Javisst! Det handlar om skoltar. I år har eg vore flink. Eg har ringt Fatland slakteri i Ølen og tinga nykappa lammehovud, henta dei og maltraktert dei, slik at dei no ligg godt nedsalta i ein balje.
Før eg set kniven i hauet, ser det om lag slik ut. Du har sikkert sett ein sau ein eller annan gong, så du kjenner nok att det som kjem fram på biletet. Så handlar det om å få skinnet av. Det er eit farleg arbeid, du kan skjere deg med kniven, og deretter kan du få ein betennelse som kjem av eit virus som kan finnast i sauepelsen. Eg har opplevd dette òg i mi lange karriere som skolteflåar. Oppe i hornfestet (eller der horna skulle ha vore viss det hadde vore ein sauesort med horn) er det særskilt vrient å få vekk skinnet.
Vossingar og hardingar meiner at denne flåinga er ein uting. Dei svir håret vekk, skrapar og brenner, og på den måten får dei nok litt meir mat utav eit hovud, gjerrige som dei er. Eitt år var eg med på ein slik framgangsmåte med skjerebrennar. Det gjekk, det og. Men det vart med den eine gongen. Folket i heimen ville ha det på gamlemåten.

Sjølve skoltane får seg nokre timar i røykhuset til Per granne, og så får dei henge og turke seg til det nærmar seg jul og skoltesundag. I år treffer ikkje skoltesundagen på 4. sundag i advent. Den sistnemnde er nemleg på veslejulafta, og det får vere måte på eting. Eg tenkjer me held skoltesundag den 16. desember. Med kålrotstappe, poteter, og kanskje ein pikkandes liten akevitt og eit krus øl.
Eg sat og tenkte mens eg flådde og smidde, at om eg hadde vore meir netthendt og gitt meg god tid, skulle eg ha fått skinnet av haua i eitt stykke. Då kunne eg ha selt dei som ekstra kunstferdige skinnhuver. Skal eg ta patent på den ideen?
Her er det berre å gle seg!
SvarSlett-T.