lørdag 18. april 2009

NY APAL

I dag har eg planta ein ny apal istadenfor den som me saga ned for to år sidan. Me saga han ned eit stykke oppe på stammen for at det skulle kome nye skot. Nye skot kom, men me har små barneborn, og skota vart øydelagde. Så no er stuven vekke og ein nyplanta Discovery skal overta.
   Då eg var gutunge heime, var eg svært glad i epla me fekk på dei gamle aplane. Sure, vindfulle haustdagar plukka eg nedfallseple og gjekk på gamlestauloftet der eg uforstyrra kunne kose meg med eple, pakkeball og lesestoff.
   Me skulle ikkje ta eple frå trea, berre nedfallseple. Det var ein regel som kunne vere hard å følgje, men til vanleg var det nok å finne i graset under aplane. Ein gong kom eg over bror Arne, som kosa seg med nokre fine Gravensteins-eple. Han kunne fortelje at der hadde vore ein framand mann i hagen som hadde plukka lommane fulle, men då han såg Arne, rømde han så epla dreiv. Det var desse epla han hadde teke hand om. Jaja, eg hugsar ikkje om eg trudde historia hans.
   Men gravensteinsepla var best når dei hadde lege nokre veker etter innhausting. Ein vinterdag nærmare jul fann eg eit stort, fint gulgrønt graveensteinseple i høystålet ein kveld eg var med og hjelpte til i floren. Det må ha vore eit mirakel som har ført det dit. Men eg åt det med god appetitt. Eple er godt, norske eple er framifrå, og dei beste er dei me plukkar av våre eigne aplar. Me hadde to gamle aplar som me saga ned. Den andre er ein håkonsapal, og den kjem med nye, fine skot. Ovanfor podinga, håpar eg.
   
   

torsdag 16. april 2009

NYE VARESLAG

Me som kom til verda under og rett etter krigen, opplevde at det dukka opp nye, eksotiske produkt som kunne få ei blanda mottaking. Eg trur nesten at brørne mine hugsar den første etterkrigssjokoladen, men i så fall får dei stadfeste eller avsanne det. Sjølv har eg eit minne til at tante Gerd kom frå by'n med ein ny type frukt, noko me sikkert hadde høyrt om, men aldri sett, langt mindre smakt. Banan heitte det. Eg og fekk ei, men eg likte henne ikkje. Eg fekk i meg halvparten før eg gav opp.
   Ei julehelg før banana kom til Flekke, kunne dei by på ei anna spennande frukt då me var i juleselskap på Ilkjen: turka fike. Eg og dei andre fekk kvar si. Eg smakte litt på mi fike, men tykte ikkje om henne. Eg rette ut handa og prøvde å returnere henne til tante Målfrid, som hadde vore raus og delt ut. Men verken ho eller dei andre vaksne oppfatta kva eg ville i ståket, så eg sleppte henne på golvet, meir eller mindre frivillig. Etter ei stund var det nokon som oppdaga den brune, klissete fika der ho låg: "Korleis he da seg atte da ligge ei fike på golva?" Eg tilstod straks og prøvde å bortforklare med replikken: "Eg rette ut handa so, åso myst' eg 'inne!"

mandag 13. april 2009

SLUTT PÅ PÅSKEFERIEN

Det er litt vemodig. Tore drog tidleg til Bergen i dag og ville vere på plass i god tid på Brann-kamp mot Tromsø. I skrivande stund har det vore ein katastrofe for Brann: 1-4 til Tromsø. Mange har funne det høveleg å minne om at det er den gamle tromsøtrenaren som no er trenar for Brann. 
   Dagen i dag har vore vakker, men me har ikkje kome oss langt frå heimen likevel. Før middag var me ein del i hagen og stelte. Eg har ein aksjon kvar vår med å reinske opp løvetann frå plen og bed. Og me har sesongdebutert med utegrilling: laksefilet. I morgon er det arbeidsdag, og eg tippar at ungane begynner å tyte om utetimar viss vêret held seg. Det får dei ikkje.
   Vêret i påska har vore så passeleg. Men eg trur det var endå verre i 1965 - den påska du kan sjå nokre bilete frå i albumet med nostalgiske lysbilete (interessant berre for slekt og flekkingar). Det året var eg lærar på Nordanger skule på Radøy i Nordhordland. På vegen tilbake til Radøy andre påskedag skein det omsider opp. Og så var det godvêr heilt til skulen var slutt og det var ungdomsstemne i Flekke omkring 19.-20. juni. Då slo det til med grisevêr. Godt for vassforsyninga på kjøkkenet og dassa i ungdomshuset, men lite godt for stemneavviklinga. 
   Då stemna var vel og vakkert over, skein det opp att, og det vart ein skikkeleg solskinssommar.
    

søndag 12. april 2009

PÅSKEDAG

Me har hatt ei fredeleg påskehelg. Nesten litt for fredeleg. Etter at me kom heim frå Bekkjarvik måndag, har me knapt vore ut or huset. Det har vore nokså grått vêr, skodde, vind og regn. Første dagane gjekk til oppussing på kjøkkenet, eit arbeid som ikkje er ferdig. Men me la bak oss første fase slik at huset var til å bu i no i helga. Fram til onsdag kveld låg det verktøy og slong, det låg skåpdører utstilte på bord og stolar, under dei låg det aviser og gamle sengesett, og huset var oppfylt med stank av fersk måling.
   Litt hagearbeid har me rokke, me har kvista plommetre og bærbusker, kasta ut nokre nevar kunstgjødsel og rydda litt, men alt for lite, sjølvsagt. 
   Inne i sofakroken har det gått ein del på kryssord, og på påskekrim om kveldane. Og me skal ikkje klage på serveringa. I går kveld hadde me tradisjonen tru rømmegraut og spekekjøt. Spekekjøtet var i år som så mange gonger før salta og røykt av huseigarane.  Og i pakt med tradisjonen vart den første smaksprøva av låret teken attåt påskegrauten. I tillegg hadde med ein bit italiensk spekeskinke. Begge delar smakte. Solbærsafta var og heimedampa av heimedyrka og heimeplukka bær frå hagen. Men rømmen var kjøpt på Rema. Det var nok sauelåret og, før me la det i salt i haust. Apropos sauelår: det vert sauelår til middag og i dag. Det er og ein av påsketradisjonane våre. Mora si lammesteik, beste middag som tenkjast kan. 
   Tore har vore her i påska, og han var ute på livet i går kveld. Faktisk stod han opp og kom til frukostbordet før me var ferdige der, så han kan ikkje ha teke det så hardt. Det andre avkommet vårt er i Trondheim og feirar best dei kan.
   Viss nokon les desse bloggane, har dei kanskje vorte forvirra av klokkesletta. Dei er steikhakkande galne og viser kanskje amerikansk vestkysttid eller noko slikt. Ikkje lat deg forvirre! Men då ønskjer eg deg rett og slett god påske!

fredag 10. april 2009

HEIM FRÅ KRIGEN

I går skreiv eg om at papen laut ut i krigsteneste i april 1940. Det vart ei kortvarig utflukt og gjekk svært fredeleg for seg, men folk var redde og venta kva som helst av tyskarane når dei måtte kome til bygda.
   Seint om kvelden kom papen heim om Hòjen. Maurits Flekke slo følgje med han til tuns. Sekstenåringen var nok vitelysten og ville spørje nytt. Der heime var alle lagde. Jørgina låg på lemmen sin, mamma og tante Målfrid - som var der og hjelpte til - låg på eit anna rom oppe. Maria låg i kleven med glas som vende ut mot trappa ved inngangsdøra. Maria var heller ikkje framand for kva tyskarane kunne finne på når dei kom. Og då ho såg at det var folk ute, ropte ho med den grove røysta si så alle i huset og dei som stod utanfor høyrde det: "Da står to svin ute på troppene!"
   Men mamma vart storglad då ho såg kven som kom, og tante Målfrid måtte leggje seg ein annan stad i huset.

