tirsdag 7. juli 2009

"ÅRHUNDRETS LYKKEDAG"

For trettito år sidan var det mange sjutal i denne datoen. Det var ein herleg solskinsdag, midtsommar og ferietid. Men det var meir enn det. I dag skulle dei setje i gang fødselen til dette vesle noret som me venta på, men som ikkje ville ut. Dei to gutane Rune og Vegard var i Bekkjarvik og venta spent på om det skulle verte gut eller jente. Rune hadde sagt klart frå om at han gjerne ville ha ein bror til, og Vegard hadde kanskje ikkje sterke meiningar om nett den sida av saka. Denne gongen skulle eg få vere med på fødselen. Det skar seg i 1973, og i 1969 var det ikkje diskutert, og heller ikkje vanleg at ein pappa fekk vere til stades på noko slikt. Men no skulle eg til pers. Dei andre to gutane kom til verda utan mykje sjau, men denne gongen fekk Anne kjenne det til gagns. Det gjorde frykteleg vondt, så ho skreik og bar seg, men eg såg på jordmødrene at dette skulle gå bra. Det same skjønte eg då det vesle krypet sakte kom glidande ut i denne vanskelege verda og såg skrekkeleg livlaust ut, etter mine førestellingar. Men så kom det nokre små grynt og litt sutring. Eg fekk raskt med meg at det var ein gut, og det var meir enn vel og bra. 3450 gram og 53 centimeter, ny rekord i syskenflokken både på lengd og vekt. Anne vart totalt omskrudd med det same han var ute i det fri: "Å, kan'kje eg få sjå han og halde han?" jubla ho. Ikkje meir jamring då, nei! Ei stund etterpå rusla eg roleg omkring i Leirvik sentrum med ei intens lukkekjensle i heile kroppen. Det var sein ettermiddag og glitrande sommarsol. Telefonar vart tekne for å varsle brørne, dei andre i Bekkjarvik og dei i Flekke. Dagbladet hadde nok ikkje all verda å slå opp på framsida midt i agurktida, men dei hadde ei treffande og fengjande overskrift: "Århundrets lykkedag"!

onsdag 24. juni 2009

JONSOKDAG

For 43 år sidan var eg på Sandane og planta skog. Nett denne dagen, jonsokdag, var eg på telefonstasjonen (ei innretning som forlengst er avskaffa) og ringde heim. Papen måtte nok hentast og gå ned til Jenny og Sofie nede i Gòta. Då fekk eg greie på at eg nett hadde vorte onkel, så eg sende eit telegram og gratulerte den nybakte mora når eg likevel var på telefonstasjonen. Ho vart litt forundra over kor fort og effektivt nyhendestraumen gjekk. Men før eg skriv meir, må eg få gratulere Janne Elise med dagen!
Mylse blir det ikkje i dag. Men i går kveld åt Anne og eg vossadravle, som er eit stykke på veg det same. Det brukar me å kose oss med kvar jonsok, men som regel jonsokafta.
Me fer snart til Bekkjarvik og er der nokre dagar. Og bloggskrivaren tek sommarferie på uviss tid. Ha ein god sommar!

tirsdag 23. juni 2009

JONSOK

Det ordet har ein god klang og minner oss om røyk av bål, smak av rømmaske og brus og lovnad om sommar. Her på Eikeland har me hatt ein fin bålplass nede i stranda, men i år er kanskje siste gongen me kan bruke han til eit stort bål iallfall. Dei byggjer snart nokre naust så altfor nær bålplassen.
Då me feira jonsok i Flekke, var det stort sett me ungane som var ansvarlege for å samle tilfang til bål. Då papen rydda kulturbeite, vart det ein god del einekavar som kunne samlast i hop og brennast, til jonsok, syftesok og olsok. Elles var det bål på Håhaugen, den gamle skulehusplassen og ymse andre stader.
Ein gong brende me oppe på Lynghaugen. Det kan ha vore på slutten av femtitalet. Opp bratta kom tante Gerd og onkel Arne. "Å gu', dette var tungt," sukka tanta då ho kom på toppen. "Eg tenker ikkje at hon der nede klager," sa onkel Arne og peikte på bestemora, som kom lettføtt og blid i lag med bestefaren.

