For nøyaktig femti år sidan feira eg den siste syttandemaien i Flekke som elev på Flekke skule. Den gongen var det ei sak eg var spesielt oppteken av. Og det var å gjere ein heiderleg innsats i friidrettstevlingane på skuleplassen, no sidan det var siste året mitt. Tradisjonen tru var det samling ved ungdomshuset, kanskje med tale og styr, og deretter tog til skulen med ein runde i bygda først. Men eg skulka toget dette året, tok snarvegen til skulen og førebudde meg. Varma opp, kledde meg i lett sportsantrekk og konsentrerte meg om dei store tevlingane. Det var iallfall høgdehopp, sikkert også lengde, stor og liten ball, og sprint. Kanskje tvers over plassen, det hugsar eg ikkje. Det kom to utfall av dette, først eit negativt, så eit positivt: Ei vond rompe og ein premie. I det eine høgdehoppet landa eg på ræva og slo halebeinet, og dette gjorde kjøle ilt dei neste dagane. Men heldigvis gjennomførte eg tevlinga med ære og kunne få utlevert førstepremien av lærar Årøy på festen i ungdomshuset om kvelden. Og viss me følgde flekketradisjonane, og det gjorde me heilt sikkert, vart festen avslutta med skodespel og deretter fyrverkeri. Heilt til slutt var det dans, men då laut eg vel tutle meg heim, for konfirmert vart eg ikkje før om hausten det året.
søndag 17. mai 2009
SYTTANDE MAI
No er det snart leggjetid og stund for oppsummering. Det vart ein vakker syttandemai i år; nær sagt full sommar, ein del solglytt og grei tempatur i vinden, som stundom ruska i friskaste laget. Russen kom allereie klokka halv tre og vekte oss, eit åk me har hatt i nesten alle dei år her i Kvinnherad. Men ofte plar dei kome utpå morgonkvisten. Eg kan ikkje hugse at dei har dukka opp så tidleg på natta. Og klokka sju vart me vekte på nytt, med ein trefaldig salutt så det skòk i veggene. Tradisjonelt tog frå kyrkje til sjukehusparken om føremiddagen, blandakor, tale og helsingar. Og tog tilbake til skuleplassen, der ungar og vaksne kunne utøve ymse slags leikar og tevlingar, kjøpe lapskaus og kaffi eller berre drøse. I staden for lapskaus og leikar hadde Anne og eg oss rømmegraut, spekemat og saft heime, ei lita middagskvild og spasertur til Porsvika, der me fekk kaker og kaffi hos Kari og Helge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar