle ha fått stått inne til spiring før dei skal i jorda ute med muren. Men det er så surt at eg kvir meg på å gå ut. Det er meir ugras i skråningen opp mot vegen, sjølv om me gjorde ein god innsats der for nokre dagar sidan. Men i dag lyt det få stå. Det er så surt ute. Til og med ugraset vantrivst og veks saktare. Det er ei trøyst. I morgon vert det endå kaldare, kanskje me får snø. Då skal eg iallfall ikkje ut i hagen. Det blir altfor surt til det, og eg vert meir og meir pysete.
Og viss ikkje vulkanskyene fjernar seg snart, går barcelonaturen i vasken. Då vert det endå surare. Får heller drøyme om den varme vårdagen for eit år sidan om fem dagar. Midt i april eksploderte våren, og den 22. april var det slik:
torsdag 15. april 2010
KVA SKAL ME MED ISLAND?
Forbaska filleøy som ligg der ute og spyr røyk, småstein og oske høgt til vêrs slik at me ikkje får flyge lenger. Og kva viss flya ikkje kjem i lufta innan elleve dagar, kva då med barcelonaturen vår? Først svir islendingane av millardar i rotne bankar, så stansar dei all flytrafikk i Nordvesteuropa, og i tillegg sit fotballaget Brann med opptil fleire islendingar (iallfall to) som er medskuldige i botnplasseringa laget har hamna på.
Kva var det sunnfjordingen Ingolfr (i det dåverande Fjaler) tenkte på då han heiv høgsetestolpane i sjøen og slo seg ned der dei rak i land på denne ubygde øya i ei vik der det steig opp røyk or jorda? Berre for at han no kan stå i to utgåver på sokkel og skode ut på sjøen i Rivedal og Reykjavik?
For førtiseks år sidan var eg på veg til Amerika og mellomlanda seint på kvelden på ein liten flyplass ved Reykjavik. Me vart skyssa inn til byen, plasserte på ein kafé eller noko slikt, og fekk fortalt at me sikkert måtte vente ein liten time. Ei stund seinare kom det ny melding: Vent to timar til. Utpå natta kom det endå ei kunngjering: Ny forseinking, fire timar til. Først utpå morgonkvisten kom me på lufta. Men så fekk eg tid og høve til å rusle rundt i den nattstille byen i den grålyse sommarnatta, eg såg Ingolfr der han stod og myste utover, eg undra meg over dei klingande gatenamna, eg takka skjebnen for at eg fekk med meg litt av denne øya og denne byen. Eg burde vel ha uroa meg meir over korrespondansen vestover frå Kennedy-flyplassen i New York til Minneapolis, for flyet eg skulle ta vidare, var sjølvsagt uråd å nå for meg.
Så letta me, ja, men ikkje beint til havs; me fauk berre ein liten stubb og til Keflavik, der det og gjekk eit par timar før me endeleg tok kursen over Nordatlanteren. Men eg kom meg fram. Neste natt (tidleg morgon heime) kom Dave og plukka meg opp på flyplassen ved Minneapolis.
Og kva med heimferda seks veker seinare? Den turen gjekk utan komplikasjonar, og me sveva jamvel rett over Surtsey. Ei øy som hadde dukka opp or havet etter eit vulkanutbrot året før. Eg såg rett ned i eldmørja. Litt av eit land. Hadde ikkje islendingane skrive og teke vare på den gamle historia vår, er eg slett ikkje sikker på om Noreg hadde vore ein sjølvstendig nasjon i dag. Ære vere Island!

