Sidan eg i går var innom min militære karriere og innsatsen på rekruttskulen i Stjørdalen, kan eg halde fram litt til i det sporet. Som seg hør og bør skulle me ta marsjmerket. Eg trur me gjekk tre mil og måtte greie det på under fire og ein halv time. Me hadde børse og ryggsekk, og til saman skulle oppakninga vege 11 kilo, om eg ikkje tek feil. Sjølvsagt skulle me gå i full uniform og med vanlege militærstøvlar.
Dagen før hadde troppssjefen ei lita samlingssund med oss, gav oss gode råd og svarte på spørsmål. Eg spurde om det var lov å jogge litt inn iblant. "Dæ spøssmåle hi æ itj hørt!" sa han først. Men så la han til: "Æ ve sei det slik: Viss dokk sjer beffal i nærheita, så må dokk marsjer. Men viss dæ itj'æ no beffal å sjå, må dokk bare spring som faen!"
Gode greier. Eg veksla mellom å gå og å småjogge (ja, ikkje viss det var befal å sjå, då marsjerte eg som ein hane.) Det var ein tidleg vårdag, vegen opp gjennom Stjørdalen var tøya, vêret var greitt, ikkje for varmt, ikkje for kaldt, så det var ein fin spasertur. Litt småjogging løyste opp musklane og gav betre framdrift. Tida greidde eg med glans, og det gjorde dei fleste. Eg fekk det ufortente merket, men selde det litt seinare.
På oppstillinga neste morgon heldt korporalen på å le seg forderva. Somme gjekk tvikrokete, andre halta, enkelte gjekk som på line eller føta seg med musesteg. Eit par av troppskameratane mine hadde gått sine tre mil, men rusla bedageleg og kom i mål ei god stund etter maksimumstida. Etter nokre dagar vart dei køyrde tre mil opp gjennom Stjørdalen og laut gå om att. Ikkje då heller greidde dei tida, eller dei brydde seg ikkje om å greie henne.
Viss nokon spør om eg greidde marsjmerket, dreg eg litt på det når eg svarar tjaaa...
tirsdag 4. oktober 2011
mandag 3. oktober 2011
NÆRSYN OG KLARSYN
Eg tek tak i skytinga mi som eg skreiv om i går. Og som sagt, nokon skyttar av høg klasse vart eg ikkje.
På rekruttskulen i Trøndelag ein grå vinterdag i 1970 skulle det skytast til skyttarmerket, trur eg. Langt, langt der framme, tre hundre meter frå standplassen, skimta eg skivene. Der eg låg og prøvde å sikte, kunne eg verken fatte og begripe at nokon kunne treffe ein slik blink. Det var med nauda eg såg skiva, og den svarte flekken i midten sveiv som ei grå skodde for augo mine. Å få han vakkert plassert i midten av siktet var rådlaust. Rett nok var det ein grå vinterdag, men likevel...Eg klemde av som eg skulle, og kva resultatet vart, hugsar eg ikkje. Noko skyttarmerke vart det iallfall ikkje. Stort betre gjekk det ikkje på andre skyteprøver. Feltløp var ei kjekk øving, litt ulike disiplinar som løypetid, avstandsmåling og kva det no var. Men så var det skytinga då...
Noko seinare hadde me ein legetest. Dokteren kunne då fortelje meg at eg var nærsynt. Frå nærsyn til klarsyn: Då skjønte eg mysteriet med å treffe blinkar langt vekke. Eg forstod òg at det hadde sine årsaker at eg stundom sleit med å lese tekstinga på fjernsynet når eg sat eit stykke bak i kantina. Eller på kino.
Sommaren etter at eg dimma, var eg utstyrt med mine første briller. Men det er ikkje så frykteleg heft, berre eg finn dei når eg treng dei. Det er vanskeleg å leite etter briller når du går utan briller, om du forstår.
Eg trur likevel at eg heller vil ha mitt nærsyn enn å vere langsynt, slik dei fleste gamle gubbar er. Når eg sit (eller ligg) og les, tek eg gjerne brillene av meg. På nært hald ser eg normalt. Det har hendt seg at ein jamaldring og eg har lese oppslag på skulen og fått folk til å flire når eg tek av meg brillene mens den andre tek fram og set på seg brillene sine.
Så mitt grunnsyn er at det er betre med klårsyn og gangsyn enn med sneversyn, anten du strevar med nærsyn eller langsyn. Og du kan godt ha brukbart oppsyn så lenge du ikkje treng tilsyn eller skal på fjernsyn.

søndag 2. oktober 2011
JAKTTID OG JEGERPRØVE
Eg kan ikkje skryte på meg særleg røynsle frå jakt. Det einaste måtte vere då eg prøvde - med magert resultat - å ta røysekattar i felle. Men ein gong var eg med og skaut til jegerprøva.
Eg slumpa til å vere heime i Flekke ein dag på seinsommaren då flekkekarane var samla oppe på bøen vår og skulle sikre seg dette nødvendige papiret på at dei kunne skyte hjort utpå hausten. Det var før militærtenesta mi, eg var nok tidleg i tjueåra. Forsvaret hanka meg inn midt i studietida.
Den gongen var opplegget til jegerprøva enkelt: skyting på skive med hundre meters hald. Tre prøveskot først, så ein serie med seks skot. Fekk du 48 poeng eller meir, var prøva bestått. Ikkje så frykteleg strenge krav, du laut ha åttarar i snitt.
Det gjekk så ymse, somme greidde seg med glans, andre sleit litt. Så var det min tur. Eg hadde knapt vore borti ei børse før, langt mindre skote på blink. Første prøvskot. Det steig opp ei sky av jord attmed skiva, og rett etter gjekk anvisarstaven att og fram over skiva som ein omsnudd pendel. Bom. Andre prøveskot. Endå meir jordsprut, ny bom. Tredje prøveskot like eins. Eldstebror Arne, som hadde tent fedrelandet i brigaden i Nord-Noreg, prøvde seg med eit par gode råd. Papen, gammal konkurranseskyttar med sølvskeier og pokalar på heidersplassar i heimen, trippa nervøst og skamfull på vegner av yngste sonen og familieæra. Eg orsaka meg med at eg knapt hadde skote før. "He'kje du? Da va løye. Teke du trykkpunkt?" Heisann, det var noko eg ikkje hadde tenkt på. For endå mindre røynde skyttarar: Når du skal dra av eit skot, skal du først sikte, så dra avtrekkjaren litt inn til du kjenner motstand, så finsiktar du og dreg av. Moderne fotoapparat har ei liknande innretning.
Så var det alvor, no skulle eg sende av garde seks skot utan avbrot. Eg sikta, tok trykkpunkt, skaut, lada og skaut, lada og skaut. Seks gonger.
Papen turka sveitten og var budd på det verste. Eldstebror Arne ville knapt vedstå seg slektskapen. No skulle serien anvisast. Der kom det først ein seksar. Så to åttarar. "No kjeme vel bommane tenkj'eg," sa papen. Dei brukte å markere bomskota til slutt. I staden kom det tre niarar! 49 poeng og greidd prøve med litt margin.
Papen stråla av lukke og passa på at alle som var der, fekk med seg den glade bodskapen. Jamvel storebror nikka anerkjennande. Men dei to, konkurranseskyttaren (hadde vore) og eks-brigadesoldaten feila begge. Så dei laut vel ta ein ny runde, anten same dagen eller ein dag seinare. Det var dei og ikkje eg som skulle på jakt.
Så ei tilståing: Seinare i livet, det vil seie i militær førstegongsteneste og i mangeårig heimevernsteneste framstod eg som ein elendig skyttar. Å ta skyttarmerke var eit håplaust prosjekt.
Men eg gøymde lenge på papiret eg fekk etter debutsalvene.

fredag 23. september 2011
FRANSKPRØVE
Den gamle læraren sit no og plagar elevane sine med ei stor franskprøve som går over to og ein halv klokketime. På skulen er det innført eit system som går ut på at den timen som ligg på timeplanen om fredagen, vert samla opp over sju veker til ein langdag i faget. Det gjeld ikkje alle fag, men det gjeld iallfall fransk i andre og tredje klasse.
Fordelen for den gamle læraren er at han har undervisningsfri ein del fredagar. Men ikkje i dag. I dag er det full guffe i sju undervisningstimar. Det er verst for elevane; no sit dei og vrir seg over dei ekle oppgåvene som den gamle læraren har sydd i hop, mens læraren sit og tastar bokstavar inn i bloggen sin på sitt eige mål.
Dei fleste av desse elevane er slike som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen utanom engelsk. Då må dei ta eit nytt språk på vidaregåande i programområdet for studiespesialisering. Nokre elevar har slite med framandspråket sitt på ungdomsskulen, anten det no var tysk eller spansk, og bestemt seg for å hive seg på eit nytt språk. Det er såleis ein elevflokk som ikkje er av dei mest ambisiøse eller språkinteresserte. (Til deg som slit litt med terminologien i det moderne skuleverket: I gamle dagar brukte me ordet gymnas om nesten det same som no heiter: Vidaregåande skule, programområdet for studiespesialisering. For nokre år sidan heitte det studieretning for allmenne fag.)
Og her sit me. Truleg er det eit fåtal som får særleg bruk for faget. Rett og slett fordi dei ikkje greier eller ikkje vil verte flinke nok til at dei kan bruke språket.
Men kva får me bruk for? Det er eit vanskeleg og unødvendig spørsmål. Kva har eg fått bruk for av alt eg meir eller mindre frivillig har studert meg til? Eg kan sikkert setje opp ei lang liste. Og lista kunne ha vorte endå lengre viss det ikkje var for det at eg har gløymt ein god del, sikkert mesteparten. Både kva eg har lært og at eg har lært det.
Men elevane gløymer òg. Det ser eg når eg går rundt og glytter. Ord som me terpa på i går, er heilt vekke. Ein regel som me repeterte og alle kunne før me begynte, er ikkje eit fjernt minne eingong.
Den store ulempa med opplegget mitt, er etterverknadene. Når eg syklar heim i dag, har eg med meg ein tjukk bunke med meir eller mindre håplause prøvesvar, og dei skal lesast, rettast og vurderast.
Men då dukkar det nok opp nokre gledelege innslag av små eller større prestasjonar som ho eller han fekk til - heilt uventa!
Vonar eg inderleg.

onsdag 21. september 2011
SEPTEMBER
Det har me hatt ei stund. Men i dag oppdaga eg for alvor at det er haust og september. Det har regna og blåse før i haust, men no gjev eg opp vona om meir sommar. I kveld var det skikkeleg gale. Det er haustjamdøgn i desse dagar, kanskje i dag, kanskje i morgon. Eg trur me snart har vinteren. Difor tok eg like godt og plukka heile eplehausten: åtte håkonseple. Apalen har stått her i tjuesju år, men vart kutta nesten til bakken for eit par år sidan. Han spirer og veks opp att så det er eit syn, men det vart lite epleblomar og sjølvsagt lite frukt dette året. Me får vone på ein ny vår og ein ny eplehaust neste år.
Denne dagen har likevel ført med seg eit stort lyspunkt inn i heimen. Brann slo Fredrikstad i semifinalen i kuppen. Det tykte eg var kjekt, men i høve til den varme gleda Anne opplevde, var det berre som ein litt lunka bris, som ein liten sjokoladebit i ein halvmett mage.
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive bloggar utan at eg føler eg har noko å fortelje. Det har eg ikkje i dag, så eg får slutte mens leiken er god. Viss eg er betre på gamle dagar enn på notida, får de orsake meg.

tirsdag 20. september 2011
SKULK OG FANTERI
Nest etter fusk er det skulk som er den elevåtferda me gamle lærarar mislikar mest. Ja forresten, før dette kjem uro og bråk i timane. Det er nesten verre enn fusk, for då får ikkje den gamle læraren arbeidsro. Det gjer han om eleven fuskar, ja, det er nesten slik at arbeidsro for den gamle læraren er eit vilkår for at eleven skal kunne fuske.
Men det var skulk eg skulle skrive om idag, og atter ein gong vender me blikket til ærverdige Firda gymnas. No heiter skulen Firda vidaregåande skule og er noko heilt anna enn for femti år sidan, då det var ti gymnasklassar og seks realskuleklassar der, til saman nær fire hundre og femti elevar, om eg hugsar rett.
Kors på halsen, eg var ingen storskulkar. Så vidt eg hugsar, skjedde det berre ein gong. Elles var det moderate fråværet mitt vel grunngjeve. Så fekk eg sagt det òg.
Ein vakker kveld utpå våren andre året, i slutten av mai, tippar eg, rota Kalle og eg oss ut på grønrussfest i eit ungdomshus eit par kilometer utanfor Sandane sentrum. Om du lurer på kva grønruss var, så kan eg fortelje at realskuleelevane kalla seg for grønruss når dei slutta. Det var ikkje heilt populært blant alle grønrussar at me kom, som ingen ting hadde å gjere på ein slik fest. Men eit par grønrussjenter tok vel imot oss og synte omsorg, så me vart der til festen slutta, og utpå natta sa me farvel til jentene i hagen der den eine budde inne på Sandane.
Kalle og eg hadde ikkje lyst å leggje oss enno, det var ei lys og fager vårnatt, og sola skulle snart renne over Ryssdalshornet. Men så fann me ut at me skulle gå kvar til seg og ta kvelden (feil ord, det var nesten morgon), og heller skulke neste dag og dra til fjells. Eg skulle kome innom hybelen til Kalle i god tid før skulen begynte, så skulle me nyte og nytte godvêret i Gloppefjella.
No måtte eg krysse halve bygda neste morgon, og eg la i veg tidleg så eg ikkje skulle treffe lærarar. Det skar seg. Fransklærar Aursland kom sin vane tru vandrande ein god halvtime før første time skulle begynne. "Goddag!" sa eg. "Goddag!" sa Aursland.
Kalle og eg naut fjelluft og utsikt nokre timar i den klåre maisola og godta oss over dei der nede som sat og skreiv engelsk stil. Me undrast nok litt på om åtferda vår kunne få noko etterspel. Det var ikkje meininga at lektor Aursland skulle sjå oss.
Og om han var oppi åra, var Aursland klårsynt nok til å sjå at eg ikkje var der, då han kom og skulle sitje vakt på engelskskrivinga som tok to timar slik at Berdal laut låne ein fransktime hos kollegaen sin. "Men kvar er Kyrkjebø? Eg trefte han då oppe i bakken i dag tidleg då eg kom på skulen!" sa han. Men lektor Berdal, vår lærar i engelsk og tysk, prata det vekk. "Å nei, dei karane er jo dei eldste på skulen no, så då gjer dei nok som dei vil!" (Enno ei opplysning om den tids skipnad: Russen var ferdig til 17. mai og vips vekke.)
Klassestyrar Ryssdal var heller ikkje nokon inkvisitør, han spurde om fråværet, me mumla noko om sjukdom, og meir høyrde me ikkje om denne saka.
Dermed laut me lyge, me gjekk glipp av ei prøve, lærte mindre engelsk enn me burde, hadde eit snev av dårleg samvit og fekk ein ekstra dag fråvære på karakterutskriftet. Difor må me gamle lærarar sterkt fråråde slik åtferd, jamvel om det er mai, sola skin, fjellet lokkar, skulen trykkjer og blodet brusar.

mandag 19. september 2011
FUSK OG FANTERI
Ein gammal skulelærar som denne bloggaren må vedgå at fusk og skulk er forkastelege greier, noko me må lære elevane våre å ta avstand frå. Så desse emna vert hermed behandla i dagens og morgondagens innlegg på dene sida. Til skrekk og åtvaring.
Eg må atter ein gong vende merksemda tilbake til Firda gymnas tidleg på sekstitalet. Me hadde biologi, så det må ha vore siste året. Magne og eg hadde denne gongen sett oss på fremste rekkja i naturfagsalen, eit moderne rom med fastmonterte stolrekkjer i avsatsar bakover og nette små bord til å ha biologiboka på. Kvifor me hadde sett oss framme, hugsar eg ikkje, men det har nok vore ei avveksling frå den jamne kvardagen vår i klasserom nr. 5, "bussen". Der sat me bak i kvar vår krå.
Denne timen ville læraren vår ha Magne fram til tavla og fortelje leksa. Viss du ikkje har gått på gymnas i sekstiåra eller før den tida, skal du vite at dette var standard prosedyre. Fram til tavla og fortelje leksa. Det skjedde ikkje i alle fag, og heller ikkje i alle timane i dei faga me risikerte slik eksaminasjon, men metoden var velkjend. Også i biologi. I det faget trur eg det var nokså vanleg.
Var det noko Magne ikkje var budd på denne dagen, var det å verte høyrd i biologi. Men før læraren slo til med inkvisisjonen sin, stakk han ein snartur inn på førebuingsrommet sitt bak tavla. Magne vinka febrilsk til meg og kviskra: "Få opp boka!" Eg så gjorde, slo opp på rett plass og vende teksten til den fortvila eksaminaden. Magne strekte hals og las så auga vart vått og stort.
Men der kom læraren ut bak skjulet sitt og vart vitne til denne skammelege scena. "Nei, Kyrkjebø, det der er fusk! Fusk! Ut med deg!" kveste han og peikte på døra.
Nokså fortumla fann eg meg att ute på skuleplassen med den famøse biologiboka mi i nevane. Så skjønte eg at eg hadde fått ein høgst ufortent fritime. Eg tok meg like godt ein tusletur ned til Sandane sentrum. Kanskje eg gjekk på bilkafeen og kjøpte meg ein kopp kaffi, det hugsar eg ikkje. Men hugen letna, og samvitet var ikkje så trykkjande som biologilæraren sikkert hadde ønskt.
Og Magne, han vart send ned att på plassen sin og fekk ein ufordelaktig karakter innført i protokollen, fekk eg opplyst om seinare. Mens eg fekk klasserekord i bortvisingar frå undervisningstimar. Den heldt eg skuletida ut. Ei bortvising på tjue elevar over tre år. Skal tru om det var skulerekord?
Eg var vel litt spent på om episoden skulle få noko etterspel. Men eg høyrde ikkje ein knyst. Ein gong stal eg meg til i kikke i den høgst hemmelege klassedagboka, og der stod det ganske riktig at eg var teken for fusk. Inga utdjuping av omstenda. No var det lektor Ryssdal som var klassestyrar, så eg vil tru han bles av heile greia viss biologilæraren kravde konsekvensar for åtferdskarakteren. (Hadde me slik karakter, skal tru?)
Men framleis står det vel i den arkiverte protokollen at eg hadde fuska. Så du som les dette: Ikkje finn på noko slikt!

søndag 18. september 2011
POLITISKE PARADOKS
Helle Thorning-Schmidt vert ny statsminister i Danmark. Partiet hennar gjekk tilbake ved folketingsvalet og gjorde det dårlegaste valet i manns minne. Regjeringsvennen Sf gjekk òg tilbake. Slike paradoks har me hatt fleire av kringom i den demokratiske verda.
Eg hugsar godt kva som hende i september 1973. Den 11. september var det kupp i Chile, men det var ikkje det eg tenkte på. Ved stortingsvalet same veka gjorde Arbeidarpartiet det dårlegaste valet sitt sidan 1930 og miste nær fjerdeparten av veljarane frå 1969. Men då vart Bratteli statsminister for ei arbeidarpartiregjering etter at Korvalds sentrumsregjering trekte seg.
Kva hende i 2005? SV gjorde eit elendig val samanlikna med valet fire år tidlegare. Og kom med i ei regjering for første gong.
No kan me få høgreordførar i Kvinnherad. I allianse med Ap, som då skal få varaordføraren! Partia snakka ikkje så mykje pent om kvarandre før valet. Den nye ordføraren kjem opphavleg frå Sp, så vegen mellom partia er ikkje frykteleg lang. Sp er forresten eit studium verdt. Somme spår at partiet får fleire ordførarar etter kommunevalet enn dei hadde i førre periode. jamvel om partiet fekk ein viss tilbakegang ved valet. Me får sjå.
Politikkens vegar er uransakelege. Men så er det slik at eg meiner ikkje at slike fenomen er så forkastelege. Det finst statar kringom i verda der politiske kompromiss er utenkjelege. I staden kranglar dei og slåst, driv med fule knep og gløymer at kunnskap skal styre rike og land. Somme snakkar med forakt om politikarar fordi dei ikkje held vallovnadene sine. Det skulle no berre mangle, når sju-åtte parti lovar høgst ulike ting og ingen parti åleine er i fleirtal.
Folk som ikkje har kjennskap til øykjer, snakkar med forakt om hestehandel i politikken. Men vent litt, det er betre med hestehandel enn inga handling i det heile.
Papen kjøpte eit merraføl hos grannen. Garagutane fekk pengane dei skulle ha, og papen fekk ei framifrå merr.

lørdag 17. september 2011
UFORSTÅELEG BLOGGPAUSE
Me er komne til den 17. september, og eg ser at eg ikkje har blogga sidan august. Så dersom eg har engstelege lesarar, kan eg straks opplyse at eg er i live, at alt er i den skjønnaste orden i og for seg, (når eg ser bort frå vêret, no regnar det att etter eit par dagar med nesten opphaldsvêr), og sopp har me plukka, både i går og i dag. Det ligg eit laken dekt med traktekantarell på baderomsgolvet. Gårsdagens fangst. Soppen skal tørkast og puttast på glas. I eit hjørne på same golvet ligg det ein handduk, og oppå den har eg etter dagens utflukt spreidd ein slump skjelpiggsopp. Den skal verte til soppmjøl. Soppmjølet skal òg på glas og skal ikkje brukast til bollebaking eller i vaffelrøre. Nei, etter kvart skal det blandast i supper, sausar, gryter og stuingar.
Eg har jamvel plukka nesten ein liter bjørnebær i dag rett nedanfor eigedommen vår. Bjørnen var ikkje heime. Der veks det villig vekk eit kratt som breier seg og prøver å snikje seg inn i hagen vår. Men ved tomtegrensa seier me stopp. Her er grensekontrollen streng, trass i at eigedommen vår ligg innanfor Schengenområdet.
Og rett etter at bjørnebæra var iblanda litt sukker og Certo og plasserte i frysen, køyrde me til Ersland og gjekk postvegen mot Ølfarnes. Utan postveske, men med kvar si soppkorg. Heim att kom me med ein svært assortert slump sopp, som for det meste òg er hamna i frysen. Bortsett frå skjelpiggsoppen som skal verte til soppmjøl og ein høveleg porsjon som står på kjøkkendisken og skal verte til suppe i kveld.
Då har eg gitt eit livsteikn. Og lova meg sjølv å skrive litt kvar dag framover ei stund. Har du tips til emne for bloggtekstar, er det eit kommentarfelt nedanfor. Viss ikkje, får du ta til takke med det eg kjem på sjølv.
Ha ein fin laurdagskveld! No lyt eg gå i gang med suppekokinga.

onsdag 31. august 2011
POLITIKK TAKK
Så var det dagen for skuleval på Kvinnherad vidaregåande skule. Bloggaren som altfor ofte er tilbakeskodande, slo opp på innslaget frå skulevalet for to år sidan. Det kan du gjere og, så slepp eg gjenta meg sjølv.
Og kven fekk flest røyster i år, trur du? Nei, det vart ikkje Arbeidarpartiet, slik somme trudde. Det vart det partiet som har vore i siget dei siste månadene. Høgre. Arbeidarpartiet har sjeldan gjort det så skarpt på skulevala våre, men i år kom dei rimeleg bra ifrå det. Frp har nok appellert til mange av gutane våre, iallfall dei som er mest interesserte i øl og mopedar. Dei fekk ein del røyster, dei òg. Om lag likt med Arbeidarpartiet. Men for to år sidan sigra dei med stor margin. Såleis var nok ikkje skulevalet vårt i år den suksessen dei hadde håpa på.
Me har bala på og orientert elevane våre om kva dette valet går ut på. Det er eit slit i mange av dei yngste klassane. At elevane skulle bruke to lister, var uforståeleg for mange. Somme trekte så å seie lodd, valde røystesetlar på slump. Om lag ti prosent røysta blankt både til kommune og fylke.
Så kan ein lure på om det heile har noko for seg. Som gammal samfunnsfaglærar og hovudansvarleg for røysteavviklinga i dag, burde bloggaren svare eit rungande JA!!! For den gamle grinebitaren som sit og skriv dette, er det meir uklart.
I kveld såg Anne og eg filmklassikaren High Noon (Sheriffen). Så det er berre å seie: A man must do what he must do.

tirsdag 30. august 2011
DEN GAMLE ALPELUE
Her kan kome fleire bloggtekstar om livet bak i krokane på Firda Gymnas tidleg på sekstitalet. Berre eg ikkje rotar meg til å gjenfortelje slikt eg allereie har skrive; eg har vore innom firdatida mi fleire gonger tidlegare.
Eg har ein profil på feisbukk, og der har eg brukt eit profilbilete som skriv seg frå ein hyggjetime med franskelevar. Då pyntar eg meg med lausbart og alpehue. Slike hovudplagg var å sjå på opptil fleire av lærarane våre på Firda. Me tykte det var litt snålt.
Bak i kroken vår dreiv Harald og eg med så ymist. Lærarane heldt seg stort sett bak kateteret, og me trudde me kunne sysle med vårt i fred og ro. Det gjorde me òg. Ein vakker dag stifta me ein ny orden: "Den gamle alpelue". I tur og orden (der kom ordet att i ny tyding!) tildelte me denne høgthengande utmerkinga til medelevar i klassen. Dei fekk eit vakkert, handlaga diplom med grunngjeving. Eg trur me prøvde å teikne ei alpehue òg. Me var vel om lag jamdårlege til å teikne, Harald og eg.
Etter kvart hadde vel alle klassevener og -veninner fått ordenen, så då minka nok glansen, kanskje. Harald og eg vart aldri kåra til verdige mottakarar av "Den gamle alpelue".
Men eg eig altså ei slik hue. Ho er berre brukt ved særsilde høve. Forresten: Franskmenn flest går ikkje med alpehue, ikkje det eg har sett.

mandag 29. august 2011
SLAUREFAKTER PÅ SKULEN
For to år sidan skreiv eg nokre bloggtekstar om den første tida mi på Firda Gymnas. Det burde eg ha venta med til no, for då kunne eg samstundes ha markert at det i desse dagar (truleg for om lag ei veke sidan) er femti år sidan eg begynte på gymnaset. Sidan eg reknar med at dette er siste året mitt på gymnaset, (ikkje på Firda, rett nok,) kan eg såleis seie at denne skulen, dette skuleslaget, har vore til mykje heft i livet mitt. No er det forresten færre og færre som nyttar det namnet som har vore ulovleg sidan 1976, dei fleste har vant seg til å seie den vidaregåande skulen.
Då me begynte som lærarar og stod der framme ved tavla, fekk me oss eit lettare sjokk: Me meinte å sjå alt som hende nede i klasserommet, jamvel slaurefaktene til dei som sat heilt bak i krokane. Hjelp! Då har lærarane våre i si tid sikkert sett alt det rare og strengt teke ulovlege som me balte med òg! Korfor sa dei ikkje frå? Jau, dei gjorde no det, stundom. Men ikkje lite av det me putla med, fekk me drive på med i fred.
Eg sat altså bak i ei krå (jamfør blogg august 09), og framfor meg sat Harald. Me begynte å gje ut klasseavis mot slutten av første året. Det var eit handskrive produkt som me pressa ned på fire skriveboksider. Eg trur at me begge brukte skrivebøker som var litt større enn det vanlege a5-formatet. Det var berre å nappe ut midtsidene, så hadde me råstoff. Så skreiv me: dikt, sladder, vitsar, visdomsord. Mesteparten var vås, sjølvsagt. Avisa heitte (hugs, me gjekk på engelsklinja!) DET TIMES. På eine sida av tittelen øvst på første sida teikna Harald ein miniatyr av skulebygget vårt, som altså likna fælt på Eidsvollsbygningen. På andre sida teikna eg ein jordklode. Eg skreiv alltid med grøn penn. Dermed fekk avisa eit lekkert ytre. Magne og Kalle kom etter kvart med som medarbeidarar.
Kvart avisnummer kom ut berre i eitt eksemplar, som gjekk på omgang i klassen og vart ein suksess. Nummera vart samla og lagra på ein nokolunde trygg stad i klasserommet. På slutten av tredje året hadde bunken vakse bra.
Men akk, sic transit gloria mundi! Ikkje lenge etter at me forlét Sandane, forsvann dei dyrebare skrivbokarka ved ein inkurie. Det var ikkje eg som gjorde det, meir seier eg ikkje.
Eg kan ikkje hugse at eg har sett liknande produkt frå mine elevar. Kva driv dei eigentleg med bak i krokane no til dags?

tirsdag 23. august 2011
SLEIP FISK
Somme vil meine at han til venstre er ein breiflabb. Men eg har tenkt å skrive mest om steinbiten, han til høgre. Han sat i garnet i dag tidleg og hadde sikkert baska på ei stund, for han var nokså sliten og slapp då han kom opp i båten. I fanget hadde han ein stor krabbe, og eg kan tenkje meg at det var lyst på krabbekjøt som gjorde at han hamna i trollgarnet mitt. Då han ein times tid seinare måtte finne seg i å verte flådd, kom det ut noko som måtte vere restar av krabbe- og kråkebollemåltid. Han har ein solid kjeft, så han stammar nok frå Bergen eller Sogn. Men han måtte finne seg i å verte overmanna av ein sunnfjording. Eg stoppa kjeften på han med nokre stikk inn i hauet med den smale, skarpe sløyekniven min som eg fekk til femtiårsdagen for mange, mange år sidan. Då kan du tru han vart spak. Endå spakare, som sagt var han ikkje så livleg allereie då han gleid over ripa. Men kjeften gjekk, såg eg, og nett der ville eg ikkje risikere fingrane mine.
Og korleis sløyer me ein steinbit? Det er ein sleip fisk som ikkje er så lett å handtere. Ein feit faen. Skinnet er seigt som bikkjeskinn (trur eg, men eg har aldri filetert ein hund). Men me gjer det slik: Eg slo ein sekstoms spikar gjennom hauet og vidare inn i stolpen ved trappa. Der hang han og dingla mens eg sprette opp buken og sleppte innhaldet opp i ein stamp. Så løyste eg skinnet rett nedanfor toknene og dei fremste uggane, og med ei tong drog eg skinnet av han. Deretter skilde eg kropp frå haue, så det sistnemnde hang åleine på stolpen som var det ei nidstong. Neste fase var å skilje kjøtet frå ryggbeinet, og vips hadde me to flotte filetar. Den eine låg nysteikt i høvelege bitar og anga på middagsbordet i dag. Eit fruemåltid, kan du tru! Den andre halvparten ligg i frysaren.
Og krabben? Han fekk følgje med endå ein krabbe og vart til kveldsmat. Eg veit ikkje kva han ville ha likt best, verte levande kokt med salt og dill, eller verte levande oppeten av ein steinbit.
fredag 19. august 2011
MANNEN DØYDDE, MEN FEBEREN VART HAN KVITT
For godt to år sidan kjøpte me ein ny liten apal i staden for ein som av ymse grunnar laut falle for saga. Denne apalen har hatt ei traurig ungdomstid. Første året kom det rett nok frukt: tre raude, velsmakande eple, og optimismen var stor. I fjor kom det eitt makkete eple. I år sette apalaen pent med blomar, men grisevêret gjorde nok sitt til at det danna seg berre nokre få knytingar. Så kom ei av fleire uvêrsbyger med kuling og piskeregn, og knytingane datt av. Alle saman. Det har altså minka og minka med grøde for kvart år på den unge discoveryapalen vår.
Utpå sommaren begynte han iallfall å vekse i høgda. Det kom friske, grøne spirer som lova framgang og grøde i framtida. Me gledde oss. Men så kom lusa. Her for eit par veker sidan såg me at det låg tett med lus på dei nye spirene, og lauvet der heldt på å krølle seg. Ja, ja, eg gjekk i kjellaren og leitte etter lusekverk. Men den var nok oppbrukt, og eg treiv etter noko anna insektmiddel, meint for større insektbeist. Toppane på apalen vart sprøytte, og lusa fekk eit helvete.
I dag var eg ute og konstaterte at alle dei nye skota på apalen var visna. Då kom eg i tankar om gamle Holberg. Han var skeptisk til og spydig med dokterane på den tida og på dei underlege medisinane dei prøvde på folk. Han hadde god grunn til det, for legane fann på dei utrulegaste knep og kokte i hop dei skrekkjelegaste medikament som pasientane laut lide under. Sjølv trudde Ludvig meir på naturen og naturlege lækjemiddel. I ein satirisk stubb fortel han om kjerringa som henta dokter fordi mannen hennar var sjuk med høg feber. Etter at dokteren hadde utført sine inngrep og prøvd sine medikament, enda det ille for pasienten. Til slutt trøysta dokteren den ferske enka med orda: "Jer Mand han døde vel, men Febren ham forlod."
Lusa på apalen har iallfall krepert.

tirsdag 16. august 2011
NY SLAGS VALKAMP?
Eg kvidde meg litt på å begynne å blogge att etter den store tragedien i sommar. Eg tenkte på at eg burde begynne med å skrive noko om det som hende, og knyter nokre tankar til det. Det vart ein sørgjeleg sommar, og då tenkjer eg ikkje berre på grisevêret me fekk. Bevares, me hadde fleire gode dagar og hadde lag med kjekke born og barneborn mellom anna. Men Utøya-dramaet har prega mange av oss. Bomba i Oslo var sjølvsagt ille nok, men avrettingane av ungdommane på AUF-leiren overgår det meste av det me kunne ha tenkt oss. Mange har rosa det norske folket for samhald og storsinn. Ja, det er flott. Men som etnisk norsk skjemmest eg av det som hende, og eg har skimta mykje grums i utkantane av den offentlege debatten.
Eg var spent på opninga av valkampen med paneldiskusjon i NRK 1 i kveld. Det vart ein utruleg danna debatt. Ikkje minst hadde dei funne fram ei fin blanding av kvinner og menn frå ulike delar av landet. Dei heldt det dei har lova, dei snakka om saker og prinsipp. Først kom det nokre innleiande rundar der dei uttrykte nokre fargelause tankar om kva hendingae i sommar kan få å seie for politikken og valkampen. Så prøvde dei seg med fanesaker og ideelle prinsipp.
Største overraskinga kom frå Frp-ordføraren frå Nordreisa som snakka varmt for eldreomsorg utan å nemne privatisering, og som skrytte over vellukka integrasjon av nye landsmenn i heimkommunen, utan å seie eit ord om verken muslimar eller utanlandske kjeltringar. Han og han tok forsiktig avstand frå C.I. Hagens to siste utspel om muslimske terroristar og krav om redusert politigransking av brotsverka på Utøya. Han kunne ha representert kva parti som helst. Eg trur han representerte den jordnære lokalpolitikaren som har eit praktisk og omsorgsfullt blikk for folket i bygda.
Det kling godt i mine øyre å høyre på danna menneske frå ulike kantar av landet som diskuterer politikk. Spørsmålet er om det vert alt for tamt, slik at folk ikkje vaknar og slepper ut ettertanken. På TV2 og TV Norge rulla det amerikanske dramaseriar.

mandag 15. august 2011
MYKJE PENT I SJØEN
Her ein dag var eg og drog garna mine. Tre trollgarn, sette på ulike plassar eg ikkje skal røpe eller trøtte deg med. Som vanleg drog eg opp litt middagsmat og enkelte sjøuhyre som eg ikkje ville ha med meg heim. Denne gongen kom det noko med garna som eg aldri før har fått opp i båten: Ein skapnad som eit stort oljeselskap har hatt mykje glede av. Det hender forresten at me brukar dette oljeselskapet når me kjem frå Bekkjarvik og nærmar oss Skjersholmane. Stasjonen ligg så lagleg til ved vegen frå Sandvikvåg, og der har dei ofte helgepris på bensinen framleis viss me fer forbi ein måndagsmorgon.
Men dette dyret hadde eit heilt anna innhald enn illeluktande bensin. Me opna det på kjøkkenbenken, og fram i dagen kom det både ein feit lukkemuskel og ein fargerik rognpose. Andre innvolar vart fjerna og kasta. Anne svinga opp med steikjepanne, ein klatt godt smør og eit ørlite pepardryss, og snart delte me godsakene mellom oss med det største velbehag. Terningkast ni!
Det er mykje godt i sjøen. Tidlegare i veka var Anne med og drog garna, og då kom det ein stor kråkebolle over ripa. Eg kakka av toppen og såg på dei fem rognposane. Dei var store og lyseraude, men litt blaute. Me åt kvar sin av dei, heilt naturell. Anne tykte ikkje at det var det beste ho hadde ete. Eg vil heller ikkje gje så høgt kastscore på denne godbiten. Ein firar, kanskje?
Me skulle nok ha dryppa rogna med eit par dropar sitronsaft og to-tre peparkorn. Eller selt kråkebollen til japanarar eller franskmenn?
søndag 14. august 2011
LANG, VÅT BLOGGTØRKE
Dei som måtte leite etter blogginnslag frå meg i sommar, har leita til fånyttes sidan tidleg i juli. Eg tykkjer det er rett og rimeleg at også ein bloggar skal ha nokre vekers sommarferie. No har det slett ikkje vore utevêr heile denne perioden med bloggtørke. Me har ikkje hatt mange dagar utan ein og annan vasskvett. Såleis skulle det nok ha vore både tid og høve til nokre stunder med datamaskina.
Men no er eg altså i gang att. Så berre ta deg ein tur innom i dagane som kjem, viss du gidd. I morgon er det skuledag, den første etter ferien. Rett nok berre for oss som hevar løn der borte, elevane kjem ikkje før onsdag. Etter alle solemerke vert dette eit merkeår, for eg reknar med at det er mitt siste som lærar. Rune (eldste son min) var innom temaet her i sommar, og kommenterte slik: "Ja, men då er du jo russ i år, pappa. Du skal vel berre går rundt og drive med jævelskap på skulen då!" Det var ein fortreffeleg idé som eg skal ha i mente. Spørst kva farge eg ska ha på hua.
Her ein dag trefte eg ein tidlegare elev, som no er vorten ei flott, ung dame. Eg nemnde at det sikkert vart siste året mitt i jobb. "For noko tull, Reidar, du har vel knapt bikka dei femti, du!" Eg såg på det ertande fliret at ho spøkte. Men eg er lett mottakeleg for smiger, så eg takka og bukka for den kommentaren og lest som eg var einig.

mandag 4. juli 2011
SKALDYR OG ENGLAR
I går kom garna omsider i sjøen, og i dag var eg ikkje lite fornøgd då eg trekte dei. Opp kom det to pene torskar, to gilde lyrar og ein halvstor pal. Og så ein liten hokrabbe, ei lita kvige, kunne me kanskje kalle dyret.
Men aller mest nøgd var eg med at det ikkje kom ein stor, fin hummar opp or djupet. For då hadde me hatt det gåande. Ein svart og ein kvit engel på kvar si skulder, med hissige og gode råd til den arme fiskaren. Den svarte hadde nok forkynt at eg måtte ta hummaren med heim. "No var du heldig, Reidar, ikkje hiv han ut att i, tenk ikkje på at dette er på kanten av lova, hugs kor herleg han vil smake med eit ørlite glas kvitvin attåt!" Og så hadde han masa og gnålt om at alle andre gjer det same, fiskar hummar i tide og utide, både i garn og teiner og på feil årstid, at det ikkje er min feil at han rotar seg inn i trollgarnet, at det er rikeleg att i sjøen, og så vidare.
Den kvite engelen på hi skuldra ville ha appellert til min naturvernsans og den lovlydige sida mi. "Ikkje lat deg freiste av den gode smaken og utsikter til kvit vin. Ta med deg fiskane og krabben og ver nøgd med dei. Ei sak er at det er ulovleg og straffbart å ta hummaren heim. Ei vel så viktig sak er at det er ein utryddingstruga art. Tenk på artsmangfaldet, hiv hummaren ut att med ein gong!"
Nei, eg er så glad at eg slapp få svarte skaldyr i garna. Det var nok fugleskrik av all måsen som kringsette båten, om ikkje desse to svære vengebeista skulle ha kome òg. Middagen vart ei gastronomisk lukke, Anne fekk begge torskehaua, me kokte fiskelever og den største torsken, ein raud, fin ein, og me åt til me vart sløra i blikket. Me kokte kraft av skinnet, hauet, beina og uggane på palen, filetane åt me til kvelds, krafta skal verte fiskesuppe i morgon. Dei andre fiskane ligg i frysen.
Og den vesle krabbekviga? Ikkje heilt tom, nok til kvar si skive med litt sitronsaft og majones. Nei, det vart ikkje kvitvin, berre eplejus.