torsdag 9. april 2009

NIANDE APRIL

Datoen har dårleg klang her i landet. For oss ungane i barndomsheimen min var krigen trass alt mykje meir enn tragediar og elende. Mamma og pappa hadde ei mengd små og store anekdotar knytte til krigen, som dei fortalde med humoristisk snert. Sjølvsagt fortalde dei om det som var vanskeleg og tungt og. Ikkje minst mamma har fortalt om kor slitsamt det var å få til det som trongst for eit aukande hushald. Å skaffe eit nødvendig klesplagg var ei utfordring.
   Den niande april 1940 sat papen og Alfred Løseth ved kjellardøra heime og tappa opp vin. Vin, av alle ting! Drykken var sikkert tiltenkt eit bryllaup i juni. Mamma og pappa hadde vore ringforlova sidan juletider. Alfred var kjend for å vere svært fiendtleg innstilt til engelskmennene, visst nok på grunn av dei merkelege klasseskilja i det landet. Han var nok god sosialist, han slik som dei fleste vellekarane. Nyhendet om det tyske overfallet hadde kome til Flekke allereie. Og Alfred gneldra om at "no he dissa forbaska engelskmennene ført oss ut i krig!"  Nyare gransking kan gje han delvis rett!
   To veker etter var det bryllaup - rettare sagt: vigsle. Bryllaupet i juni vart avlyst, og mamma og pappa fekk presten med på å vie dei utan vanleg lysing, sidan papen var mobilisert og skulle i krigsteneste eit par dagar etterpå.  Og tysdag den 23. april vart dei vigde. Den 25. drog papen i krigen. Han var vekke ei god veke, hamna i Førde, såg ikkje snurten av tyskarar og vart heimsend saman med dei andre i troppen etter ei vekes tid. Då båten førte dei ut til Dale, var det ikkje eit menneske å sjå. Ryktet hadde svive at det var tyskarane som var på veg. Men då dei la til kai, såg dei folk som keik fram bak hushjørna, og straks etter var det fullt av folk på bryggja.

onsdag 8. april 2009

PÅSKEFERIE

Ferien krympar meir og mer, men me har att dei ekstra helgedagane. I dag er det onsdag i påskeveka, og me har roa ned. For til no har me putla med både det eine og det andre. 
   Før palmehelga begynte me å måle kjøkkenmøblemetet vårt. Det har stått der med bøkelaminat sidan Helge Dahle og eg skrudde det opp for 26 år sidan. Men no har me hatt ned alle skåpdører og skuffefrontar og måla dei magnolia. I tillegg har me sett på nye handtak i børsta stål. Det vert lyst og tiltrekkjande. Ny benkeplate fiksa me i haust.
   I palmehelga var me i Bekkjarvik og gjorde litt våronn. Tore kom og, han var forresten komen før Anne og eg. Laurdag gjekk me oss ein tur; ikkje til fjells, men langs ein ny tursti langs stranda.
   Måndag var me heime att, og no har me stått på og fått opp dei nymåla skåpdørene på kjøkkenet. I dag har me vaska og søvsugd, og eg har kvista plommetrea våre, stussa barlinden og rydda litt elles i hagen. Snart skal eg til stranda og sjå til båten. I går oppdaga nabo Sven at fortøyningssystemet vårt hadde slite seg - sikkert på grunn av anleggsarbeid i fjæra, der det skal byggjast tre altfor store naust. Tore, Sven og eg var nede og gjorde eit par provisoriske tiltak. Men det er best å sjekke, for no blæs det godt.
   Båten fekk namnet Sofie Karoline for nokre år sidan. Dei to barnebarna Hannah Sofie og Frida Karoline brukar nesten ikkje det andre førenamnet sitt. Men namna passar perfekt til båtnamn. Tykkjer bestefaren. Men så kom det eit tredje barnebarn med namnet Sigurd Birk. Faren hans var einig i at det passa dårleg å utvide båtnamnet. "Men då kan motoren heite Birk," sa Rune. Så det heiter motoren. Men namnet er ikkje måla på motoren med fine, svarte bokstavar slik som på  båten. Skuta er ein fjorten fots lett plastbåt av merket Lohi, finsk fabrikat. Rune kjøpte han for konfirmasjonspengar, og seinare har me innløyst han. Båten er raud og fin, med blå botnsmørjing. Og så har han ein seks hestars påhengs. Godt nok for oss!

mandag 30. mars 2009

LJÅSLÅTT MED ETTERSPEL

I går greidde eg ut om den gongen eit ljåstikk råka meg bak kneet fordi eg kom for nær ein flittig onnekar: bror Steinar. Men hendinga fekk eit etterspel nær tretti år seinare. Den nest eldste sonen vår, Vegard, fekk høyre om dramaet ein gong me var i Flekke samstundes med onkelen hans. Vegard var nok ikkje store karen, men så stor var han at han skjønte at far hans hadde vore ille ute. Og då fauk han på Steinar i fullt sinne og ville tukte han "fordi han hadde stukke papen med ljåen." Endå så gild han bruka å vere av onkelen sin. Me fekk no roa han, og eg har sett på opptrinnet som ei stadfesting av at han hadde ei ærleg omsut for papen sin.
   Nær tretti år etter dette, altså meir enn femtisju år etter sjølve hendinga, fekk Kari Grov - besteveninna til bror Arne - fortalt historia om ljåstikket. Det ho reagerte mest på, og som eg faktisk ikkje har tenkt noko særleg over- var at den litle åtteåringen fekk slå med ljå. Men ein skal tidleg krøkjast. 

søndag 29. mars 2009

DRAMATISK LJÅSLÅTT

Sommaren 1951 hende det litt til. Ein solblank høgsommardag heldt me på med slåtten nede på Myrane. Steinarbroren prøvde seg med ein stuttorv borte med Grova, og eg sprang sorglaust omkring i graset. Best som det var, høyrdest eit vræl, heile arbeidslaget sprang til, og frå foten min pipla og rann det rikeleg med raudt blod. Ljåspissen hadde funne vegen inn i det mjuke kjøtet i foten på baksida av kneet. 
   Ei stund seinare låg eg på benken hos dokter Østby, som saumfor og fann ut at eg hadde vore svineheldig. Såret var heilt ufarleg, ljåen hadde ikkje rørt hovudpulsåra, som gjekk like ved, og senane var heller ikkje skadde. Meir midt i kunne ikkje Steinar treffe. Dermed sydde dokteren såret saman med to sting, bandasjerte og sende papen og meg heim att.
   Eg fekk nokre rolege dagar og rikeleg med omsorg. Rett nok klødde det litt, men når eg klaga meg for det, fekk eg høyre at "då gror det!" Men så skulle dei skifte bandasje, og der sat det ein feit flått og godgjorde seg attmed såret.
   Snart vart det ny tur til Dale, stinga vart fjerna, og eg kom heim med berre ein liten plasterlapp. Ivar Aasen har heilt rett. I Gamle grendi og Flekke var det slik at når einkvan kom ut for eitkvart, "brått det spurdest i bygdi rundt og alle tykte det var ille." Somme tykte synd i mamma og papen som vart hefte i høyonna: "D'æ no mångt slag, å so mitt i slåtta!" Men eg fekk stor merksemd og medkjensle,  og når dei spurde, vreid eg om foten og synte arret, som framleis minner om teiknet som ber oss syngje noko to gonger: ein strek med to prikkar på kvar side. Men Steinar har aldri meir vore borti meg med ein ljå.
   

lørdag 28. mars 2009

SEKSÅRING PÅ BYTUR

Det kan ha vore same dagen som mamma og eg nesten kom under gauketre. Eg fekk vere med henne til Bergen by, der ho skulle feire bryllaupet til tante Gerd og onkel Arne jonsokafta 1951. Besteforeldra på Igelkjøn var med på turen og. Me gjekk om bord i dampen i Flekke, og tidleg neste morgon kunne eg sjå den kjempestore byen stige opp av synsranda då eg vakna og såg ut ventilen frå lugaren der me låg. Mine to brør, som var mykje eldre og meir erfarne, hadde fortalt meg at i by'n var det ikkje bøar og skog, slik som heime. Der var det berre hus og gater. Så då me var på veg heim til bestemora i Edvard Griegs vei 27 g, såg eg med mine eigne auge at det ikkje stemte heilt og braut ut: "Mamma, her er gras, her og!
   Elles må eg tilstå at eg ikkje hugsar stort frå turen. Eg fekk prøve badekaret til bestemora, og onkel Fritz herja med meg, erta og kalla meg "en stor røyver". Og så fekk han meg til å "si grønt". Eg trefte Jan Harald, og eg fekk sjå brudeparet skride inn i Sandviken kirke. Sjølve bryllaupet var eg ikkje med på.
   Men Fritz fekk meg etter ein del strev til å seie grønt. Trikset var at eg skulle prøve å unngå å seie grønt. Så spurde han meg om fargane på eitt og hitt, og då kunne han til dømes seie: "Ha, ha, der sa du blått!" Og då skulle eg seie: "Men det var grønt eg ikkje skulle seie," og dermed hadde han fått meg til å seie grønt. Men det tok litt tid, for eg sa grønt utan vidare når han peikte på noko grønt. Onkelen såg litt oppgitt ut då eg ikkje synte nokon motstand. Eg tykte han hadde sagt at han skulle få meg til å "sige rundt", og skjønte ingen ting med det same. Etter ein ny runde vart mistydinga oppklart, og trikset hans klaffa.

fredag 27. mars 2009

UNDER GAUKETRE

Få dagar etter at eg hadde lært å sykle, altså kring jonsok i 1951, landa det ein gauk i ein apal i hagen nedanfor stova vår. Mamma treiv seksåringen sin og for på dør. Viss me var heldige, skulle me få ønskje oss tre ting. Truleg ville ho ønskje seg eit langt, langt liv, at det skulle gå bra med dei tre gutane hennar, og at ho måtte få ei dotter innan fem år. No trur eg faktisk at fuglen fauk før me fekk sett oss ned under gauketreet. Men alle ønska vart oppfylte likevel.

torsdag 26. mars 2009

EIN SYKKELTUR

Nokre dagar før eg fylte seks år, lærte eg meg å sykle på det vis det var. På den tida hadde me faktisk to syklar heime. Men begge var herresyklar for vaksne, og ikkje lette å handtere (eller fottere?) for ein kar som ikkje var seks år eingong. Å skreve over stonga var utenkjeleg, det laut gjerast med høgre foten under og full konsentrasjon om styre og trøer. Men altså, tidleg i juni i 1951 greidde eg å trille og trø nokre meter bortover tunet utan å ramle om.
   Med iherdig trening i dagane som følgde, voks motet, og eg torde drøyme om større bedrifter. Ein dag var papen og eg i posten, og sykkelen var med. Eg hugsar ikkje om eg sat på med han eller korleis det hadde seg. Men mens han var inne og henta post eller noko, prøvde eg meg på sykkelen ned vegen mot vegeskiftet. Det gjekk så det suste heilt ned. Men der delte vegen seg i tre nye retningar, og ingen av dei var beint fram frå den retninga eg kom. Dermed for både gutunge og sykkel utfor vegen og inn i eit nettinggjerde. Der låg eg og remja og kom meg ikkje laus frå nettingen. Laura i nærmaste huset kom ut og prøvde å hjepe meg, og straks etter dukka papen opp og tok kommandoen.
   Meir hugsar eg ikkje frå den dagen eller frå sykling i svært tidlege år. Men etter kvart vart det mykje sykling både på meg og dei andre katane i Flekke. Så eg hadde god trening då eg begynte å sykle til Dale på konfirmasjonsførebuing mange år seinare.

tirsdag 24. mars 2009

JUBELÅR

Det kan hende at eg tek føre meg nokre fleire jubileum i Tankar om no og då. Sist skreiv eg om ei førtiårsmarkering. Eg kunne ha skrive og skrive om den saka, for vårt eige bryllaup hugsar me nok ein del om.
   I desse dagar, eller kanskje om eit par veker, er det femti år sidan me begynte for presten. Me tenkte oss lite om når spørsmålet om konfirmasjon dukka opp. Me heiv oss på og var litt krye for at me var så gamle vortne. 
   For oss frå vesle Flekke var det ei vid dør som opna seg mot den store verda. Ein dag i veka tok me turen, sykla til Dale og sykla heim att. I Dale trefte me ei røys med andre ungar (skal me seie ungdommar?) på våre eigen alder som var oppmøtte i same ærendet. Kullet var stort, hugsar eg ikkje feil, var me førtifire konfirmantar. Me fekk nye kjenningar og vener, og det me snakka om og tenkte på, hadde lite med det som presten ville lære oss. Gamle, snille og milde Steinarson gjorde sitt beste, men me sat no der og tiska og fniste. Me var vel ikkje nett rampete, men strake og stille som lys var me ikkje. Kanskje eitt og anna salmevers seig inn?
   Frå den mest einbølte garden i heile kyrkjesoknet kom han Odd frå Sveia. Ikkje fylt fjorten, men som klypt ut or ei Ragnar Hovland-bok. (Ja, Ragnar var nok berre sju år då og ikkje komen i gang med bokskrivinga si.) Han Odd visste så vidt kven eg var og omvendt, men då me treftest i Dale og hadde ei lita stund å vente før alvoret tok til, helste han veslevakse og verdsvan på meg: "Hei kompis, veit du om det er ein plass her i Dale det går an å ta seg ein røyk?" Røykte gjorde han som eit lokomotiv, men konfirmert vart han.
   

mandag 23. mars 2009

FØRTI ÅR

Dette biletet er førti år gammalt og så godt som nytt. Ja, me to ser vel litevetta annleis ut etter kvart. I dag har me pusla og feira oss sjølve. Me hadde fin frukost, kosa oss med kryssord og skirenn på fjernsynet og let tida svive. Ute regna og sludda det, men inne i sofaen var det heilt greitt. For førti år sidan gjekk me opp det lengste kyrkjegolvet i Bergen, høyrde på presten og lova å elske kvarandre. Etterpå var det fest i Industrihuset på Møhlenpris. Så har tida berre gått og gått. Eg sjekka eposten i føremiddag, og der låg det melding med gratulasjonar frå bror Steinar og Annbjørg med biletet du ser øvst på skjermen. Me bad dei til kaffi, og dei tok oss på ordet, heiv seg i bilen og dukka opp. Det vart ei festleg stund, som du ser på biletet her!
Førti år - er det lenge? Eg skal ikkje halde noka tale om kor utruleg fort tida går. Men me held sikkert ut enno nokre år. Håpar bror Steinar og Annbjørg kjem til femtiårsdagen og!

torsdag 19. mars 2009

SUNDAGSSKULE, KVITE SOKKAR OG ARAKNOFOBI

Til vanleg har ikkje desse tre stikkorda mykje med kvarandre å gjere. Ja, sjølvsagt kan ein gå på sundagsskule i kvite sokkar. Det gjorde eg ein gong. Dette minnet er så svakt, så svakt at det nesten ikkje er verdt å nemne. Eg ser for meg dei to eldre brørne mine leiande på veslebroren som skal få lov å vere med dei på sundagsskule. Veslebroren har lange kvite sokkar, sikkert fordi han er litt oppstasa sidan det er sundag og han skal få vere med storebrørne sine på sundagsskulen. Meir hugsar eg ikkje om det. Sundagsskulen i Flekke vart nok nedlagd før eg kom så langt at eg kunne gå der som vanleg deltakar. Det er ikkje berre eg som har skrekk for vevkjerringar. Skrekk og skrekk - han sit ikkje djupt. Men eg likar ikkje så godt desse småkrypa, iallfall ikkje når dei kravlar på meg. Då støkk eg litt og feiar dei vekk. Det andre minnet om dei kvite sokkane har eg frå ein dag eg sat på stovegolvet og leika meg med bror Arne i nærleiken. Brått kjem det ei vevkjerring kravlande over golvet, og då tek Arne den eine foten min med kvite sokkar på og fører han mot vevkjerringa. Eg er ikkje sikker på om han ville gjere fant, eller om han rett og slett ville bruke den sokkekledde foten min til å krase udyret. Eg skreik opp, kan du vite, og mamma kom raskt til og redda meg. Arne fekk det tilsnakket han fortente, og vevkjerringa redda livet. Men kva med sokkane? Sjå bilete ved bloggen den 14. februar!

tirsdag 17. mars 2009

GAMLE MINNE ELLER FRI FANTASI

Når eg skriv om slikt som eg meiner å hugse frå svært gamle dagar, er eg nok smerteleg klar over at somt kan vere innbilling eller slikt som eg har fått fortalt. Bror Steinar har nettopp mint meg på at han for nokså nøyaktig 64 år sidan (altså før eg var fødd) kommenterte opplysninga frå mamma og pappa om at Arne og han kanskje snart skulle få ei syste. Steinar beit av: "Dæ'kje plass fy noka syste i dinne senjine!" Dei hadde vel samla seg i senga til mamma og papen ei tidleg morgonstund, tenkjer eg. Men då denne hendinga vart attfortald fleire år seinare, sa eg: "Ja eg hugsa gott at han sa da!" Sjølvsagt lo dei av meg og hadde meg til narr. Men no trur eg så gjerne at eg hadde høyrt sitatet ein gong før, og at det var det eg hugsa. 
   Ein lokalpolitikar her i Kvinnherad, ein ekte veteran som sat i årevis som ordførar og endå fleire år i kommunestyret, fekk ord på seg for å vere nokså sjølvgod på sine gamle dagar og prøvde å vri debattar ei viss lei med å hevde at slik og slik hadde det vore,  "... ettersom eg håttar, og eg plar ikkje håtta feil!" Men så var det nokon som tok til å sjekke fakta, og dei fann ut at han faktisk "håtta" feil nokså ofte.
   Men eg kjem nok til å skrive meir om kva eg "håttar", som dei eldre i Kvinnherad seier. Eg lovar at eg ikkje skal pynte på fakta med vilje, sjølv om det kan vere betre med ei god enn ei sann historie.

søndag 15. mars 2009

FLEIRE GRAVFERDER

Det med død og begravelse har kome over meg i vinter, samstundes som eg prøver å grave fram dei aller eldste minna eg måtte ha. I 1948 døydde Gjertrud Sølvberg, altfor ung, sjølvsagt: 37 år. Ho etterlét seg dei to gutane Per Atle og Erik. Sistnemnde var berre fem år. Eg var altså tre år den sommaren. Men eg meiner at eg hugsar at eg var i begravelsen. Det eg minnest, var at mamma var innom hos Laura Siglevik med meg. Eg var tyrst og fekk saft (eg trur det var ein varm sommmardag), og der var det ei lita skjelpadde som var svært spennande å sjå på. Sigleviken var sjømann, og kanskje han hadde henta ho heim frå fjerne stròk. Kva veit eg? Stort meir greier eg ikkje å grave fram or minnet. At det var ei ung mor som etterlet seg små gutar og stor sorg, har ikkje bite seg fast i minnet mitt.
   Fullt så trist dødsfall var det nok ikkje då Sørnen i  Gara døydde i 1950. Han vart 97 år. Eg hugsar så vidt at han gjekk og rusla nede i garatunet med det staselege lange kvite skjegget sitt. Den gravferda hugsar eg tydeleg. Tante Karen var heime og med oss i garastova og fekk middag. Det var stas å gå i gravferder, tykte eg, då fekk me tomatsuppe - noko av det beste eg visste - og sosekjøt. Om dei var begynt med såpass moderne mat som tomatsuppe i den gravferda, lurer eg på. Nett det hugsar eg ikkje.
   Då Berent'n i Vellerein'ne (Bernt Flekke) døydde i 1952, 64 år gammal, hugsar eg godt at døtrene stod og gret sårt ved grava. Men gutane heldt seg: Borgfinn og Audun var alvorlege og tenksame, men tårene heldt dei att. 
   
