Eg vart så oppi haua over å få sjå dei gamle lysbileta som bror Steinar har skanna at eg lenge har ønskt meg eit liknande apparat. No har eg lånt skanneren til kollega Lars og er i full gang. Det tek minst eit par minutt for kvart bilete, så ein skal vere tolmodig. I tillegg må enkelte av dei gamle diasa pussast og klyppast litt. Alt vert ikkje like pent. Mange gamle lysbilete er tekne med nokså primitivt utstyr og er dessutan prega av alder og slitasje, nett som me. Nei, ikkje misforstå, eg meinte det siste, ikkje at me er laga med primitivt utstyr, langt ifrå.
Eg kjøpte eit svært enkelt og rimeleg fotoapparat i Amerika i 1964 , men begynte ikkje å ta lysbilete før i påska 65. Dei bileta finn du på nettet. Litt seinare kjøpte eg framvisar. Det var eit populært innslag i ymse samanhengar; Steinar og eg hadde mellom anna eit multimedieshow i påska 1966 i ungdomshuset med lyd og bilete frå bryllaupet til Magnhild og Arne. Så kjøpte Steinar fotoapparat og vart ein ivrig lysbiletfotograf, han og.
No er det ikkje mykje tradisjonell framvising av desse bileta. Faktisk funkar den gamle framvisaren min på eit vis enno. Men framtida ligg nok i denne teknikken eg no held på med. Ein smakebit kjem på denne sida utpå dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar