Inspirert av bror Reidar som sykla Sandane – Flekke i sin
pure ungdom, skal eg våge meg til å fortelje om første sykkelen min.
Men først nokre ord om papen sin sykkel som Reidar lånte med
seg til Sandane: Erik i Bakartunet hadde ein onkel som hadde butikk, god
gammaldags landhandel, og som forutan vanlege daglegvarer skaffa det meste av
det ein kunne ha bruk for. Ein dag bror Arne og eg var i Flekketunet med papen
og handla, var Erik ”konge på haugen” og synte oss ”nyesykkelen til onkel Odd ”,
ja me fekk jamvel prøve vidunderet kvar vår gong. Reidar var ikkje med, han var
nok for liten, og hadde sikkert ikkje lært å sykle heller. Så kom papen ut frå
butikken, venteleg etter ei god prateøkt. Han såg seg forvirra ikring, for inn
att i butikken og kom ut att i butikkdøra saman med Odden. Med same kom Erik
syklande, Odden ropte til han og lurte på kva det var han fann på. Det viste seg
at papen hadde kjøpt sykkelen, og Erik vart nok litt lang i maska då det gjekk
opp for han at det var ’Ovahogskatane’ og ikkje han som no hadde tilgang til vidunderet.
Mange år seinare venta me tre brørne oss ei syster. Medan me
tre var fødde i senga heime, vart mamma no sendt til by’n – det var nok ikkje
spøk når ein var i sitt førtiande år og blodtypane varsla at det kunne verte
ein riskiofødsel.
Eg gjekk i sjuande klasse, og hadde både denne og førre vinter
tent mine første pengar på å fyre i omnane i skulehuset, der lærar Årøy helst
ville sjå at termometeret ved tavla synte 21 grader når han kom, noko som ikkje
alltid var like lett å få til – eg minnest at det ein gong var minus 8 grader
på same termometeret då eg kom for å kveikje
i omnen. No skjønar de nok at eg hadde tent pengar til å kjøpe min eigen
sykkel, noko mamma skulle ordne når ho no likevel var i by,n. Ein fetter av
henne, Anton Engen, hadde sportsbutikk, og der vart sykkelen kjøpt og skulle
sendast heim med dampen.
Syster Liv vart fødd pinseafta, alt gjekk vel, og sykkelen
var ventande til Flekke andre pinsedag, mamma og veslejenta laut nok vere i by’n
noko lenger. Fetter Asbjørn heldt på å misse motet då alle han fortalde det
til, at me hadde fått ei syster, alt visste det. Men Asbjørn har aldri vore
kjent for å gje seg så lett, og han konkluderte med at ”tante Lisbeth veit det sikkert ikkje, for ho
er jo i by’n”.
Andre pinsedag kom, og etter middag la eg i veg ned
Tunbakken og Gòta i full fres på papen sin sykkel. Farten var høg, og den gamle
kvelvingsbrua ved Storakerbutikken gjekk tvert over elva, medan vegen gjekk i
S-sving til og frå brua. Og det gjekk ikkje betre enn at svingen vart for knapp,
så eine pedalen tok bort i muren ved brukanten , og eg vart kasta hovudstups
over sykkelstyret og landa på eine skuldra fleire meter lenger framme.
Godt var det at eg ikkje landa på hovudet, for sykkelhjelm
var ukjent den gongen. Men eit kragebeinsbrot vart det, og eg fekk venstre
armen plastra fast til kroppen, og laut greie meg i tre veker med ein arm.
Seinare på ettermiddagen kom Dampen, og med den sykkelen min. Det var ein brukt
sykkel med tre gir, men blå og fin og god som ny, og eg var den einaste i
Flekke med girsykkel, og sjølsagt laut han prøvast same dag, sjølv om eg hadde
berre ein arm!
Sykling er ein risikosport, og på dagen 55 år etter at eg
braut kragebeinet og fekk min nye sykkel same dag, starta bror Arne og eg med
våre nære og kjære ein sykkeltur i Portugal. Denne turen hadde me lenge sett
fram til, men alt fyrste dagen vart turen avbroten ved ei lei hending, og det
vart Arne sin siste sykkeltur. Men det er ei anna soge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar