tirsdag 21. august 2012

JARNVINNE

Sidan eg var innom skulestarten min på Flekke skule i går, kunne det høve å seie noko om berggrunnen ved skulen. Me katane (flekkemål for gutane), fattige som me var, drøymde stundom om ære og rikdom. Så det var ikkje å undrast over at me såg oss om etter verdfulle mineral i skulehusberga. Det var både kråkesølv og brunglinsande årer i steinen. Og så oppdaga me nokre svarte, finkorna årer som heilt sikkert måtte vere eit verdfullt metall.
   Eg gløymde ikkje å ta med ein magnet heimanfrå dagen etter funnet, og til vår endelause glede såg  me at magneten reagerte på den svarte stripa. Me kakka laust litt, finknuste det og lét magneten arbeide. Dei små malmkorna la seg i flotte mønster kring magneten, nett som på biletet i naturkunna. Lærar Årøy vart henta, og han var ikkje mindre oppglødd enn oss. Han skaffa seg ein bra neve jarnstøv til bruk i fysikkøvingane han utførte på kateteret med oss skuleungar i ein halvsirkel gloande med trillrunde auge.
   Me såg for oss storstilt gruvedrift og rykande jarnverk i den vesle heimbygda vår. Rikdommen skulle velte innover oss, og sjølvsagt måtte me som fann dei kostbare skattane, verte drusteleg lønte.
   Men me greidde ikkje å skape den store ihugen for oppdagingane. Til all lukke ligg det verken jarngruver eller smelteverk i den vesle Flekkebygda.
   Og  skulehusberget vart vekksprengt då dei bygde nytt skulehus og la om vegen. Men ein  stad ligg der framleis nokre vesale malmårer og ventar.

1 kommentar:

  1. Skulehusberget vart dyr fyllmasse. Jernet gjorde det vanskeleg å bore. Elles var det umogeleg å lære ungane å bruke kart og kompass mens berget var der. Kompasset gjekk berre rundt og rundt.
    Oddvar Vassliås

    SvarSlett