tirsdag 13. april 2010
FLYULUKKER
Den tragiske flyulukka i Russland har gjort eit sterkt inntrykk, og først og fremst fordi så mange prominente polakkar miste livet. Flyulukker set ofte sterke spor i folk, og mange er redde for å fly. Jamvel om det er mykje større sjanse for å omkomme på vegane.
I eit album heime var det eit prospektkort av ei fjellside med eit innteikna kryss og ein lakonisk tekst nedst på kortet: Lihesten. Havørns skjebne. Her i nabokommunen vår styrta eit fly allereie i 1936, den første store flyulukka her i landet. Sju menneske omkom.
I ei anna nabobygd (Lavikdalen) låg det restar etter eit tysk kampfly som vart nedskote under krigen. Me var på skuletur opp dit då eg gjekk i småskulen og såg mellom anna det som var att av flyrestane. Det var spennande og nifst.
Endå nifsare var det då Anne og eg var nett heimkomne frå Mallorca før jul i 1972. (Nei, det var ikkje vanleg at me tok ut på langtur i den tida. Det var vår første utanlandstur i lag, og me kom oss ikkje til utlandet att før i 1980 med englandsbåten.) Då me kom heim, fekk ikkje flyet lande på Fornebu og vart omdirigert til Gardermoen på grunn av tett skodde. Der og då var me nokså irriterte fordi me ikkje rakk nattoget til Bergen. Men nokre få dagar etterpå, på veslejulafta, styrta eit fly like ved Fornebu og 40 passasjerar omkom. Så det var nok det beste å bli omdirigert.
Mens eg var i militæret og sat på vakt på opsrommet på Bodø flystasjon, tok eg plutseleg ein dag imot ei melding om at to jetjagarar hadde styrta i ein fjellvegg. Det vart eit oppstyr utan like, og ei tung stemning på oss. Flygarane omkom. Kjentfolk. Ein annan flygar, ein særs venleg og hyggjeleg kar som eg delte vakt med juledagane i 1970, styrta og miste livet eit par år seinare, såg eg i ei avis. Aller verst var å lese om ein annan flygar i Bodø, ein jovial kaptein som flaug "mjølkeruta" - ei fast militærrute med Twin-otter frå Bodø og nordover ein gong i veka. Alle visste at han supa litt undervegs, til dømes når han hadde pause i Tromsø, tok han seg gjerne eit par øl før han returnerte. Året etter at eg hadde dimma, styrta flyet i ein fjellvegg og sytten menneske omkom.
Ei gammal kjerring heime i Flekke reagerte skarpt på nyhendet om ei flyulukke der fleire kvinner miste livet. Det ho stussa mest på, var at vaksne kvinnfolk for og rak på den måten. "Kunne'kje dei ha halde seg i ro på ræva, fått fat i litt ull og sett seg ned og kara og spunne som andre kvinnfolk, så hadde dei sloppe ditta!" meinte ho.
Men snart skal Anne og eg ut på flytur til Barcelona. Det vil helst gå bra. Me elskar å reise med fly.

mandag 12. april 2010
FLESKEPRODUKSJON OG HAGEBRUK
I dag var ein ny strålande vårdag med stabil sol frå morgonen av. Til all lukke var eg pensjonist i dag og slapp gå på skulen. I staden har eg vore heime og gjort noko nyttig. Etter frukosten (som vart rikeleg lang med kaffi og avis på terrassen) gjekk eg i gang med å fyre opp røykeriet til nabo Per. For to-tre månader sidan sikra eg meg eit par av dei aller, aller siste stykka med familieribbe som var å få kjøpt i butikkane på Husnes. Før helga fiska eg dei opp or frysen og la dei i salt. I dag har dei hange i røykhuset og vorte omdanna til det flottaste steikeflesk. Håpar eg. Eg vil ikkje kalle det bacon, den engelske varianten er dvaskare etter min smak, og då er det snakk om lauvtynne skiver som nesten forsvinn mellom tennene. Men helst skulle eg ha hatt tynnribbe. Så snart dei første tynnribbene dukka opp i frysediskane før jul, var eg der, kjøpte eit par-tre beinfattige store flak og gjennomførte den same prosedyren med salting og røyking. No har me ete opp mesteparten, til speilegg, lutefisk og fleskepannekaker. Tynnribbene eignar seg nok betre enn familieribbene, som er litt for tjukke. Men eg vonar me vert rimeleg fornøgde, det var berre dei eg fekk tak i då eg slo til vinter.
Men det største arbeidet på denne solrike vårdagen har me lagt ned i hagen, med rydding og luking, grafsing og raking. Dei som ikkje skjønar kva slikt arbeid går ut på, får prøve å finne ei hageside på internett eller eit vekeblad og lese seg opp.

søndag 11. april 2010
GRILLING OG SUNDAGSARBEID
Skjerp deg, Reidar, du har ikkje blogga på over ei veke og berre ein gong i april. Du må forstå at lesarane mister interessa viss dei gong på gong er innom og ikkje finn noko nytt.
Denne helga gjorde våren eit skikkeleg gjennombrot med kaskadar med sol, fleire og fleire blømande påskeliljer og nye grøne spirer. Me burde ha satsa tungt på hagearbeid. Men først laut eg fikse grillen, så mesteparten av laurdagen gjekk til det arbeidet. Me har ein tønnegrill, og han ser ut som ei svart tønne som er kløyvd på midten og står på eit stativ med fire føter. Me lyfter opp øvre halvdelen og har grillkol og rist i underdelen. No var denne delen av tønna godt rusta på undersida og elles rundt omkring både her og der. Eg bukserte grillen ut or kjellaren og opp på plenen. Der vart boss og skit behørig fjerna, deretter gjekk eg laus med noko rustfjerningsmiddel som dukka opp i ei kjellarhylle. Så feste eg ein stålskrubb på drillen, og drill mot grill freste vekk laus rust. Til sist gjekk fekk tønna seg ein omgang med svart lakk på boks, kjøpt på Europris. Eg laut jamvel til Husnes og kjøpe ein ny lakkboks, og i same farten panta eg flasker, plukka med meg ei flaske vin til rekene me åt i går kveld, margarin, ei avis og sommarkotelettar til den nyoverhalte grillen i dag. No er han altså prøvekøyrd og står der framleis, svart som arvesynda, men blank som ein engel.
Sundagen har eg mellom anna brukt til to arbeid: Eg har fjerna ikkje så lite drit og mose frå stovetaket, og eg har skifta dekk på bilen. Spesielt dette første tok si tid, så eg har nytta sabbaten godt denne gongen.
Dei siste åra mamma levde, ringde eg nesten kvar sundagskveld og prata. Eit innslag som gjekk att i sundagssamtalane våre, var at eg greidde ut om kva eg hadde gjort den dagen, og mamma kommenterte det at eg dreiv med sundagsarbeid. Då forsvarte eg meg med at sjølvaste Jesus og den lurvete flokken hans gjekk og trakka i åkrane om sundagane og stal korn som dei åt. Og at han sa til farisearane: "Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for sabbaten skuld." (Mark. 2, 27.) "Jaja," sa mamma og skratta.

søndag 4. april 2010
PÅSKEDAG
Desse linjene kjem ikkje til å handle om noko anna enn nett det me har putla med i påskehelga. Me har vore heime sidan tysdag, og vêret har ikkje nett invitert oss ut i naturen meir enn høgst nødvendig. Så det har handla mest om kryssord, påskekrim på TV, eting og latmannsliv. I går var me forresten ute og onna i hagen nokre timar. Fredags kveld var me hos Anna og Anfinn i Porsvika saman med eit par andre par og åt pizza og kaker pluss raudvin og kaffi. Sidan mange i laget har sine helseproblem, var samtaleemna gitt. I går kveld hadde me vår tradisjonelle rømmegraut med nyspretta spekekjøtlår som me har salta, røykt og spekt her heime. Og no spreier angen frå lammesteika seg i heile huset. Ute blæs det så det uler, så nokon luftetur er ikkje særleg forlokkande. Det vert sikkert meir kryssord i staden. I morgon tek det heile slutt - eg meiner påskeferien - og Tore pakkar sekken sin og fer til by'n for å sjå Brann-kamp på fjernsynet før helga for godt er omme.
Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
God påske!

torsdag 25. mars 2010
PÅSKEFERIE
Alt no? Ja, i dag pakka eg sekken min, vende ryggen til Kvinnherad vidaregåande skule for å feriere i elleve dagar. Tysdag etter påske er det på'an igjen. Me har ei ordning med "langfredagar", som eg likar å kalle dei, altså eit påskefarga namn med assosiasjonar til liding. Somme fredagar har ein del av oss undervisning med same klassen i same faget i sju lange timar, men sidan verda og ikkje minst skulen er rettferdig, har me då fri - eller avspasering - enkelte fredagar.
Så sist fredag hadde me eit svært opplegg i samfunnskunnskap som munna ut i at elevane etter ei samtale- og førebuingsøkt sat og skreiv i fem klokketimar om væpna konfliktar i denne vonde, urettferdige verda vår. Straffa eg fekk for denne botsøvinga var at eg sat att med nokre og tjue maskinskrivne avhandlingar, kvar på tre-fire tette sider i snitt. Men i dag fekk dei tilbake produkta, og eg tok ferie.
I morgon skal Anne og eg til Bekkjarvik og vere nokre dagar. Etter kvart dukkar dei to yngste sønene våre opp der og. Men så fer dei kvar til sitt, og Anne og eg fer heim og feirar sjølve påsken her. Viss ikkje noko heilt uventa skjer, og det gjer det heilt sikkert ikkje. Så då får blogglesarane mine (om dei finst) ha ei gild palmehelg!

tirsdag 23. mars 2010
TURKETID FØR OG NO
Det er på tide å gjere opp status for den lange turketida me hadde i vinter. Som eit utgangspunkt for refleksjonar omkring emnet siterer eg meg sjølv med ein stil som handlar om den turre vinteren 1961. Me ser at her er parallellar med denne vinteren, men på to punkt har stoda vore annleis. Me har iallfall hatt snø i vinter. Og så brukte dei ikkje prismekanismane for å regulere straumforbruket. Elles er alt med, både om gamle folk på hålka og om vatn i dasset. Eg siterer ordrett og tek ikkje med lærar Olav K. Strand sine velmeinte rettingar. Så kva meinte realskuleelev Reidar, 15 år for snart femti år sidan?
Fortel om dei vanskar og ulemper den lange turketida skapte denne vinteren.
Dei siste åra har det sett ut som det minkar med nedbøren. Gamle folk talar ofte om dei snørike vintrane i deira ungdom, og det er kanskje mykje sant i det. Mykje tyder på at vi er inne i eit nytt klimskifte. Dei siste par vintrane har det vore uvanleg lite snø, og den lange turketida siste vinteren skapte mange ulemper.
På grunn av for lite vasstilsig til kraftmagasina har elektrisitetsverka vore nøydde til å føre inn straumsparing, og mange stader utkopling. Vanlege folk har ikkje noko særleg vondt av å spare straum, men litt verre er det ved utkopling. Særleg for dei som berre har elektrisk oppvarming og koking. Men dei ymse verksemdene vert hardt råma av utkopling. Dei må innskrenke produksjonen, og oppseie arbeidarar. Dermed aukar arbeidsløysa, og både fabrikkeigarane, arbeidarane, stat og kommune taper pengar. Det same skjer der industrien er avhengig av stor vasstilførsle.
Vassmangelen var og stor mange stader i vinter. Vi kan ikkje greie oss utan vatn, som dagleg vert nytta til vasking og i klosett, og til matlaging. Og turken førde til vassrasjonering, som kanskje gjekk utover reinhaldet.
Når gatelysa vert sløkte, kan det hende ulukker på vegane. Især gamle folk som har vanskar med synet kan lett dette og slå seg.
I skogen skapte snømangelen og vanskar. Der vegane er dårlege, pla ein køyre tømmeret fram på snøføret. Og i vinter vart dette arbeidet mange stader seinka.
Og når så tømmeret skal fløytast ned til sagbruket eller fabrikken, må elvane helst vere store, noko dei ikkje vert når det har vore nedbørsmangel om vinteren.
Ellers sakna nok mange unge snøen i vinter, sjølv om dei ikkje direkte hadde vondt av det.
Kva skal ein gjere for å stå budd når ein turkeperiode set inn? Det er mange ubrukte kraftkjelder som godt kunne utbyggjast, så dersom det vart bygt fleire kraftverk ville vi sleppe utkopling. Verre er det med vassmangelen. Ein må då ha reservebasseng, som vert sett inn når hovudbassenget er tomt.

søndag 21. mars 2010
VÅRJAMDØGN
Endeleg gjer våren sitt gjennombrot. Denne vinteren vart uvanleg seig og kvit. Slike vintrar er det lenge sidan me har hatt. Men dagen i dag har vore mjukare enn det me har gjennomgått dei siste månadene. Rett nok kom det ein smule yr på føremiddagen. Etter kvart letna det, men sola dei lova oss, kom ikkje skikkeleg igjennom.
Eg var ute fleire småturar og småpusla i hagen. Her er litt av kvart å ta tak i: Visna planerestar, bær- og frukttre som skal kvistast, fjorgammalt lauv som skal ryddast og bed som skal reinskast og stellast. Og så alt det andre som eg ikkje kom på i farten.
Men eg er førti prosent pensjonist, så det må vel verte tid til litt utepusling. Det er greitt med slikt arbeid, det går an å ha tankane ein heilt annan stad mens ein ryddar og grev. Det er verre med det når eg står i klasserommet og er lærar. Eller når eg sit med prøvebunkane mine.

lørdag 20. mars 2010
FEIL APPELSINER
Som sagt i går gjekk me i AUF-laget på Sandane heilhuga inn for å vekkje opinionen til protest mot apartheid og prøvde å gjere vårt for ein boikott av sørafrikanske varer. Me stelte til eit lite lotteri med ei fruktkorg som førstegevinst til inntekt for saka vår. Oppgåver vart fordelte og basaren vår gjennomført. Denne gongen var eg heldig, eg vann fruktkorga, tok ho med heim på hybelen og koste meg.
Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.
Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.fredag 19. mars 2010
HEILDAGSPRØVE OG APPELSINER
No sit tjueein håpefulle ungdommar og skriv på maskin om verdssituasjonen. Dei går snart inn i russefeiringa, avsluttar det som no heiter grunnutdanninga etter tretten års skulegange og skal kanskje opp i eksamen i faget "mitt": Politikk og menneskerettar. Dei kan kome opp i skrifleg eller munnleg eksamen. Og det er usannsynleg - etter mitt ringe skjøn - at ingen vert trekt ut til ein av eksamenane. Det har eg overtydd dei om,
Desse ungdommane, utruleg jamt kjønnsfordelte, elleve av kvar sort, har vore til litt irritasjon ut gjennom skuleåret, men no sit dei som lysande englar og tastar på peseane sine.
Er dei samfunnsinteresserte? Bryr dei seg om pollitikk, religion, krig og sånt? Det ymsar, kan eg love deg. Somme er høflege, følgjer med og seier det er greitt nok, litt kjekt. Andre seier rett ut at dei finst ikkje interesserte i politikk og likar faget nett så passeleg. Ein og annan seier ingen ting. Og nokre er brennande interesserte. Nett no ser det ut som om alle er brennande interesserte, men det er utanpå. Inni er dei ikkje like.
Og litt mimring. På Firda Gymnas var det fleire politiske ungdomslag, AUF, Unge Høgre, Unge Venstre og Senterungdommen. Mange lærarar og leiarar var skeptiske til at me skullle tulle med politikk, og me fekk ikkje bruke skulenamnet i namnet på laget. Nokre få av oss tulla likevel med politikk og sånn. Laget som eg hamna i, heitte Sandane arbeidarungdomslag; Sandane AUL, medlem i AUF. Innvikla? Nei då!
Førstkomande sundag er det nøyaktig femti år sidan Sharpeville-massakrane. Dei kvite styresmaktene i Sør-Afrika opna eld mot svarte demonstrantar og drap minst 69 av dei, deriblant åtte kvinner og ti born. Mange fleire vart såra. Den systematiske raseskiljepolitikken skulle trumfast igjennom, om nødvendig med rå makt.
Eg skjemst ikkje av at me i Sandane AUL drog i gang ein boikottaksjon mot handel med Sør-Afrika. Me møtte mange rare og nokre klart rasistiske motargument, men me fekk mange med oss og. Svein Lundevall var leiar i Unge Høgre og støtta aksjonen. Så fekk han resten av styret sitt imot seg!
Først og fremst var det appelsinmerket Outspan som skulle ut or butikkkhyllene. Hermetisert frukt var og aktuelt. Kjøpmenn som tilfeldigvis ikkje førte slike varer, var positive. Styraren på handelslaget selde Outspan-appelsiner og fnyste.
Tretti år etter Sharpeville slapp Nelson Mandela ut frå fangenskap. Tretti år etter at me forlet Firda, vart han president i Sør-Afrika.

