Dette vert kort og latmannsaktig. Eg viser rett og slett til dette dokumentet på nettet (klikk her), og til kapitlet som heiter OHOFFBOFF OG RAUDE HUNDAR. Der kan du lese om den attande mai i det eineståande året 1956. Men eg siterer sjuande sansen min frå dei tre datoane, den 17., den 18. og den 19. mai:
Torsdag 17. mai: Det var regnver så vi kunne ikkje ha 17. mai-leikar. Ringde til Bergen og tala med mor.
Fredag 18. mai: Eg fekk dei raude hundane.
Laurdag 19. mai: Eg fekk syster.
Meir i boka Hundeliv i Flekke viss du klikkar der oppe.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar