fredag 24. august 2012
SKATTAR I FJELLET
Denne vesle jenta er ei vaksen kvinne på førtiseks år no, og det fortel oss at biletet er teke for førtifem år sidan. No er knausen i bakgrunnen mykje meir tilgrodd
Men det var ikkje mi kjære niese Janne Elise eg ville demonstrere, eg tenkte at de skulle få sjå fjellet ovanfor bøgarden, Hellaren. Og då vonar eg at Janne finn seg i å få vere med på kjøpet.
Eg skreiv sist om jarnvinna ved Flekke skule. Hadde eg vendt fotoapparatet nitti grader mot venstre, kunne eg ha fått eit bilete av skulen. Men då hadde ikke Janne kome med. No skal det handle om skattane i Hellaren. Hellaren er det sentrale partiet i ein bergknaus ovanfor bøgarden vår, og så markant at me kallar heile knausen for Hellaren. Eg skriv "vår", for dette var sjølvsagt i papen si tid som grunneigar. Noverande proprietær vart ikkje fødd før to år etterpå, så dette var i gamle dagar.
Papen var ikkje rik på klingande mynt, pengar i banken eller edle metall. Men han fabla meir enn ein gong om at det skulle ha vore moro å få granska om det fanst verdfulle mineral oppe i Hellaren. Dei nakne såra i fjellet avslørte mange underlege og fargerike bergartar. Somme stader glinsa det, andre stader taut det ut kalkliknande klumpar. Og ikkje minst: Han Mikal, gardeigaren før papen tok over, hadde gått og snakka om at han hadde funne ein søvklump der oppe. Om papen hadde sett klumpen, hugsar eg ikkje, eg har ialle fall ikkje sett han.
Så fekk papen ein soneson (han har faktisk bursdag i dag!) som vart geolog. Og ein gong gjorde han bestefaren sin den tenesta at han klauv opp Hellarsurda, glodde, granska og skrapte på berget og kom ned att med konklusjonane sine.
Nei, rikdommane i Hellaren er godt løynde!
Det var no eit fint bilde ;-) Vart visst kalla linselus når eg var liten. Janne Elise
SvarSlett