mandag 19. desember 2022
JULEREISA 2022
søndag 18. desember 2022
JULEREISA 2020
JULEREISE 2020
Reisemål 4
Reisemål 5
Ny by, nytt land. Byen ligg høgt, og breier seg meir og meir. Byen vart til på ruinane av ein av verdas vakraste byar, som vart rasert og ramponert av folk som gav han den karakteristikken eg brukte tidlegare i denne setninga. Her har ein nygift idrettsmann som seinare fekk ei særs høg stilling i heimlandet, vore på segltur, men utan å nå så høgt på resultatlista.
Det var ikkje ein hund han kom med, då Charles vitja dette området i si tid. Nær eit hundreår seinare slo ei gruppe nordmenn seg ned her, men vart nok slitne og skuffa etter kvart. Enno finst det visst etterkommarar av dei i området. På same linja ein heilt annan stad på jorda er dei svært redde for klimakrise. Namnet på reisemålsvaret kan gje assosiasjonar til ei kjend suppe som eg aldri har smakt.
Reisemål 7
Også denne staden heiter noko som kan minne om namnet på reisemål 1 og 2. Namnet har det særmerket at me skriv det med ti konsonantar og to vokalar. Det er ein storby i eit land som har ord på seg for å vere ein avansert multikulturell velferdsstat. Byen har vore råka av tre fælne katastrofar i dette hundreåret, to nokså like, den tredje av eit heilt anna slag. Statssjefen i landet er ingen ungdom.
Reisemål 8
Denne byen står i gjeld til ein person som er nemnd i tilknyting til eit anna reisemål. Også denne byen har vore herja av katastrofar, nokre av dei hadde mykje til felles, men den som råka byen for snart åtti år sidan, var av eit anna slag, og alle skilde seg frå dei som råka byen i reisemål 7. Det er lang veg frå byen til hovudstaden i landet. I luftlinje er det kortare veg til hovudstaden i det næraste grannelandet, som er ein av dei nyaste medlemmene i FN. Byen er om lag jamstor med Stavanger i folketal, og dei to byane har meir til felles enn nett det. Landet har kvinneleg statssjef.
Reisemål 9
Området er nemnt utan at namnet var nemnt i forklaringa av eit tidlegare reisemål, og det har mykje av same problema som eit anna reisemål me har vore innom. Det er eit land med ein verdsrekord som skil seg sterkt ut frå eit anna land i same verdsdelen med ein nær sagt motsett verdsrekord. Sol, vind og væte er det rikeleg av i dette landet. Landet har i underkant av ein halv million menneske av blanda avstamming og med ulike tungemål, men dei fleste ber til same guden.
Reisemål 10
På 1960-talet var dette reisemålet tidt og ofte nemnt i eit uhyre populært radioprogram. Me finn opplysningar om området langt bak i ikkje-nordiske oppslagsverk. Den noverande politiske statusen fekk området i det året då eitt av vårt aller største friidrettstalent mislykkast rett før ei så godt som sikker gullmedalje skulle hentast heim. Eit utval stoff som mellom anna pregar jula og juleførebuingane våre, har vore til både velsigning og forbanning for folk i dette området.
Reisemål 11
Me byter verdsdel. Reisemålet no er ein by som har fått namnet sitt frå ein fransk adelsmann og religiøs hovding. Denne byen toppa ei uhyggjeleg liste der Kirkenes kom på andreplassen. Området som byen er hovudstad i, har eit namn som dukkar opp i tittelen på eit klassisk verk i ein litterær sjanger som har breidd seg mykje dei siste åra. Det er òg knytt til ein spesiell symbolsk figur. Språket i landet er ein variant av eit stort språk, men her er dei fleste trufaste tilhengjarar av ein annan religion enn den som storparten av brukarane av moderspråket held seg til. Området har i si tid hatt ei nær politisk tilknyting til fleire av dei andre reisemåla i julereisa.
Reisemål 12
Denne staden har ein viss likskap med reisemål 11, om me ser stort på det. Staden hadde frå gammalt av ei administrativ felles tilknyting med utgangspunktet for påskereisa i år og fram til og med året då reisemål 10 fekk endra politisk tilknyting. Det har han framleis, men på ein annan måte. Mange av pionerane på staden kom truleg frå det opphavlege heimlandet til dei som døypte om reisemål 3. Me ser restar av opphaldsstaden deira, som dei laut forlate for eit halvt tusen år sidan. Namnet på staden er i to ledd, og siste leddet er også etternamnet til ein avdød politikar og ein forlengst avdød leiarfigur med holdningar som avveik sterkt frå politikaren.
PÅSKEREISA 2020
PÅSKEREISE 2020
PÅSKEREISE
ETAPPE 1
ETAPPE 2
ETAPPE 3
ETAPPE4
ETAPPE 5
ETAPPE 6
PÅSKEREISE
ETAPPE 7
***
ETAPPE 8
PÅSKEREISE
ETAPPE 9
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 10
PÅSKEREISA 2020. FASIT MED FORKLARINGAR
PÅSKEREISE 2020 ETAPPE 1
Fleire norske stader har heilt like namn med to ledd. Første leddet er av gresk opphav andre er nordisk. På ei stor og folkerik øy finst det minst tretti stader med det same namnet, men lett tilpassa språket i landet og i to nesten like variantar. Me skal fram til ein stad i Noreg, som har eit heilt anna namn, men mellom anna det til felles med den eine norske staden at begge har ein institusjon av nokolunde same slag, begge har folk som arbeider med framstilling av eit visst produkt som dei ikkje lagar på stadene med omtalte namn, og begge stader bur det folk som ber namnet denne oppgåva omtaler.
LØYSING
Første leddet i namnet Kyrkjebø er avleidd av gresk kyriakon. Det kan omsetjast som huset til sjefen, eller Herrens hus, for å vere litt sakral. I Storbritannia, særleg i Nordaust-England, finst det mange stader som heiter anten Kirby eller Kirkby, namn som danske og kanskje norske vikingar har etterlate seg der. Den største staden i Noreg med det namnet er Kyrkjebø i Høyanger kommune i Sogn, og der ligg det ein psykiatrisk institusjon, Tronvik. Me skal altså fram til ein annan stad der det òg ligg ein psykiatrisk institusjon. Då skal me til Valen. Sameleis som på Kyrkjebø i Høyanger bur det folk her med dette etternamnet, og på begge plassane arbeider ein del folk i aluminiumsindustrien, på Husnes eller i Høyanger.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 2
På denne flata i eit dårleg steikt område i ein norsk by var ein person nær ved å oppnå ein stor triumf som glapp i siste liten. Men mange har lykkast, andre har gått skuffa derifrå. I nærleiken blir det unyttige til det nyttige. Folk som har det travelt, får snart viljen sin oppfylt, og folk med pengar kan lette på kontoen og fylle posane. Her er det etter det eg veit, ikkje utstyr til seglskuter, om nokon skulle tru det.
LØYSING
Ein fisk eller ein kotelett som er dårleg steikt (eller dårleg kokt) er truleg rå inni. Rå er òg eit ord frå seglskutespråket. I Rådalen i Bergen ligg det svære kjøpesenteret Lagunen, eit bossbrenningsanlegg som gir frå seg varme og eit veganlegg som snart opnar for snøgg trafikk til Os. I Rådalen finn me Fana Stadion, som er løysinga her. Der sprang Rune Kyrkjebø hundremeteren på krinsmeisterskapet den sommaren han fylte femten. Han låg an til å vinne, men vart forbisprungen av to konkurrentar rett før målstreken.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 3
Me kan krysse denne staden på fylkesvegen med nytt primtal som inkluderer det gamle primtalet. Når me gjorde det for ein del år sidan, var det lite å sjå. Innbyggjarane meiner at dei ikkje bur i nokon kommune. Me må ikkje late oss narre til å tru at staden har tilknyting til eit subtropisk havstykke, men staden har hatt meir å seie for radiosendingar frå tilhøyrande lokalkontor. Island og Kina har vore inne i diskusjonar. Vegen ligg 37 moh., men før var det lett å kome til fjells.
LØYSING
Fylkesveg 79 kryssar bygda, og denne vegen er del av den gamle riksveg 7, seinare fylkesveg 7. Tidlegare låg det tjukk, kvit industrirøyk langs vegen, så me såg ikkje mykje av bygda. Denne bygda ligg i Kvam herad, ein av få kommunar som insisterer på å kalle seg herad istadenfor kommune. Fisken ål har den fikse ideen at han sym heilt til Sargassohavet for å gyte. Siv Fossåskaret i NRK Hordaland er frå denne bygda, der Bjølvefossen smelteverk ligg, eit anlegg som heldt på å bli nedlagt og flytta til Island for nokre år sidan. Men det enda med kinesisk kapital og ny giv i Ålvik. Trallebana som gjekk høgt til fjells, vart bygd for å nå raskt fram når kraftanlegget skulle stellast.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 4
Eit holete område med eit modalt hjelpeverb og eit skremsel eller grasbakke med eit særsyn som kan skruast av og på. No er det relativt roleg, så mange er passeleg sure. Ikkje langt unna boltrar det seg ein masse småfisk. Pengemangel er ikkje noko stort problem, og folk deromkring har god plass. Men nett her er det nesten ingen som bur.
LØYSING
Ei rad tunnelar pregar vegen opp denne dalen, med hjelpeverbet Må og skremmeordet bø i namnet. Her kan me skimte Vøringsfossen, som vert nedstengd og påskrudd når det passar. Elva er nemleg regulert og går i tunnel ned til Sima kraftverk. Men i konsesjonsvilkåra heiter det at turistar skal f å sjå fossen i turistsesongen. Og det hender dessutan at dei opnar fossen når vassmagasina er fulle.Då denne oppgåva vart laga, var det hytteforbod og andre strenge reglar på grunn av koronafaren, så alle hytteeigarane oppe ved Garden og Maurset fekk seg ei ufrivillig hyttepause – desom dei var lydige. Inne i fjellet i Sima, der kraftstasjonen ligg, er det eit setjefiskanlegg som skal ta vare på fiskestammane i dei regulerte elvane. Eidfjord kommune er ein svært rik kommune og med få innbyggjarar. Her i Måbødalen bur det nesten ingen.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 5
Me er ikkje lenger i det fylket der du kan finne dei fire første reisemåla. Denne staden eksisterer og er ikkje eit eventyrområde. Ein idrettsutøvar gjorde to svært rosverdige prestasjonar i same fylket. Han kom frå ein by som ikkje er kjend for denne idretten, og har same førenamnet som den største kjendisen på staden me skal til. Staden var forresten lenge kjend for ein annan idrett. Stasjonsbygningen er ei arkitektonisk perle. LØYSING Me er i Innlandet fylke no. Første leddet i namnet til reisemålet er Alv, men namnet kjem nok ikkje frå eventyrfiguren. Kjell Storelid frå Stord fekk to sølv i OL på Lillehammer, rett bak vinnaren Koss. Skeiseløpa gjekk forresten på Hamar, som ligg i same dåverande fylke som etappemålet vårt. Men den store kjendisen her er sjølvsagt ein annan Kjell, med etternamnet Aukrust, fødd for hundre år sidan no i april. Etappemålet Alvdal var i si tid særskilt kjend for skisport. Rørosbanea kryssar bygda, og den arkitektteikna stasjonsbygningen er nyrestaurert og vakker.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 6
Me snakkar no om ein kommune, ikkje ein fugl., og me er i same fylket som i førre etappe. Kommunen og det nære omlandet utmerkar seg når det gjeld arkitektur og kokkekunst, men her er andre viktige høgdepunkt. Her står ei statue av ein slektning av kjendisen i etappe 5. Meir skal oss ikkje røpe.
LØYSING
Fuglen Lom har truleg ikkje noko med kommunenamnet Lom å gjere. Me er framleis i Innlandet fylke, men hadde dette vore i fjor, hadde me kryssa ei fylkesgrense og hamna i Oppland. Arne Brimi er frå desse trakter, frå Vågå kommune nær grensa til Lom, og fleire andre storkokkar har kasta glans over bygdene, delvis i Lom kommune, delvis over grensa til Vågå. I Lom er og ein dugande bakar. Lom stavkyrkje fell godt inn i den særmerkte arkitekturen med svarte, tjørebreidde tømmerhus. Farbror til Kjell Aukrust, diktaren Olav Aukrust, er heidra med ei statue ved kyrkja. Og gløym ikkje dei høgaste høgdepunkta i landet: Galdhøpiggen og Glitretind. I Gudbrandsdalen og fleire bygder kring Døvre , både i nord og i vest, seier dei oss der andre seier vi eller me.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 7
No er me i eit nytt fylke. Dette er eit flatt, vindfullt og svært bråkete område. Trass i det har folketalet auka ein del dei siste åra. Frua har sett spor etter seg både i historia, litteraturen og kulturlandskapet. Blir ein svimmel av å bu på denne staden? Eg veit ikkje, eg har aldri vore der. LØYSING Ørland er vald som hovudbase for dei nye kampflya, eit maskineri som lagar eit helveta bråk når det fer til vêrs. Ute på kysten her i Trøndelag er det flatt og vindfullt, har eg høyrt. Takka vere oppbygginga av flybasen saman med ei kommunesamanslåing har folketalet auka ein god del i det siste. Fru Inger til Austråt regjerte her på femtenhundretalet, noko som mellom andre Henrik Ibsen profiterte på. Og førestavinga ør i namnet har nok ikkje noko med svimmel å gjere.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 8
I dette vegkrysset, som faktisk eksisterer, men er best kjent i fiksjonen, har Anne, eg og fleire med oss handla seg kaffimat. «Et lite viiinerbrø' fra Størens bakeri» song Rolf Wesenlund i musikalversjonen av Bør Børson. På heimveg frå Trondheim ein gong me køyrde med bil, stansa me på Støren, fann eit bakeri som smykka seg med wienerbrød. Så tok me av frå E6 og køyrde opp Gauldalen mot Røros. Om Johan Falkberget nemnde Størens bakeri i rOmanen sin, veit eg ikkje. Tvilar på det.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 9
Me er komne langt av garde til utlandet. Eg fotograferte ein gong ein nykomling her som har fått namnet sitt etter ein mytisk figur med karakteristiske eigenskapar som var lette å sjå på staden. Staden ligg på same breiddegraden som eit nasjonalt klenodium i eit land med historiske band til landet der dette reisemålet ligg.
LØYSING
I august 1964 flaug eg heim frå USA med eit islandsk fly, mellomlanda mellom anna på Keflavik og fauk vidare mot aust. Me flaug lågt over øya som året før hadde dukka opp or havet med ein eldsprutande vulkan og frisk røyk. Eg tok eit par bilete av øya gjennom vi ndauga der eg sat i flyet, og iallfall på eitt av dei kan me skimte eldmørja i vulkankrateret, men kanskje ikkje på denne kopien ovanfor. Øya vart døypt etter ein norrøn eldgud som på gammalislandsk heitte Surtur, så Surtsey er namnet. Om lag på same breiddegraden ligg Nidarosdomen.
***
PÅSKEREISE ETAPPE 10
Me er i same landet som i etappe 9. Her står ei statue av ein pioner som etter ei farefull reise hamna på denne staden. Ei liknande statue står på den staden mange meiner han kom frå. Då han kom hit, la han merke til noko som likna på det som lenge var så karakteristisk for reisemålet i etappe 3. To viktige samkomer i førre årtusen medverka til at staden vart verdskjend.
LØYSING
Viss du greidde 9, vert dette lett, sidan me framleis er på Island. Viss du greidde denne, men sleit med 9, vert 9 lettare når du skjønar kvar me er no. Pioneren heitte Ingolf Arnarson, han som har fått æra av å vere den første permanente innbyggjaren på øya. I bygda Rivedal ved Dalsfjorden i Sunnfjord står ei statue som er ein kopi av ei statue i Reykjavik. Rivedølene hevdar at Ingolf kom derifrå. I sogene står det at han kom frå Dalsfirđi à Fjợlum – Dalsfjorden i Fjaler. No ligg ikkje Rivedal i noverande Fjaler kommune lenger, men det gjorde bygda fram til ca. 1990. Same det, lat rivedølene få ha denne æra. Sjølv trur eg ikkje på at han og følgjet hans kom frå Rivedal, men det har ikkje noko med denne påskereisa å gjere. Då Ingolf kom nær land ved Reykjavik, såg han røyken frå varmekjelder inne på land, så då visste han kva staden skulle heite. Dampen frå kjeldene var sikkert like kvit som røyken frå Bjølvefossen smelteverk, som låg som ei tjukk skodde over Ålvik før i tida. I Reykjavik var det litt av eit toppmøte under VM i sjakk i 1972, då dei to rivalane Boris Spasskij og Robert Fischer møttest. Nokre år seinare, i 1986, møttest Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov til eit minst like viktig toppmøte i same byen.
***
JULEREISA 2020 MED LØYSINGAR
JULEREISE 2020 MED FASIT
Reisemål 1
I Påskereisa, som altfor få sende løysingar på, begynte me med eit reisemål som omtalte eit stadnamn, og no skal me til eit anna land og til ein stad med om lag det same namnet, men på språket til dette landet. På denne staden står eit uferdig hus, påbegynt for mange år sidan, og her voks det opp ein konge. Landet er underleg nok ikkje EU-medlem.
LØYSING:
Kirkjubøur på Færøyane. Kong Sverre voks opp her, er det fortalt. Det var på den tid eit bispesete. Murar av ei påbyrja kyrkje frå mellomalderen står der enno. Pussig nok står Færøyane i motsetning til Danmark formelt sett utanfor EU.
Reisemål 2
Me stikk innom ein by med eit namn som kan minne litt om namnet på løysinga av Reisemål 1, og som vart grunnlagd av folk som snakka om lag det same språket på den tida desse reisemåla vart grunnlagde. Eit stykke utanfor denne byen skjedde i si tid eit underleg ”forlis” og ei ufatteleg mengd skip sokk til botnar. Her døydde ein konge som vart gravlagd i den byen som då var hovudstad i landet som denne byen tilhøyrde. Men dei jordiske leivningane hans forsvann. Høglandsparken har lite med høgland og park å gjere, men har ein fin røyksmak.
LØYSING:
Kirkwall på Orknøyane, grunnlagt av norrøne innvandrarar i vikingtida. I havområdet utanfor, i Scapa Flow, var den tyske krigsflåten samla etter våpenkvila i 1918 i påvente av fredsavtalen i Versailles. Då det var klart at flåten skulle bli overlevert til britane, søkkte tyskarane heile flåten: 64 krigsskip gjekk til botnar ei juninatt i 1919. Kong Håkon Håkonsson døydde i Kirkwall i 1263, vart gravlagd i Bergen, men grava vart øydelagd og forsvann i reformasjonstida. Whiskydestilleriet Highland Park i Kirkwall brukar torvrøyk i maltprosessen.
Reisemål 3
Nytt land, ny stad: Byen har eit namn av engelsk og norrønt opphav, men hadde eit heilt anna namn ein gong. Det noverande namnet er inspirert at ein annan, mindre by i eit anna land. Denne byen er ikkje hovudstad og ligg heilt i utkanten av eit område med same namn. Yngvar Numme har sunge til ære for byen – etter litt fjas og moro.
LØYSING:
New York, grunnlagt av nederlendarar som gav byen namnet Nieuw Amsterdam. York i England kjem av gammalnordisk Jorvik. Hovudstaden i staten New York er ein liten by i innlandet med namnet Buffalo. Numme syng Frank Sinatras klassikar ”New York” i eit revynummer der han opptrer som Ny Jokke.
Reisemål 4
Denne byen er òg oppattkalla. Byen som har gitt inspirasjon til namnet, er kjend på grunn av ei svært from, svært modig og svært ung kvinne og ligg ved den største elva i det landet. Men me skal altså til ein annan by ved ei anna elv i eit anna land. Denne byen ligg i eit vått område og er godt kjend for lystig feitetysdagsfeiring. Han er og kjend for musikk.
LØYSING:
New Orleans i den dåverande franske kolonien Louisiana vart grunnlagd av franskmenn og oppkalla etter Orléans i Frankrike, ved elva Loire litt sør for Paris. Jeanne d’Arc skal som syttenåring ha ført franskmennene fram til siger over engelskmenn som hadde kringsett byen i 1429. Seinare omtalte mange henne som Jomfrua frå Orléans. New Orleans ligg ved utløpet av Mississippi og er flaumutsett. Jazz og andre spennande musikkformer har sitt utspring i eller omkring byen, fødebyen til Louis Armstrong. Den franske arven er ikkje utdøydd, og karnevalsfeiringa Mardi Gras (=feitetysdag) er lystig.
Reisemål 5
Ny by, nytt land. Byen ligg høgt, og breier seg meir og meir. Byen vart til på ruinane av ein av verdas vakraste byar, som vart rasert og ramponert av folk som gav han den karakteristikken eg brukte tidlegare i denne setninga. Her har ein nygift idrettsmann som seinare fekk ei særs høg stilling i heimlandet, vore på segltur, men utan å nå så høgt på resultatlista.
LØYSING:
Mexico by, om lag 2200 m.o.h. er ein av verdas største byar. Før dei spanske conquistadorane kom og raserte byen på 1500-talet, var dette den vakre hovudstaden til aztekarane. Dåverande kronprins Harald deltok i segling i dei olympiske leikane i byen hausten 1968. Sonja og Harald gifte seg i august det året.
Reisemål 6
Det var ikkje ein hund han kom med, då Charles vitja dette området i si tid. Nær eit hundreår seinare slo ei gruppe nordmenn seg ned her, men vart nok slitne og skuffa etter kvart. Enno finst det visst etterkommarar av dei i området. På same linja ein heilt annan stad på jorda er dei svært redde for klimakrise. Namnet på reisemålet kan gje assosiasjonar til ei kjend suppe som eg aldri har smakt.
LØYSING:
Galapagosøyane – dit kom Charles Darwin med skipet Beagle i 1835 og fekk mange aha-opplevingar av det særmerkte dyre- og plantelivet der. Beagle er namnet på ein engelsk harehund. På 1920-talet kom ei gruppe norske kolonistar og prøvde nybyggjarlivet på øyane, men det vart mykje motgang, og dei fleste gav opp. Ekvator kryssar øyriket. I Indiahavet kryssar ekvator Maldivane, som er eit flatt øyland der dei fryktar havstiging. Galapago tyder skjelpadde, og skjelpaddesuppe er visstnok ei delikatesse. Dessverre er havskjelpaddene på Galapagosøyane hardt utryddingstruga.
Reisemål 7
Også denne staden heiter noko som kan minne om namnet på reisemål 1 og 2. Namnet har det særmerket at me skriv det med ti konsonantar og to vokalar. Det er ein storby i eit land som har ord på seg for å vere ein avansert multikulturell velferdsstat. Byen har vore råka av tre fælne katastrofar i dette hundreåret, to nokså like, den tredje av eit heilt anna slag. Statssjefen i landet er ingen ungdom.
LØYSING:
Christchurch på Sørøya i New Zealand, eit land med ei overvekt av innflyttarar frå Europa, mest engelskmenn, irar og skottar. Men urfolket maoriar er i dag godt integrerte, og mange innflyttarar frå Asia og stillehavsområdet finn seg bra til rette i landet. Derimot kom det ein australsk terrorist i fjor og utførte eit brutalt massemord på muslimar i ein moské i byen. To nifse jordskjelv råka byen for nokre år sidan. Dronning Elizabeth 2. er statssjef i landet.
Reisemål 8
Denne byen står i gjeld til ein person som er nemnd i tilknyting til eit anna reisemål. Også denne byen har vore herja av katastrofar, nokre av dei hadde mykje til felles, men den som råka byen for snart åtti år sidan, var av eit anna slag, og alle skilde seg frå dei som råka byen i reisemål 7. Det er lang veg frå byen til hovudstaden i landet. I luftlinje er det kortare veg til hovudstaden i det næraste grannelandet, som er ein av dei nyaste medlemmene i FN. Byen er om lag jamstor med Stavanger i folketal, og dei to byane har meir til felles enn nett det. Landet har kvinneleg statssjef.
LØYSING:
Darwin på nordkysten av Australia er oppkalla etter Charles Darvin, sjå reisemål 6. Byen har vore ille herja av syklonar fleire gonger, og i 1942 vart byen teppebomba av japanarane. Frå Darwin til Canberra er det 3942 km langs hovudvegen, ifølgje Google Maps. Til Aust-Timor er det kortare, men då må du i båt eller fly. Det bur om lag 140 000 menneske i byen, som til liks med Stavanger er ein oljehovudstad i denne delen av Australia. Dronning Elizabeth er statssjef i dette landet òg.
Reisemål 9
Området er nemnt utan at namnet var nemnt i forklaringa av eit tidlegare reisemål, og det har mykje av same problema som eit anna reisemål me har vore innom. Det er eit land med ein verdsrekord som skil seg sterkt ut frå eit anna land i same verdsdelen med ein nær sagt motsett verdsrekord. Sol, vind og væte er det rikeleg av i dette landet. Landet har i underkant av ein halv million menneske av blanda avstamming og med ulike tungemål, men dei fleste ber til same guden.
LØYSING:
Maldivane i det indiske havet, ved ekvator (sjå reisemål 6) har verdas lågaste snitthøgd og fryktar havstiging på grunn av klimaendringar (sjå reisemål 4), i motsetning til Nepal med verdas høgaste fjell. Innbyggjarane talar ulike tungemål fordi dei har ulikt opphav, men dei fleste må halde seg til sunni-islamsk religion.
Reisemål 10
På 1960-talet var dette reisemålet tidt og ofte nemnt i eit uhyre populært radioprogram. Me finn opplysningar om området langt bak i ikkje-nordiske oppslagsverk. Den noverande politiske statusen fekk området i det året då eitt av vårt aller største friidrettstalent mislykkast rett før ei så godt som sikker gullmedalje skulle hentast heim. Eit utval stoff som mellom anna pregar jula og juleførebuingane våre, har vore til både velsigning og forbanning for folk i dette området.
LØYSING:
Zanzibar har vore velkjent for norske sjøfolk, slik det sikkert var for sjømannen som lova jenta si ein ring i Zanzibar i den svært populære slageren som var ein gjengangar i Ønskekonserten i si tid. I 1964 gjekk Zanzibar og Tanganyika saman i forbundsstaten Tanzania. Det året sette Terje Pedersen verdsrekord to gonger i spydkast. Men under oppvarminga før OL-konkurransen i Tokyo pådrog han seg ein strekk og måtte stå over. Ulike krydder har vore og er ei hovudinntektskjelde for Zanzibar, men derfor har øyane vore ettertrakta for utanlandske erobrarar.
Reisemål 11
Me byter verdsdel. Reisemålet no er ein by som har fått namnet sitt frå ein fransk adelsmann og religiøs hovding. Denne byen toppa ei uhyggjeleg liste der Kirkenes kom på andreplassen. Området som byen er hovudstad i, har eit namn som dukkar opp i tittelen på eit klassisk verk i ein litterær sjanger som har breidd seg mykje dei siste åra. Det er òg knytt til ei spesiell symbolsk figur. Språket i landet er ein variant av eit stort språk, men her er dei fleste trufaste tilhengjarar av ein annan religion enn den som storparten av brukarane av moderspråket held seg til. Området har i si tid hatt ei nær politisk tilknyting til fleire av dei andre reisemåla i julereisa.
LØYSING:
Valletta, hovudstaden på Malta, er oppkalla etter franskmannen Jean de Vallette, stormeister i johanittarordenen på 1500-talet. Britisk koloni frå 1814 til 1964, ut or Samveldet i 1974. Malteserfalken av Dashiell Hammett (1930) er kåra som tidenes kriminalroman. Maltesarkrossen er eit kjent symbol frå johanittarordenen si tid. Språket er av arabisk opphav. Dei fleste maltesarar, i motsetnad til arabarar flest, er ihuga katolikkar. Dronning Elizabeth 2. har vore er eller er dronning i reisemål 2, 7, 8, 9 og 10 i tillegg til dette reisemålet.
Reisemål 12
Denne staden hadde ein viss likskap med reisemål 11, om me ser stort på det. Staden hadde frå gammalt av ei administrativ tilknyting i lag med utgangspunktet for påskereisa i år og fram til og med året då reisemål 10 fekk endra politisk tilknyting. Det har han framleis, men på ein annan måte. Mange av pionerane på staden kom truleg frå det opphavlege heimlandet til dei som døypte om reisemål 3. Me ser restar av opphaldsstaden deira, som dei laut forlate for eit halvt tusen år sidan. Namnet på staden er i to ledd, og siste leddet er også etternamnet til ein avdød politikar og ein forlengst avdød leiarfigur med holdningar som avveik sterkt frå politikaren.
LØYSING:
Halsnøy kloster. Munkeordenen augustinarane grunnla klosteret på 1100-talet, truleg etter initiativ frå Erling Skakke frå Etne. Malta og Valletta står òg i historisk gjeld til ein katolsk orden, men ein som skilde seg sterkt frå augustinarane. Storparten av Halsnøy og granneøyane + Valen krins tilhøyrde Fjelberg herad før 1965. No er både Valen og øyane med i Kvinnherad kommune. Dei første augustinarmunkane kom truleg få England. Reformasjonen i 1536-37 gjorde slutt på munkevesenet. Ein del klosterruinar er framleis å sjå. Aksel Kloster frå denne bygda var ein fargerik lokalpolitikar med ein vistitt i rikspolitikken. Asbjørn Kloster frå Rogaland grunnla Det norske totalavholdsselskab.
DÅ ØNSKJER ME DEG VELKOMEN HEIM FRÅ JULEREISA! .
onsdag 20. januar 2021
DEUS EX MACHINA OG EIN MODEN PRESIDENT
For tolv år sidan skreiv eg ein lett optimistisk blogg om innsetjinga av den nyvalde presidenten i USA, ein relativt ung mann som heiter Barach Hussein Obama. Så gjekk det åtte år, og eg skreiv ein ny blogg om ein annan nyvald president. Denne bloggen var ikkje fullt så optimistisk. Stort sett meiner eg det same no som i 2009 og 2017 om desse amerikanske presidentane. Men eg tok heldigvis feil i noko av det eg skreiv for fire år sidan. Donald Trump vart ikkje attvald. Joe Biden og Kamala Harris har no avlagt kvar sin eid til den amerikanske grunnlova og er president og visepresident. Nokon lett jobb får dei ikkje. Det skal me nok høyre mykje om, men meir tør eg ikkje spå denne gongen,
Eg kjem i hug gammal lærdom om gresk tragedieskriving når eg tenkjer på det som har hendt. Det spelet me har sett, spesielt det siste halvåret, er jo ei blanding av tragedie og farse, med storminga av Kongressen som eit dramatisk vendepunkt. Men hadde det ikkje vore for Deus ex machina, hadde resultatet av presidentvalet kanskje vorte annleis. Somme greske tragediediktarar brukte eit spesielt knep for å løyse den dramatiske knuten og gjenopprette rettferda i slutten av stykket. Dei hadde ei maskin som heiste ned på scena ein skodespelar i rolla som gud (=deus), og denne guden rydda bort alle flokar. Guden frå maskina.
Kva har så dette med amerikansk politikk å gjere? Jau, det kom ein virussjukdom til landet for snart eit år sidan. No har 400 000 amerikanarar døydd av pandemien, op svært mykje av samfunnslivet har gått i vranglås. Trump greidde ikkje eller ville ikkje ta epidemien alvorleg og synte seg som ein ubrukeleg 'commander-in-chief' i ein krisesituasjon. Hadde ikkje dette skjedd, er eg stygt redd for at det hadde vore Trump som skulle kaste glans over Washington i dag. No står gamle, snille og velrøynde Biden att, men får ein drittjobb.
Takk til gudane som kom ned på scena frå heisemaskina. Nei, eg ønskjer ikkje død over fleire hundre tusen amerikanarar. Men lell...
tirsdag 7. mars 2017
SENTRUMSTAFETTEN
Eg kjende meg svært usikker på om eg vart teken ut på noko av laga våre, men håpa på ei etappe på b-laget. Men bror Arne, som sjølvsagt hadde eit ord med i laguttaket som i så mykje anna, sette både seg sjølv og begge brørne sine inn på a-laget. Og "gamle" Olav Sande var med og sprang, sjølvsagt fekk han den lengste etappa. (Me tykte jo han var gammal, men han var nok berre 46 år.)
Ja, så sprang me då, og eg laut ta første etappe. Det gjekk ikkje verre enn at eg veksla med bror Arne like i hælane på sentrumløparen, som visstnok dreiv og sprang ein del. Og forlåte meg vann me heile stafetten. Noka stor bragd var det knapt; eg trur ikkje Sentrum idrettslag låg i første rekkje blant friidrettsklubbar i fylket. Likevel var dei litt snurtne, leirvikingane. Premiar? Nei, dei hadde bestilt pokalar, påstod dei, men dei var dessverre ikkje komne, så dei skulle ettersendast. Me trudde no helst at dei hadde teke for gitt at dei skulle vinne, så dei kunne spare utgifter til premiar. For me fekk aldri nokon pokal.
Viss dei ansvarlege les dette, kan dei jo rette opp skandalen.
søndag 5. mars 2017
UVENTA KNAPP
Laget hadde eit godt og tenleg stadion til bruk for friidretten, som var hovudsatsinga til Svint i mi barne- og ungdomstid. Stadionet låg i Skor, heime hos eldsjela Olav Sande. Sand'n var jo den store stjerna i laget, ein seig liten tapp som var i landseliten på lange løp og ein sikker vinnar på ankeretappa i Svintstafetten. Ja, når han berre kom på å ta av på rett plass og ned til målområdet. Heime ved tunet sitt hadde han rigga til hoppestativ, lengdegrop og kulering, og han hadde målt opp distansar i riksvegen for løpsøvingane. Så alt var tilrettelagt for treningsstunder og klubbstemne.
Ein fager sommardag var me opp til Skor og tok idrettsmerke. Etterpå for me bort i Markhusvatnet, ikkje langt unna, og tok ein god dukkert. Nokon foreslo at me skulle symje eit stykke og tilbake, og me så gjorde. Symjinga gjekk bra; eg hadde no trass alt sumt frå Båthammaren ute ved Ilkjensfjæra og over til Kobbeskjeret og tilbake. Eller frå Saueskjeret over til Flekkebryggja og tilbake. Mange gonger.
I juleferien var det årsmøte i Svint, og på same møtet fekk me utdelt idrettsmerka som me hadde gjort oss fortente til. Men så kom Olav Sande med eit merke til: symjeknappen. Eg var blant dei som vart oppropte for å ta imot denne ærefulle knappen. Eg protesterte, eg hadde vel aldri vore med på nokon knappetest? Det måtte vere feil. Men så vart eg påmint om badinga i Markhusvatnet om sommaren. Å ja, no først skjønte eg poenget med den symjeturen. Og knappen vart min.
tirsdag 24. januar 2017
EIN AMERIKANSK DYSTOPI
søndag 22. januar 2017
FLEKKES (OG SVINTS) STORE DAG
torsdag 19. januar 2017
VÅRENS VAKRASTE EVENTYR
Men eitt år skar det seg. Olav gløymde å ta av ved Finn-kalvehuset og sprang vidare innover utmarka i retning Grønekvia og Årelia. Dei som kom bak han, følgde på. Ingen rekna med at ankermannen på heimelaget skulle ta så feil. Så vart tabben oppklara, og ei gruppe andpustne, sveitte og tafatte idrettsgutar labba tilbake til kalvehuset, stansa opp, stod og såg på kvarandre og lurte på kva dei no skulle gjere. Dei tok like godt og stilte seg opp, sa "Klar, ferdig, gå!" og la på sprang dei siste to-tre hundre meterane ned til mål. Og stakkars Olav, som ikkje var nokon sprinter, måtte sjå seg slått av tre-fire andre.
Eg anar ikkje korleis dei takla premieutdelinga den dagen.
onsdag 18. januar 2017
SVINT MOT LUNGEBETENNELSE
Det var ei fin og god drakt, og god for helsa.
tirsdag 17. januar 2017
IDROTTSLAGET SVINT
I dei godt og vel fem hundre blogginnlegga eg har hatt her på denne nettstaden, har eg visstnok enno ikkje skrive om Idrottslaget Svint. Det er ei alvorleg forsømming. Så etter ei lang, lang bloggpause skal eg no bøte litt på denne stygge slurveferda mi.
Inspirasjonen har eg fått frå nokre gledelege kunngjeringar på feisbukk, som syner at laget er i beste velgåande. I barne- og ungsomsåra heime i Flekke var Svint eit heidersnamn, idrettslaget som femnde om Skor, heile Guddalsdalføret og Flekke-krinsen. Seinare breidde det seg visstnok langt ut langs fjorden.
Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynne, men då presenterer eg den første idrettsdrakta som hadde namnet på laget godt synleg på ryggtavla. Det var ei flott drakt, friskare i designet og fargevalet enn dei vanlege blåkvite draktene folk gjekk med viss dei hadde råd til å kjøpe seg treningsdrakt. Trøya ser du her, kvit, raud og svarte bokstavar. Broka var svart, kan eg nemne. Flott, ikkje sant?
Då drakta var ny, var eg og ein guddøling i Høyanger og sprang. Eg trur det var sommaren 1965. Me gjorde stor lukke. Ikkje for det at me la beslag på dei to siste plassane på både firehundre og femtenhundre i juniorklassa. Nei, men me vart hylla for dei vene idrettsdraktene våre.
Om lag femten år seinare grov eg fram drakta, som låg svært langt nede i kleskåpet vårt på Husnes. Det var ein fin vårkveld, og eg fekk for meg at det ikkje var for seint å prøve seg med ein joggetur etter gammalt. Så eg kom meg av garde og jogga pent og pynteleg langs Kaldestadvegen. Nokre gutlarvar såg meg og las høgt og skingrande: "Sviiiin...(t)!" Siste bokstaven var nesten ikkje høyrbar.
torsdag 19. mai 2016
MERKEÅRET 1956
mandag 14. september 2015
RØYSTERETTEN
tirsdag 8. september 2015
NOMADELIV SOM STUDENTAR
Nett i desse åra midt på sekstitalet rann universitetet i Bergen fullt av studentar. Og enno hadde dei ikkje lært seg å stengje så mange studium. For å få systemet til å gå rundt lét dei oss studentar springe hit og dit i byen på førelesingar, kollokviegrupper, eksaminatorium og lesesalar. Dette var heilt ulikt tida på Firda, der me hadde dei aller fleste timane våre i klasserom nummer 5 (populært kalla "Bussen"). Førelesingane til examen philosophicum vart haldne i Folkets hus. Latinkurset gjekk i Muséplass 1. Så var det eitkvart i Lars Hillesgate 20, skal tru om det var kollokvie i logikk? (Då hende det seg at me heller gjekk på Chianti over busstasjonen.) Så var det noko som dei kalla eksaminatorium i filosofi oppe på Florida. Og viss me ville på lesesal, noko som ikkje var lett på grunn av plassmangel, var det eit par-tre meir eller mindre gode alternativ her og der. På Universitetsbiblioteket var det kø allereie ved hanegal. Dette trur eg må behandlast i eit eige blogginnlegg ein gong.
Og så hadde me hybelen min på kvisten i Tartargaten. Universitetet betalte ikkje eingong leige for dei timane me tre karane heldt kollokviemøte der.
søndag 6. september 2015
OMVEND HUSJAKT
Hausten 1967 flytte tre av kompisane mine inn i eit husvære oppe på Lægdene i Bergen by. Utpå hausten flytte ein av dei ut av ekteskaplege grunnar. (Nygift.) Og eg som framleis etter godt og vel to år budde på kvisten i Tartargaten 16, fekk klar melding frå dei to andre at no måtte eg flytte inn istadenfor den nygifte. Der oppe var det mykje meir komfortabelt enn på kvisten; me delte eit romsleg kjøkken og bad med både dass og dusj. Til gjengjeld var det nok litt dyrare, og no var det altfor langt å gå til Sydneshaugen på lesesal eller forelesingar.
Det kunne vere mykje å fortelje om tida på Lægdene. Men eg hoppar eit år fram og presenterer den neste etappe i bustadhistoria. Bror Steinar og Olemann, ein felles ven av oss, hadde fått kloa i eit husvære like ved Fløybanen. Ei dobbel stove, eit separat soverom, kjøkken med kjøleskåp av alle ting, bad, gong og kjellarrom. Dei to karane påla meg å flytte inn saman med dei, for det vart litt dyrt for berre to. Eg aksepterte på vilkår av at eg fekk soverommet. Dei andre to låg i den romslege spisestova, om eg ikkje hugsar feil.
No var det kort veg til sentrum og Universitetet, og endå kortare til ho som eg på det tidspunktet var ringforlova med (og som eg no har vore gift med i 46 år!)
Men sidan me to gifte oss utpå våren, ville me bu for oss sjølve, og då laut eg søkje på Fantoft. Ei kurant sak; då neste semester byrja, var me på plass i E-blokka, som var nesten ny og topp moderne.
Og kva hende då me hamna på Husnes i 1973, der eg hadde fått lærarjobb? Kommunen opna dørene for eit nybygd rekkjehus med hage, berre å flytte inn.
Men då me flytte ut derifrå etter ti år, laut me byggje oss hus sjølve. Her på Valen. Bortsett frå det har husværa stort sett søkt meg som leigebuar, ikkje omvendt.
lørdag 5. september 2015
KVISTHÒLET
Den sommaren hende det noko tragisk. Ein ung kar i bygda vår døydde brått og uventa, og etterlét seg kone og eit barn. Den hausten var det meininga at han skulle ta eit skuleår i Bergen. Nokre dagar etterpå kom ei grannejente som arbeidde i Bergen og skulle ha tak i meg. Ho hadde flytta ut or den vesle hybelen sin og inn i eit større husvære, og ho hadde avtalt med den tidlegare vertinna at han Per Atle skulle få overta kvistrommet oppe i Tartargaten 16. Men kva no? Hadde eg fått nokon stad å bu?
Såleis hamna eg på kvisten, som det heiter i Bergen. Opp fire trapper og inn ein gang. Eit knøttlite rom med eit takvindauge og eit tekjøkken akkurat stort nok til at eg kunne klemme meg ned på ein stol. Vask og dass på gangen. Seks ampères sikringar som rauk viss eg var så uforsiktig at eg gløymde å slå av varmeomnen når eg skulle speile meg eit egg. Ikkje eit einaste klesskåp eller andre skåp, men ei lita hylle med ein portière i ein krok der eg kunne smette ei jakke og ein dress attom. Var det sytti eller åtti kroner månaden eg betalte?
Men dette vart heimen min i over to år. Eg storkoste meg på kvisten, usjenert og uforstyrra som han var. Kompisane og eg fann ut at dette var ein grei plass å samlast når me hadde ei hyggjestund, om det enn vart litt trongt. Vertinna budde heilt nede i første etasjen. Dei andre hybelbuarane på kvisten merka eg lite til. Eg kunne spasere til by'n om eg ikkje var lat og tok Mulenbussen. Og me var ikkje alle så godt vane, me som kom til storbyen og skulle studere. Forresten var ikkje bustandarden for tusenvis av bergensarar så sprek heller.
For femti år sidan.
fredag 4. september 2015
ENDÅ EIT JUBILEUMSÅR
Men dette skal verken handle om åttehundreårsfeiringa av Magna Carta eller tohundreårsmarkering av mellomrikslova. Nærsynt som eg er, vert det eitt eller kanskje fleire innlegg om mi eiga historie. I desse dagar er det femti år sidan eg lét meg immatrikulere ved universitetet i Bergen og gav meg i kast med filologien.
Eg hadde lagt bak meg eit år som lærar i barneskulen på Radøy, nord på Strilelandet, eit arbeid som mange nybakte artianarar tok på seg i gamle dagar. Me kan jo skjelve av uhyggje når me tenkjer på kva dei lét oss ta ansvar for. Men slik var det. Skuleverket skreik etter lærarkrefter, og somme tok til takke med kva som helst, om det så berre var ein halvstudert røvar som hadde dumpa til artium. Vel, det gjorde ikkje eg, heldigvis. Karakterane var greie nok, om ikkje nett i toppsjiktet. Og raværingane tok godt imot den unge spirevippen som skulle vere skulemeister for småungane deira.
Men dette skulle handle om det som kom etterpå. Året på Radøy førte til at eg fann ut at det gjekk an å vere lærar, men eg kunne helst tenkje meg å arbeide i gymnaset, ikkje i barneskulen. Då laut eg hive meg på eit mangeårig studium på universitetet. Og det var ikkje småting, det dei kravde. Ein filolog måtte rekne med fem og eit halvt år for å verte adjunkt, og skulle du ende opp som lektor, vart det minst halvtanna år i tillegg. Til samanlikning kunne du gå to år på lærarskulen etter artium for å verte allmennlærar. Så då eg nemnde planane mine for papen, vart han betenkt. "Da æ et långt lerret å bleikje," sa han. Han hadde sjølvsagt rett. Men for meg var ikkje tid noko problem. Eg var tjue år og hadde oseanar av tid framfor meg. Og Bergen lokka, for der hadde eg både slekt og vener i hopetal.
Eg må nemne eit pussig poeng: Mange studium var såkalla opne studium på den tida. Filologien var eitt av dei. Det ville seie at du kom inn så sant som du hadde fullført gymnaset med ståkarakterar. Då var det verre å kome inn på den toårige lærarskulen oppe på Landås. Der var det ei poenggrense. I prinsippet kunne såleis ein artianar som ikkje kom inn på lærarskulen, begynne på universitetet og verte lektor. Ja, i neste omgang kunne han kome attende til Landås. Som høgskulelektor.
Det var ikkje difor eg møtte opp med lånt studenthue, lét meg immatrikulere og tok imot mitt akademiske borgarbrev frå Universitas Bergensis i september 1965.
lørdag 20. juni 2015
SMÅ OG FÅ EPISODAR FRÅ LIVET TIL EIN 70-ÅRING.
Reidarbror 70 år, 19. juni 2015
![]() |
| Dompapusa tyttamai |
I ei tidleg etterkrigstid var det mykje som var nytt og ukjent, som td appelsiner og sjokolade. Reidaren var nok for liten til å smake, men det går gyskjer om to eldre brør som sputta det ut første gongen dei fekk sjokolade. Men det var den gongen det....
Om det var første gongen me fekk smake fiker, veit eg ikkje sikkert, men i eit julebesøk på Igelkjøn fekk me i alle fall fiker. Så fann tante Målfrid ein fike på golvet, og som det ordensmenneske ho var vart det forhøyr: Kven var det som for slik åt? Og vesle Reidar, som ikkje likte denne nye og ukjende smaken laut med gråtkvalt røyst vedgå: «Eg rette handa ut slik, og så miste eg da».
| Ser du etter fly Reidar? |
Første gongen det landa fly på Flekkefjorden var truleg sommaren 1946, ein friar til ei Flekkejente hadde sett seg råd til å imponere. Me var i gang med slåtten, og det kom eit fly som krinsa over tretoppane.
Grunnen til at eg kan minnest dette, er nok at papen – som sjeldan sprang når han heller kunne gå – tok Reidaren under armen og sprang med kurs mot Røvebakkjen, som me kalla det fordi papen hadde revegard der, men som Jørgina kalla Nepehogjen.
Frå Røvebakkjen kunne me sjå sjøen, og dette flyet var langt nærmare enn dei me hadde sett i det fjerne den svarte fredagen 9. februar 1945 med luftkampar over Førdefjorden
Andre gongen eg hugsar at papen sprang, var då Reidar og eg (det var nok heller eg og Reidar...) laga dampmaskin ved løeveggen……
I vår tidlege barndom var det berre godver og me bada heile somrane og gjekk på ski og skeiser heile vintrane. Såleis hadde me ei sutalaus barndomstid. På skulen gjekk me annankvar dag: I småskulen tysdag, torsdag og laurdag – i storskulen måndag, onsdag og fredag. Reidar var rimeleg skuleflink, og kunne komme med vel gjennomtenkte svar, som då Årøyen i ein bibelsogetime ville vite kvifor Israelittane ikkje bygde hus, men låg i telt då dei vandra i øydemarka i 40 år. Og Reidar presterte eit logisk svar: «Dei hadde vel ikkje spikar!»

Berre ein ting i tilknytning til det eg starta med:
Me fekk ei syster, men det tok 11 år, og då hadde både Reidar og eg for lenge sidan fått eiga seng, slik at det venteleg var plass…
Så får eg slutte av dette nattarbeidet med eit bilete der Reidar og konfirmanten (ikkje paraplydama) er i aksjon ved førebuingane til konfirmasjonsfesten til syster vår (seinare; «Tante Liv»)