   
   
   

torsdag 12. mars 2009

HELSA VÅR

Me er oppegåande, både Anne og eg. Anne var til dokter med fleire slags plager i dag, ho har høgt blodtrykk, kløe på ryggen og slimposebetennelse i føtene. Attåt astmaen hennar er det rikeleg med småplager.
   Deretter var me til Stord, der eg fekk kontrollert hjartet. Det har vore utsett for flimmer og vart elektrobehandla i haust med godt resultat. Dokteren sjekka meg med ultralyd og såg ein liten lekkasje i ein hjarteklaff, noko som eg fekk fortalt tidleg i haust. Eg skjønar ikkje stort av det, og det er visstnok ikkje noko å bry seg om. EKG-målinga var strålande, og eg er i normalt fin form. Stort meir er ikkje å seie om den saka. Me handla litt på Stord før me drog heim, og ettermiddagen og kvelden har foke frå oss, så no er det rett og slett leggjetid.

onsdag 11. mars 2009

Å GJE GRISEN EGG

Har du gitt grisen egg? Det har eg. 
   I desse skriveria mine har eg ofte hamna heilt bak i dei aller eldste minnekrokane mine. Det gjer eg no og. Eg kan ikkje ha vore meir enn tre -fire år, trur eg. Eg var med mamma og papen i floren om kvelden. Hønsene og grisen heldt seg i nært grannelag. Eg henta eit par egg frå eit reir og serverte grisen, som slafsa fornøgd og åt. Dette likte ikkje mamma, og eg fekk tilsnakk. Men eg tykte vel at grisen vart så glad for den uventa godbiten at han fekk fleire egg, han. Og då vart mamma sinna og gav meg ein symbolsk klaps i ræva. Eg gret og tykte det var grueleg urettferdig, for eg hadde sett mamma gje grisen egg sjølv. Så korfor skulle ikkje eg få lov?
   Med faste mellomrom har mamma rippa opp i episoden. "Dinnja fanten, han ga seg ikkje, han tok egg å heiv inn i stekkjen te grisa." Då har eg hevda at eg meiner å ha sett det eg tykkjer eg hugsar, at mamma hadde gitt grisen egg. Men noko slikt heldt ho for heilt usannsynleg.
   Eg meiner framleis at eg hadde sett det eg ser for meg: Mamma kom med nokre egg og heiv inn i grisestekken. Eg kan tenkje meg at ho har funne eit gammalt hønsereir ute i høystålet, og at ho rekna med at egga hadde lege for lenge til å brukast. Kanskje ho ville teste om dei var rotne? Eg har eitt argument til for at eg hadde sett det eg meiner eg har sett. Korleis kunne ein så liten kate finne på å gje grisen egg viss han ikkje hadde sett andre gjere det same? Neppe. 
   For meg fekk eggeserveringa ein tragisk slutt. Men grisen vart glad, han. 

tirsdag 10. mars 2009

VINTERFERIE

Hei!
No har eg ikkje blogga på snart to veker. Me har hatt ein hektisk vinterferie. Fredag den 27. køyrde Anne og eg til Bergen og tok inn hos Tore. Dagen etter drog me med fly til Trondheim for å feire kombinert bursdag på Lade. Dei to små barneborna våre feira i lag med foreldre og besteforeldre. Dessutan var Hannah der, men ikkje Vegard, som haddde flunsa. Frida var fem og Sigurd tre no i desse dagar. Frida hadde bursdag den 21. februar og Sigurd fyller dag i morgon, den 11. mars. Så fellesfesten er lagt om lag midt mellom.
Søndag var me tilbake i Bergen, tok inn att hos Tore og drog derifrå til Berlin dagen etter. Og fredag kom me tilbake til Bergen, men drog i lag med Tore til Bekkjarvik. Og så kom me heim søndag kveld.
Travle, men kjekke dagar! Og no sit eg her igjen og skriv desse linjene, mens eg har ei lita pause i arbeidet med å rette ei historieprøve.