Bror Reidar gjev uttrykk for at han ikkje utan vidare vil
blogge om kjærleik med di det er så mange andre som skriv om det temaet, syklar
er det derimot berre han, eg og Nordahl Grieg som skriv om.
No er det vel slik at det går an å bli glad i sykkelen sin,
kanskje kan ein vel og gløyme det niande bodet at ”Du skal ikkje trå etter
eigedomen åt nesten din.” liksåvel som det tiande ”Du skal ikkje trå etter
ektemaken eller tilsette eller nokon som høyrer til hjå nesten din”. Korleis
gjekk det så med fyrste sykkelen min?
Før eg fortel om den tragiske endelykta , lyt eg vedgå at
det ikkje var berre moro å vere eigar av ein tregirs sykkel. Oftare og oftare
laut eg med stor møye fram med skiftelykel og andre reiskapar for å vøle det
hersens giret som stendig hadde lag til å henge seg opp. Gleda over å vere einaste girsykkeleigar i bygda
var etter kvart i ferd med å slokne, godt var det då at det i kameratflokken
var ein annan Steinar som hadde slik illherveleg lyst på ein girsykkel. Han kom
med eit tilbod om å byte bakhjul mot eit høveleg mellomlegg. Eg slo til og han
overtok giret som hjå ein ukunnig eigar varde ei vekes tid før det skar seg
heilt og ikkje let seg reparere – heller ikkje var handelen gjort med garanti,
så det var aldri på tale med omgjerdsle.
Eg var derimot godt tent med sykkelen utan gir. Han var med
meg til by’n der eg i to år freista tilværet som ”bondestudent” på HFG, som
Kjartan Rødland kallar det i soga om det ærverdige gymnaset. Etter gymnaset var
eg eitt år vikarlærar ved Guddal skule, der noverande rektor og
laksefiskeentusiast då gjekk i andre klasse, om eg minnest rett – eller var det
tredje, med di broren gjekk i fyrste?
Frå Flekke til Guddal er det eit drygt stykke: Eg følgde buss
på tomgang 12 km til Nautsund, der skuleruta til Dale starta. Så var det å
sykle 5 km til Hovlandsdal og derfrå 8 km med skuleruta fram til skulen. Same
vegen heim att, det vart ei sykkelmil for dagen. Vintersdagen var det ikkje
alltid like lett å ta seg fram, og ikkje alltid hadde eg bruk for sykkelen
heime heller, så sykkelen vart gjerne parkert i vegkrysset i Nautsund. Ein snørik morgon var ikkje sykkelen å sjå då
eg steig av bussen. Etter noko rekognosering viste det seg at snøplogen hadde
vore for nærgåande, og sykkelen var ikkje lenger sykkel, men eit vrak.
Sic transit gloria mundi – eller ”slik forgår verdens
herlighet” som Store Norske Leksikon nemner det. Men soga er enno ikkje heilt
slutt: Eit par år seinare var eg medskuldig i at ein sykkel, eller rettare
sagt: framhjulet, knakk saman då vi
skulle prøve om det gjekk an å sykle med tre – eller var det fire? personar på
ein sykkel. No var det slik at
framhjulet på mitt sykkelvrak ikkje var verre enn at det let seg nytte, rett
nok etter fagleg oppretting som Dørhellen sytte for. Så for det eg veit kan det
enno vere i bruk?
Men kor i all vidaste verda kom du deg på skulen den dagen? Eller laut guddalsungane sitje der utan lærar og vansmekte?
SvarSlettDet hugsar eg ikkje. Men Olaven i Øyrehogja skulte 4 dagar i Flekke og to dagar i Guddal, og han hadde rett på skyss. Så det er nok mest rimeleg å tru at Espenesen køyrde nedom Nautsundet, nokon han gjorde stundom elles og om det trongs når vegen var dårleg brøytt.Mobiltelefon var det i alle høve ikkje snakk om, for den var vel ikkje oppfunnen då dette hende for 50 år sidan......
SvarSlett