mandag 15. mars 2010
FOTBALLFEBER
No er toppserien i gang att. I skrivande stund held Vålerenga på å slå Viking. Det kunne ha vore det same, etter mitt syn. Eg er ein tolerant mann, men eg likar ikkje at austlandslaga vinn kampar. Laurdag spelte dei to vestlandslaga Brann og Haugesund ein nokså keisam 0-0-kamp, men Ålesund banka Lillestrøm i går!
Sidan eg var innom kjønnsbalansen hin dagen, kan eg ta opp ein parallell tråd. Her i heimen er dei tradisjonelle og genstyrte rollene litt omsnudde når det gjeld fotball. Anne ser gjerne på allslags kampar, mens eg blir fortare lei av såvoren underhaldning. Den store NRK-guru Harald Eia kunne godt ha sagt noko om dette. Han vil nok ha det til at fotballinteresser følgjer y-kromosomet og mengda av testestoron i kroppen. Men eg føler meg lite kvinneleg, og Anne er slett ingen mannssjåvinist.
Nok om det, Anne er ein ekte Brann-patriot, slengjer ukvemsord mot dommaren og motspelarar som ikkje legg til rette for Brann-siger. Til no har ho ikkje late harmen over Brann-nederlag gå ut over fjernsynsapparatet.
Så var det mimringa. Heime i Flekke hadde Vårherre planert ut ei myrflate og gjort henne lite eigna til dyrkingsjord. Men til fotballbane var ho heilt grei. Så der samlast me gutane om kveldane, improviserte lagoppstillingar og sparka i veg. Sjølv vart eg ingen virtuos med ballen, men moro var det lell.
Ein gong skulle flekkekatane spele kamp mot dalingane. Eg var framleis så ung at eg ikkje kom med i betraktning for lagoppstillinga. Sant å seie hugsar eg litt for lite om det heile til å brette det ut for alt folket på nettet. Difor ber eg bror Steinar om hjelp i kommentarruta. Men me var svært optimistiske før kampen. Det vart dikta kampsong til tonen av Sugar Bush ved Doris Day , og dei to første og den siste linja trur eg eg hugsar: "Det er Flekkes dag i dag, heile Flekkes fotballdag (og så er det eit par linjer eg ikkje hugsar) ...me skal slå Dale ned i skiten!"
Ved kampstart skar det seg litt. Nokon fornærma keeperen vår så han gjekk gråtande heim. Og dalingane hadde forsterka laget sitt med eit par juniorspelarar. Reglane var dessverre så uklare at det ikkje let seg gjere å gripe inn mot det. Det kan hende eg lyg når eg trur det vart fem-femten til gjestene frå Dale. Men der ein stad enda det.

lørdag 13. mars 2010
KJØNNSBALANSEN
Etter det eg har høyrt gjete, er det nokså sannsynleg at det i ein populasjon er om lag like mange gutar som jenter, men når det gjeld nyfødde er det ei lita overvekt av gutebarn. Statistisk sentralbyrå fortel at det i landet vårt vert fødd 106 gutar for kvar 100 jenter. Dei grunngjev ikkje dette misforholdet, dei driv helst med rein statistikk.
Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?