søndag 21. juni 2009

SOLSNU OG SOMMARTID

På denne strålande sommardagen snudde sola, som det heiter, og me går kortare dagar i møte. Godt er det då at me har sommartid, så kveldane vert ein time lengre. Einaste ulempa med sommartida er den skrekkjelege overgangen til mørke kveldar utpå hausten når ho tek slutt på ei tid då det allereie tek til å skymast tidleg på kvelden. Grannen vår sa ein gong at om det var eit parti som hadde som programpost å føre inn sommartid heile året, skulle det partiet få hans stemme.
For om lag femti år sidan samlast nokre av oss gutane i Flekke ein fin sundag og sykla på Guddalen. Eg hugsar ikkje sikkert kven som var med, men det var vel Magnar, Arvid, Knut David, Peter Kåre og eg. Me trødde oss heilt opp til Engeskaret, der me trefte dei to kallane Arne og Ola, som me gav oss i prat med. Ola opna butikken for oss så me fekk snope. Han baud fram seigemenn, hugsar eg. Butikken hadde ord på seg for å vere Europas minste. Og det var ikkje store rommet, men fullstuva med varer og nesten ikkje plass til kundar.
Me spurde gubbane om kva klokka var, og Arne drog fram lommeuret sitt og las av tida. "Men," la han til: "Eg bruka'kje hitlerti." Og så fortalde han at sommartida var påtvinga oss av tyskarane under krigen, men då freden kom, var det slutt med det tullet heilt til no. Og han retta ikkje klokka si til noka "hitlertid", måvite.

fredag 19. juni 2009

FIREÅRSDAG

På denne dagen for nøyaktig seksti år sidan fekk eg ein bursdagstur utanom det vanlege, slik bror Steinar har nemnt i ein tidlegare kommentar. Mamma og pappa rakk å få unna fjøsstellet, mate og pynte tre smårollingar og kome seg av garde med båt til ungdomsstemne i Holmedal. Det var sundag og strålande vêr. Kanskje dei sløyfa stemnegudstenesta denne gongen (sjå bloggen i går). Eg hugsar av naturlege årsaker ikkje all verda frå dagen, men minnest dei same momenta som Steinar alt har nemnt og litt til. Det var rigga til utescene, og den var det råd å klatre i, fann Steinar og eg ut. Eit klart høgdepunkt var at me fekk å ete noko som heitte iskrem, og som me aldri før hadde smakt. Eg plukka litt småstein i lommane, og dei andre undrast på kva eg ville med dei. Men eg ville ha dei med heim.
I 75-årsskrifet for Sunnfjord ungdomslag står det mellom anna at Ragnvald Vaage heldt stemnetale sundagen. Så har eg altså fått oppleve livs levande denne diktarkongen her frå Kvinnherad! Han skreiv så kjekke barnebøker, tykte eg då eg var liten.
Då me kom heim og ned reina til tunet, heiv eg småsteinen frå Holmedal slik at det skulle liggje noko der som minne frå den flotte dagen me hadde hatt, tenkte eg. Eg trur eg hugsar at eg tenkte om lag slik.
Og det gjer godt å tenkje på no og, at der ligg steinar frå Holmedal i tunet heime som har lege der i seksti år, då Aun Sang Suu Kyi og eg feira fireårsdagane våre.

torsdag 18. juni 2009

SOMMARSTEMNER

Når sommaren kom, var det stemnetid. Ungdomsstemnene som eg har nemnt før, bruka å vere tidleg i juni, før slåtten. Då foreldra våre var unge, var det noko som heitte songarstemne og. Det trur eg ikkje eg har vore med på sidan den i Holmedal då eg var eit par år. Me ser på biletet at det er eitt smørblidt ungt par med tre kjekke småborn som sit i graset på Tveit i Holmedal. Den yngste ser litt skeptisk ut, og med god grunn. Han har fått skjenn. Om føremiddagen var det preike i holmedalskyrkja, og denne framfuse toåringen (?) greidde ikkje halde kjeft. "Da va denn gonjin Reidar'n prekte i holmedalskjirkjine," fekk eg ofte høyre. Og papen lovde både seg og oss at det skulle bli lenge før eg fekk vere med på noko slikt.
Eg hugsar verken stemna eller fotograferinga. Men eg hugsar stemna eg skal skrive om i morgon.

mandag 15. juni 2009

PÅ FLYTTEFOT

I dag for 36 år sidan flytte Rune og eg til Kvinnherad. Anne skulle til kontroll med magen sin og han som seinare skulle verte Vegard, så ho kom fire dagar seinare. Me hadde leigt ein stor varebil og bror Steinar som sjåfør, pakka ned alt me åtte på studentbyen Natland og tok kursen mot Husnes. Det hadde regna tett nokre dagar, men undervegs denne fredags ettermiddagen skein det opp, og sommaren kom for fullt.
Eg tenkjer med skrekk og gru på kor lite nøye det var med sikringstiltak i bilar på den tida, og eg trur ikkje me var verre enn mange andre. Bilbelte var det nok ikkje i den vogna. Eg sat i framsetet attmed Steinar, og Rune - tre år og ti månader - sat til å begynne med nede i botnen av bilen ved beina mine. Etter kvart som han vart uroleg og me tykte synd på han, fekk han kome opp på fanget til papen, der han både fekk sjå og delta i konversasjonar meir på like fot.
   Utpå kvelden var me framme i Furuvegen, der rektor Døssland tok imot oss. Han var allereie i gang med å pakke ut nokre nyinnkjøp som var sende med HSD direkte frå butikkane. Onkel Steinar køyrde tilbake til by'n neste morgon, og Rune og eg stulla og stelte for oss sjølve fram til den 19., då Anne kom til eit flunkande nytt og så godt som ferdig møblert rekkjehus i Troåslia.
   Hausten før hadde den legendariske brannen på Husnes svidd ned til grunnen heile denne rekkja med fire husvære. Og no var husa nyleg gjenreiste. Den gongen i 1973 etla me oss til å bu i Kvinnherad eitt år. Ti år etter flytte me derifrå til Eikeland på Valen, og her sit eg no og skriv.

søndag 14. juni 2009

BESØKSHELG

For snart førtito år sidan flytte Anders Bjørkelo frå Nordfjord til Bergen og vart "sambuar" med meg i eit husvære på Legdene. Eg kjende han så vidt frå før gjennom ein felles ven, som og budde i den same leiligheita. Me tre delte kjøkken og bad og hadde kvart sitt rom for oss sjølve.
Kort sagt: Anders og eg har halde kontakten sidan. Han har vore gift med Sunniva sidan 73 og bur i Lysefjorden. Anne og eg brukar å gjeste dei ein gong kvar vinter, og dei er hos oss ei helg før sommarferien.
Så fredag ettermiddag kom dei hit, og no er dei nok vel tilbake i Os. Praten går lett og lystig i slikt lag. Nesten som i gamle dagar!

onsdag 10. juni 2009

SALMIAKKLUKT

Salmiakk luktar ikkje godt. I går vaska eg nokre vindaugsruter utvendes og blanda ein skvett rein salmiakk i vassbytta. Det reiv i nasen då eg stod der og svaia med filla. I dag vaska eg biodunken, som heller ikkje lukta godt. Med vondt skal vondt fordrivast. 
   Ikkje stikk nasen din ned i flasketuten på salmiakkflaska og dra til deg. Du vil få ein støkk som du seint gløymer.
   For omkring femti år sidan - tidfestinga her er usikker - sende mamma meg ned til Flekke på butikken med ei blank tomflaske som eg skulle få påfylt med salmiakk. Det meste gjekk i laus vekt på den tida, veit du. På veg heim trefte eg Nuen (=Kornelius Leirpoll) og Kjellegutt (=Kjell Aagaard) som hang og slong oppe ved Garatunet. Desse karane er nokre år eldre enn meg og var sjølvsagt pokker til karar samanlikna med den yngste Ovahogskaten. Dei ville vite kva eg hadde på flaska. Eg bad dei gjette. - Parafin? - Nei! - Tran? -Nei. - Bensin? - Nei. - Destillert vatn? - Nei, men de kan få lukte på flaska, så finn de det sikkert ut! 
   Det ville dei; eg tok av korken og rette ho fram. Først den eine av karane, heilt nedåt med nasen og drog godt til. Stakkaren krøkte seg i hop og heldt seg for nasen utan å få fram ein lyd, mens den andre gjorde likeeins, drog til seg stanken av ublanda salmiakk så han såg stjerner og fjerne solsystem. Eg godta meg og flirte, men dei lova hemn og juling då dei etter nokre sekund kom til sans og samling. Men eg høyrde ikkje meir om det.

tirsdag 9. juni 2009

UNGDOMSSTEMNE

I barne- og ungdomsåra var det ungdomsstemne om våren. Eg hugsar såvidt til stemna i 1952, som var i Flekke med stemneplass i Håflòten. Neste gong det var stemne i Flekke, var i 1965, i høljande regnvêr. Men lenge før mi tid, i 1939, var det stemne i bygda, så bygda og ungdomslaget  kunne syne fram det nye ungdomshuset sitt.
   For femti år sidan var det stemne i Dale. Og eg, som var trent i å sykle til og frå Dale på konfirmasjonsopplæring ein gong i veka, tok fram sykkelen sundagen og trødde i veg. Det er ikkje stort eg hugsar frå dei mest kulturelle sidene ved stemna. I jubileumsskriftet til Sunnfjord ungdomslag kan eg lese at fransklæraren min på gymnaset var stemnetalar. Johannes Aursland. Det har eg ikkje visst om før no.
   Derimot hugsar eg at eg sat utanfor ungdomshuset då dansen begynte, saman med konfirmantvenen Odd frå Sveien og eit par andre og såg på livet. På ei eller anna vis fekk me tak i ein billett som me byttest om å bruke. Inne i salen trefte eg på bror Steinar, som sjølvsagt burde ha jaga meg heim. Men han tykte det var svært at likkjebroren var på dans sjølv om han ikkje var heilt konfirmert. Han prøvde derimot å skaffe fram ei jente som eg kunne danse med. Det vart ikkje noko av, eg kom meg ut og på heimveg  før han fekk ordna noko.
   Klokka var mellom ti og elleve den fagre sommarkvelden då eg trilla til tuns. Papen stod på toppen av Storehògen og speida etter den fortapte sonen. Men han var sikkert gild for at eg kom då - altfor seint, men ikkje uforskamma seint. Så eg trur ikkje det vart noka saftig skrape den gongen heller.

mandag 8. juni 2009

DET VANFØRE LAMMET

Av alt det underlege som skjedde våren for femti år sidan, må og nemnast at det kom til verda eit lam med vanskapte framføter. Nedste delen av beina var vridde inn mot einannan , så lammet vart såpass rørslehemma at det ikkje kunne dra til fjells med dei andre smalebeista. Viss du legg armane dine på bordet med høgre armen strekt til venstre og venstre armen mot høgre, ser du nokolunde for deg korleis føtene på lammet var. 
   Men det fanst ei god uføretrygd for lam i den tida. Dei morlause lamma vart oftast vekkskjemde tunlam og dilta trufast etter folket og tåteflaska. Dette lammet saman med mora fekk lov å feite seg opp på saftig heimegras, litt ovanfor og litt nedanfor bøgarden.
   Så vart det brått slutt. Den 30. august skulle eg konfirmerast, og dermed vart det vanføre lammet middagsmat for heile festlyden. Og då mora vart barnlaus, stakk ho like godt til fjells, endå det ikkje var lenge att til sankinga.

onsdag 3. juni 2009

LAMMA SKAL MERKJAST

Det har vorte mest tankar om , lite om no i det siste. Får så vere. På skulen driv me og førebur elevane på munnleg eksamen og siste innspurt før dei får karakterane sine. Klart dei er skuletrøtte. Det er me og. Iallfall eg. Men snart slepp dei ut i sommaren og treng ikkje tenkje skule på veke- og måndadsvis. Ein del av dei forlèt oss for godt, og slik må det vere. Og før dei fer, merkjer me dei med karakterar, ikkje med knivstikk i øyra, slik me gjorde med vår barndoms smålam før me sleppte dei til fjells på denne tida av året.
   Lamma våre heime på bruk 5 i Flekke skulle ha avskore ytste flippen av høgre øyret og to små hakk inn frå skurden. Då var dei merkte for livet, og merket kunne kjennast att på gamle, røynde sauer. Kom dei på videvanke i sankingstida og hamna i feil flokk, kunne dei lett identifiserast. Etter kvart kom det namnemerke av metall i bruk, som og hamna i øyra. 
   Men det skal verte vanskeleg å kjenne att elevane på historiekarakteren eg gjev dei. Svært vanskeleg.

tirsdag 2. juni 2009

NY BYTUR

Tidlegare har eg skildra byturen i 1951, og i boka Hundeliv ... skriv eg om bytur og mandeloperasjon i 1955. Neste bytur var i same ærend som turen til bror Arne i 1955 og truleg (noko eg ikkje hugsar) Steinar to år seinare. Me fekk dra til Bergen for å kjøpe konfirmasjonsklede!
   Det var truleg ein udramatisk tur som eg ikkje hugsar så mykje av. Skulen var slutt, slåtten var ikkje begynt, så tidspunktet passa sikkert. Det var iallfall nydeleg junivêr den kvelden tantene mine tok meg med i Nygårdsparken der det var show med mellom andre Rolf Kirkvaag på scena. Der trefte me ein glad russ: Arnebroren. Han var i lag med nokre fleire avgangselevar frå Hordaland fylkeskommunale. 
   Dei to tantene mine vart dugeleg smigra då kameratane til Arne lét over seg kor unge og fine tanter han hadde. Forresten skrønte dei ikkje i det heile: Tante Gerd var 31 år, og tante Karen hadde nyleg fylt 24!
   Verken konfirmasjonsdressen eller tilhøyrande frakke eksisterer ikkje lenger det eg veit. Men i slutten av august kjem eg kanskje til å syne fram konfirmanten i dressen, fotografert hos Polyfoto i Bergen juni 1959.

mandag 1. juni 2009

SKULESLUTT

Nei, ikkje for i år. Men for femti år sidan i desse dagar var det slutt på sju års folkeskule i Flekke. Me seks avgangselevane var jamvel heim til Årøyen (læraren vår, Sigurd Årøy) på eit lite matamåltid. Kva me fekk, hugsar eg ikkje. Eg hugsar kun at eg ville lugge med meg eit hårstrå frå kvar av jentene og ha som souvenir. Det gjekk dei meir eller mindre motvillig med på. Eg kan ikkje hugse om håra vart gøymde, iallfall anar eg ikkje kvar dei vart av. Så var det slutt på klassesamværet med Solfrid Espedal, Riborg Løseth, Anny Vassliås, Hildgunn Rennestraum, Magnar Dørhellen og meg. Riborg og eg gjekk forresten i same klassen første året på realskulen. Elles vart me spreidde på ulike klassar i 8. , og dei andre fire gjekk vel i yrkesklassar. Det var første året med obligatorisk 8. året i grunnskulen. Men før den tida hadde me ein god og lang sommarferie framføre oss. Med hesjing, hesjing. turrhøy, bading og meir hesjing for mitt vedkomande. Og sikkert andre ting og. Eg har sett fint lite til dei andre fem i åra som har gått, bortsett frå Solfrid. Magnar trefte eg i Flekke for nokre få år sidan, og han var blid og gemeinsleg som før. Anny trefte eg i gravferda til Ola Espedal, men ho kjende meg ikkje att med det same og trudde det var Knut David Hustveit. Ho vart noko flau og mutt då flausen gjekk opp for henne. Hildegunn har eg knapt sett sidan me var tenåringar, og Riborg, som faktisk bur i Sunnhordland, ho og, trur eg knapt eg har treft på førti år.

søndag 31. mai 2009

MEIR ELEKTRISK

Det elektriske gjerdet vårt vart ein suksess. Me strekte hesjestreng frå staur til staur, og vips var ein stor teig inngjerda så kyrne eller merra kunne gå der og beite utan å kome på videvanke. Første gongen var nok kyrne lite imponerte og trudde at dette skulle dei lett forsere. Men dei kom fort på andre tankar når dei fekk seg ein støyt. Jamvel merra, som kunne vere arrogant og sjølvsikker, utvikla ein djup respekt for denne tynne strengen og andre strenger ho såg. Dyra vart flinke til å tøye dei lange halsane sine under gjerdet og beite så langt dei rakk utanfor strengen utan å kome borti.
Me gutane narra andre ungar til å ta i strengen, og hadde det minst like festleg som elektrikarane då me testa gjerdet første gongen. Tremenningen vår, Jan Harald, såg fornærma på oss og spurde: "Hvem var det som spente meg?" Jan Hovlandsdal pissa på strengen og fekk røyne ein målbar effekt.
I haust var eg på Stord sjukehus og fekk elektrobehandling mot hjarteflimmer. Dei la to elektrodar nesten så store som skulesvampar mot brystkassa og sende inn 100 til 150 joule. "Då grylte du vel nett som grisen når me var borti han med det elektriske gjerdet," spurde bror Arne i ei tekstmelding. Men nei, eg hadde totalbedøving dei minutta det stod på. Det fekk ikkje grisen.

ELEKTRISK GJERDE

Per Ørjan oppe i svingen har skaffa seg nokre lam som går og beiter  på plenen hans. Det er sikkert ein lettvint måte å halde graset nede på. I dag har eg streva i  timesvis i den vesle hagen vår med alle krokar og krær der det det veks gras og ugras. Men me har tenkt med skrekk og gru på korleis det blir viss lamma til Per Ørjan kjem og et opp georginane og rosene våre, slik vidlasmalen gjer i hagen vår i Bekkjarvik. Men no ser eg at Per Ørjan har gjerda inne hagen med to lags tråd for elektrisk gjerde. Om det er straum i gjerdet, veit eg ikkje, og eg har ikkje tenkt å kjenne etter.
   Då me fekk elektrisk gjerde heime for nokre og femti år sidan, var det eit nyhende i bygda. Papen hadde skaffa elektrikarar, eg hugsar ikkje kven det var, men det var to karar som stod for det reint tekniske. Og me tre brørne var nyfikne tilskodarar då apparatet vart montert under takufsa på skurelemmen og strenger vart strekte derifrå. Då alt var klart, skulle det prøvast. Den yngste først. Eg kneip neven om strengen, skreik AU! og rykte handa til meg. Han eine elektrikaren lo så han riste, men brørne mine tykte eg var pysete. Så Steinar treiv karsleg og frimodig med neven sin om den same strengen. Nett det same skjedde med han: Han rykte handa tilbake og gneid henne mot den andre, og han der lystige elektrikaren lo endå meir. Bror Arne, som var den eldste, mest erfarne og tøffaste av oss tre, tenkte at her måtte ein vere varsam og gå sakte til verks. Han førte fingertuppane forsiktig bort i strengen.  At dei same fingertuppane var dei mest smertevare delane av handa, tenkte han nok ikkje på nett då, kloke storebroren min. Så du kan gisse på kven av oss tre som fekk mest vondt i fingrane då støytet kom! Og elektrikaren heldt på å le seg i hel!

onsdag 27. mai 2009

PÅ STYLTRER




Han med fekk hug å prøva
desse nye styltrone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.
(Olav H. Hauge, Dropar i austavind 1966)


