Sjuande sans-dagboka mi frå 1960 har ei kort og lakonisk opplysning om 20. august: Norsk fjernsyn (TV) offisielt opna. Bortsett frå dette skreiv femtenåringen nesten aldri om nasjonale eller internasjonale hendingar. Så kanskje han har oppfatta at dette var eit viktig vendepunkt i historia.
Heime i Flekke fekk me ikkje fjernsyn før lenge etter at eg hadde forlate bygda. Ikkje ønskte eg det, og kanskje ikkje dei andre impliserte heller. Me kom ikkje heim for å glo på fjernsyn. Hos onkel og tante på Igelkjøn kom det fjernsyn nokså tidleg, men eg kan ikkje hugse at eg misunnte dei.
Men i studietida i Bergen budde eg eit års tid i lag med Dagfinn og Anders, og sidan det no skulle vere vinterolympiade i Grenoble med mange norske håp, tok me og spleisa på eit apparat, tappa studielånet for kvar sine seks hundre kroner og installerte kassen på rommet til Dagfinn, der det var best plass. Der sat me og heia på Maier og Grønningen, såg detektimar og mykje løye i staden for å lese pensum. Fjernsynsapparetet vart seinare oppkjøpt av foreldra til Anders då Dagfinn og eg flytte frå Lægdene. Etter det fekk det mange gode år i Nordfjord.
Så gjekk det mange år. Anne og eg (me forlova oss kort tid etter at eg vart deleigar i TV, utan at her var nokon tydeleg samanheng) var ikkje sterkt interesserte i fjernsyn. Heime hos henne i Bekkjarvik hadde dei eit apparat som me såg på når me var på besøk, men når me var heime hos oss sjølve på Natland og seinare på Husnes, sat me heller og las, spelte plater, høyrde på radio, preikte skit eller dreiv med nyttige ting som spøting og stilretting.
Men så fekk me ungar som gjorde seg meir og meir gjeldande. Femåringen Rune hadde kameratar med fjernsyn i heimen, og han fekk meir og meir uro i kroppen viss han laut vere heime i sekstida. For kva dreiv vel Colargol på med i kveld? Det enda med at papen hans på ein bytur i januar 1975 etla seg til å sjekke om det fanst eit billeg, brukt svart-kvitt-fjernsyn i ein butikk. Dei aller fleste heldt seg enno til svart-kvitt, sjølv om det dukka opp fargefjernsyn i somme stover. Og me visste at somme bytte inn brukte godt brukande svart-kvittapparat når dei kjøpte nytt i fargar.
Vel, om kvelden kom eg heim att i Furuvegen på Husnes, stod og fomla med nevane og tilstod for mi kjære frue: "Veit du, eg har gjort noko hakkande gale ..." Eit par dagar etterpå kom den flunkens nye farge-Tv'en frå Tandberg med rutebåten til Husnes kai, og eg fekk Gunnar til å vere med meg og hente han med Citroën-en. Brått var statusen vår snudd opp-ned, ikkje minst for femåringen: Frå å vere ein av dei siste heimane utan fjernsyn i Troåslia vart me ein av dei første med fargefjernsyn.
Om kona vart arg? Nei, ho tilgav på flekken!
Ja me misunte dokke fargane, men me tilgav deg og.
SvarSlett