fredag 12. mars 2010
Å LÆRE Å LESE
Ordet å lese fanst før lese- og skrivekunsten var komen til landet. Då tydde ordet å plukke, å samle. Og det er jo nett det me gjer når me les. Eg og mange med meg har skaffa eit levebrød med utgangspunkt i plukking og sanking, og det å lære andre å plukke og sanke.
Første heile boka eg las, heitte Rondetrollet, om eg hugsar rett. Skal tru om det ikkje var ei bok som bror Arne hadde fått ein gong. På framsida var det ei flott teikning av - ja, nettopp: Eit bustete troll. Og eit svært fjellparti i bakgrunnen. Det var ei god bok med fleire ulike eventyr som eg hadde glede av. Så lesekunsten viste seg å vere både til glede og nytte. Tykte eg.
mandag 8. mars 2010
EKLE SPØRSMÅL
På denne 8. mars skal det hermed delast ut lukkeønske til alle kvinner som les dette. I desse dagar har det rasa ein rettferdig harme på grunn av den tarvelege åtferda mot skihopparen Anette Sagen. Lenger nede i denne teksten kan du sjå at kvinnesport ikkje var særleg høgakta for snart førti år sidan.
Me vart ekspertar i skeiseresultat, me som voks opp i femti- og sekstiåra og aldri hadde sett ein stjerneløpar i aksjon. Radioen og ei litt forseinka måndagsavis var meir enn godt nok, attåt ivrige diskusjonar og heimelaga spørjekonkurransar. I somme heimar kom det fjernsyn allereie tidleg på sekstitalet. Slik var det ikkje heime hos oss. Men me visste nøyaktig kva Kupper'n meinte med "to indre og vekk me'n". Eg torer påstå at eg vart ein ekspert på temaet, men det var nok mange andre òg.
Fjernsynet serverte forresten allereie tidleg på sekstitalet ein spennande spørjeleik som heitte "Kvitt eller dobbelt" med Gunnar Haarberg. På Firda Gymnas tok eitt av elevlaga etter - mon tru om det var Stella? - og skipa ei lokal Kvitt eller dobbelt-tevling i festsalen ein sundagskveld eller to. Om det var pengepremiar eller andre trofé å vinne, hugsar eg ikkje.
Ein av dei som melde seg på, var Henning Rivedal. I skeiseløp. Nei, han skulle ikkje gå på skeiser i festsalen, han skulle svare på spørsmål. Sjølv var han ein allsidig idrettsgut som òg kunne gå på skeiser. Men no var det skeiseresultat frå høgare nivå det skulle lagast spørsmål om. Olav Helge Førde (bror til salige Einar) og eg vart spurde om å utforme spørsmåla. Me to vart fort einige om at Henning ikkje skulle sleppe billeg. Iallfall eitt av spørsmåla gjekk på kvinnelege skeiseløparar. Men kva visste Henning Rivedal om det? Stakkaren vart vippa ut temmeleg fort.

søndag 7. mars 2010
SKEISELØP I BERGEN
I helga var det noregsmeisterskap på skeiser i Bergen. Til og med NM var ei mediehending då me var litt yngre. Det vil seie, me sat med øyro klistra til radioen, skreiv rundetider, diskuterte og spådde utviklinga. Når måndagsavisa kom ein gong utpå tysdagen, var det fram med saksa og klyppe ut bileta av store og små idrettsstjerner og lime dei inn i ei utskriven skrivebok.
Og då Bergen fekk NM for 55 år sidan, møtte vestlendingane mannjamt opp på Krohnsminde i regnbygene og heia på Hjallis, Aas og Kupper'n. Det hjelpte ikkje Hjallis, han datt på ræva på 5000 meter'n og fekk ikkje gå mila dagen etter. Men då sundagen rann i 1955, rann også resten av isen vekk på Krohnsminde, så heile hurven, både skeiseløparar og tidtakarar, tok toget til Voss og fullførte meisterskapen der. Første NM til Kupper'n!
I år var det nesten ikkje tilskuarar på Slåtthaug stadion, endå Bøkko og soneson til han som vart norsk meister to år før krohnsmindestemna var blant toppfigurane.
Og så må eg få fortelje at eg og har gått på skeiser i år. På Lade i Trøndelag for ei veke sidan. Ulikt Hjallis i Bergen i 1955 datt eg ikkje. Men eg nøgde meg med fem minutt med lengdeløpsskeisene til Rune.

torsdag 4. mars 2010
TILBAKE TIL KVARDAGEN
Sjokket ved å vere heime att etter ei veke utanfor heimen vart så stort at eg har ikkje kome meg i gang att med blogging før no.
Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende
neste dag og. Utanom det hadde me meir enn nok med å følgje med på og heie på idrettsfolka våre i Vancouver og der omkring. Me fekk jamvel tid å kose oss, lese, løyse kryssord, prate, ete og slappe av. At me i tillegg hadde eit par dagar med magesykje, trur eg me hoppar glatt over. Det var noko drit, rett og slett.
Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende
Deretter vart det trondheimstur og fleire dagar med born og barneborn. Laurdagen feira Sigurd og Frida felles bursdagsfest. Frida var seks den 21. februar, Sigurd fyller fire den 11. mars, så denne feiringa blir årleg lagt til ein dag imellom desse datoane. Og alle våre etterkomarar var til stades i tillegg til nokre av morssleka. Mor til dei to små er frå Surnadal.
Så kom me oss omsider heim att måndag kveld, og no er det allereie snart fredag

Abonner på:
Innlegg (Atom)