I familien min har kunsten å gå på styltrer gått i arv. For meir enn femti år sidan laga bror Steinar eit par drustelege styltrer av kornstaurar. Det var om lag ein og ein halv meter opp til fotklossane. Eg brukte styltrene meir enn han, vil eg tru. Underleg nok var dei gode og stødige å gå på, berre ein kom seg oppå og av garde. Men å stige på dei kunne ein ikkje gjere kvar som helst. Eg brukte å bruke kjellarhalsen ved gamlestaua som påstigingsplass. Ein gong gjekk eg ned i grannetunet der Finn-folket framleis budde i gamlehuset sitt. Stova og stoveglaset låg høgt over bakkenivå over kjellarinngangen. Men eg rakk fint opp, banka på ruta og spurde om ho Hildur var heime. Det var eit stunt som det gjekk gjetord om lenge.
Seinare har sønene mine pent måtta lære seg styltekunsten. Og i neste omgang laut Hannah til. Snart er det Frida og Sigurd sin tur.

tirsdag 26. mai 2009

KØBENHAVN

I går kom Anne og eg heim att etter ei langhelg i København. Me hadde som påskot at me feira førti års bryllaupsdag. Den dagen er nemnd i ein tidlegare logg. 
   København er ein sjarmerande by som me har vitja mange gonger. For snart tjue år sidan var me der med våre to yngste, Vegard og Tore. Me låg på Bellahøj Camping eit par netter, var i Tivoli, på Strøget og på Zoo. Det var sommar og sol, og laurdags kvelden var det eit yrande liv på Strøget. Til stor jubel for ungane fekk dei sjå ein fyr som bada naken i Nyhavn. "No må du sjå godt etter, mamma, der er noko for deg!" ropte Tore. Anne vart så flau at ho helst ville heim att sporenstreks. 
   Første gongen eg var i København, var i studietida då historisk institutt i Bergen skipa til ekskursjon til Sjælland. Det var ei oppleving i nydeleg maivêr. Denne gongen var det litt meir blanda, med sol og regn om einannan. Ettermiddagane og kveldane var fine, men då me såg på København maraton sundag føremiddag, kom det nokre plaskebyger.
   I grunnen utretta me ikkje så mykje. Me var faktisk på jazzkonsert tre kveldar på ein koseleg liten jazzkafé som heiter La Fontaine. Der var det berre å gå inn og setje seg. Ikkje inngangspengar, og billeg øl før klokka ti.
   Gerd og Arild var i lag med oss ein del av tida. Dei drog tilbake med båten sundag. Dei budde på eit anna hotell, men me treftest i byen med faste mellomrom. 
   No er det ein ny kvardag, regn og småsurt, men godt for sniglane som et opp georginene våre. 

tirsdag 19. mai 2009

SYSTA HAR BURSDAG

Eigentleg var ho fødd pinsafta, men har bursdag i dag. Slik eg ser det, kan ho gjerne feire to bursdagar, den 19. mai og pinsafta (når den ikkje fell på den 19.) Eg gratulerer hermed Liv Elisabeth med dagen! Så mykje! Illustrasjonen er ikkje av heilt ny dato, men skriv seg heller ikkje tilbake til året 1956, det året eg trilla henne heim frå dampen.

mandag 18. mai 2009

18. MAI

Dette vert kort og latmannsaktig. Eg viser rett og slett til dette dokumentet på nettet (klikk her), og til kapitlet som heiter   OHOFFBOFF OG RAUDE HUNDAR. Der kan du lese om den attande mai i det eineståande året 1956. Men eg siterer sjuande sansen min frå dei tre datoane, den 17., den 18. og den 19. mai:
 Torsdag 17. mai: Det var regnver så vi kunne ikkje ha 17. mai-leikar. Ringde til Bergen og tala med mor.
 Fredag 18. mai: Eg fekk dei raude hundane.
 Laurdag 19. mai: Eg fekk syster.
Meir i boka Hundeliv i Flekke viss du klikkar der oppe.