søndag 3. juli 2011
FERIEFEST OG VÊRVARSEL
Kva gjorde me når me ville vite om vêret før Yr, før dataalderen, før internett? Tja, me kunne slå på radioen, vente til kvelden når Trægde kom dansande inn i tv-ruta, eller me kunne faktisk ringje til Vêrvarslinga på Vestlandet.
For ein mannsalder sidan, trettiein år, tek eg ikkje feil, ville me ha ein skikkeleg sommarfest då skuleåret var slutt. Jon og eg finsnakka med presteenkja Lisen Sande, som var lærar på skulen vår den gongen. Ho budde nede i ei idyllisk vik i Valo med strandlinje og greier, passeleg langt frå innpåslitne grannar. Om me kunne låne stranda hennar til fest?
Lisen drog no på det, men gav oss lov. Me planla å leggje ut eit dansegolv, noko som byggfaglærarane meinte me skulle få til med forskalingsflakane dei hadde liggjande. Så då var det berre dugnadsånd, feststemning og velvillige vêrgudar som laut til.
Då dagen kom, siste skuledagen før ferien, var det regn i lufta, men bra temperatur. Vêrmeldinga om morgonen i radioen var ikkje så oppløftande, men heller ikkje direkte skremmande. Då ringde me til Vêrvarslinga på Vestlandet. Dei kremta og viste velvilje. Det var utrygt for enkelte regnbyger, men truleg lange periodar med opphaldsvêr. Før skuledagen var slutt, ringde me ein gong til. Nei, utsiktene var iallfall ikkje verre enn før på dagen, men dei torde ikkje love oss opphald heile kvelden. Om Valen var særskilt utsett for bygene? Tjaaaa..., me kunne risikere at alle bygene kom i Valo, men det kunne likså godt hende at me ikkje fekk ein drope på oss.
Festnemnda valde å satse på det siste. Om ettermiddagen transporterte me flakar og plank, og etter litt spikring og styr kom danseflaken på plass. Musikken skulle vel låte frå ein stor kassettspelar, vil eg tru, og resten fekk folk syte for sjølve.
Til fastsett tid begynte det å aule med folk i stranda, med grillar, stolar, campingbord og digre sekker med proviant og utanpåklede av ymse slag. Tunge skyer kvilte over Gongstø. Og nett då kom regnet. Me hadde lova Lisen at det ikkje kom på tale å leggje beslag på husrom hos henne, men no tykte ho synd i oss og jaga oss under tak i den vakre, gamle storstova si. Stemninga var spent.
Men etter eit kvarters tid tok regnet slutt, og me labba i stranda, ein smule molefonkne. Og kva så? Det kom ikkje ein regndrope heile natta, festen vart ein knallsuksess som det framleis går gjetord om, og Lisen var nok lukkeleg over at ho slapp så lett. Ho strålte som ei sol dagen etter då me var og rydda og rigga ned dansegolvet.
Så spørst det viss det var Yr.no som skulle ha gitt oss råd om vêret den kvelden. Kanskje me hadde avlyst heile greia? Eller kan det tenkjast at vêret hadde vorte skikkeleg grapse?

lørdag 2. juli 2011
YR.NO
Ja, no er det yr ute. Difor må eg få uttrykkje min harme over den nettstaden eg hatar mest, men elskar å vitje: Yr.no. Gong på gong har me vore innom denne såkalla vêrvarslinga når me har ein utanlandstur eller ei hyggjestund her heime på programmet. Me vil så gjerne ha godt og lagleg vêr til slike evenement. Då begynner me ti dagar i forvegen å sjå på Yr, om me får godvêr eller dritvêr.
Eg trur det er ein regel utan unntak at dei velvyrde vêrprofetane våre endrar prognosane frå dag til dag, ja, stundom frå time til time. Ein gong då me skulle til Berlin, byrja dei med å varsle sol og vår, men dagen etter spådde dei regn og ruskevêr. Slik dreiv dei og leika seg frå dag til dag med varierande utsikter. No kan eg leggje til at vêret vart bra nok på den turen, litt kaldt, men godt byvandringsvêr. Det var den gongen, og eg nektar å gje Meteorologisk institutt æra for det vêret me fekk til slutt.
Så har eg lyst å nemne molofesten, som eg skreiv om for tre veker sidan. Me sikra oss rett nok mot regn, takk og pris, me reiste eit rammeverk av bord- og plankerestar og spente over ein diger presenning. Der plasserte me stolar og bord med festmaten. Men det var på nippet at eg fekk nemnda til å avbryte anleggsarbeidet, for Yr.no melde same dagen heil sol og stille vêr til kvelden. Det gjorde dei jamvel om ettermiddagen rett før festen skulle opnast. Men me var knapt komne i gang med snorklypping og taler før dei første dropane klaska i presenningen, og utetter kvelden avløyste den eine regnbyga den andre.
Kva med dagen i dag? Eg tasta inn Yr.no og vêret på Valen i Kvinnherad. Jau, på timevarselet i føremiddag spådde dei god temperatur, vindstille og skya opphaldsvêr utover kvelden. Grilling og vin! Me har nesten ikkje hatt grillkveldar og lange laurdagskveldar på terrassen i år. Yngste sonen er heime, og kva er betre enn at me gamle foreldre og han sit ute i julinatta med ettersmaken av steikt kamskjel og grilla entrecôte i munnhòla og litt god vin i glasa? Ideen fekk allmenn oppslutnad, og er ikkje heilt skrinlagd enno. Klokka er berre knapt sju. For no har Yr.no ombestemt seg og melder litt yr i kveld. Det tolkar eg dithen at det kanskje vert opphald. Jamvel om små og tette yrdropar væter terrassen nett no.
Min gode ven og eks-kollega Helge var litt innom meteorologistudiet i sin ungdom. Om vêrvarsling har han dette å seie: "Viss dei hadde meldt samma vêret i mårå so idag, hadde treffprosenten vore høgare enn det dei melder!"

torsdag 23. juni 2011
JONSOK OG LØN FOR STREV
Eg har visst nok produsert fleire jonsoktekstar desse tre åra eg har blogga. No kjem det ein til. Eg vil tru det hende for om lag femti år sidan. I alle fall var det tidleg på sekstitalet, og kanskje femti år sidan i dag. Me dreiv og rigga til bål på ein av dei mest brukte stadene heime i Flekke: ved gamleskulen. Og då snakkar eg ikkje om skulehuset som dei bygde om lag 1930 eller deromkring. I atten åtti-åra bygde dei skule like innanfor Lendiga, for dei som er lokalkjende. Då eg voks opp, stod berre litt av murane, og no ser me knapt spor etter husa.
Men altså: Ein guteflokk var i gang og stelte til bål. Det regna og var surt, slik me ofte har det ved jonsok. Men me balte på etter fattige evner. For jonsokbål ville me ha. I nærleiken var det rikeleg med einekrekser (brakje, for deg som ikkje skjønar ordet eine) som me hadde lov å ta, ja, grunneigarane var berre glade til når me heiv oss over slik unyttig småskog.
Christian Bekker var ein av dei som sette farge på bygda. Du kan klikke på lekkja og lese biografien hans. Kort sagt: Han var nokre og åtti år den gongen me streva med bålet vårt. (Han vart 103 år gammal då han døydde.) Der kom han ruslande med ryggsekken sin. Som vanleg spaserte han dei tre kilometrane frå Flekke til Haugland eller omvendt. Han elska å preike med folk, og spesielt ungar. "Til Pigerne havde han skjemtsomme Ord, han spøgte med Byens Børn," kan me seie. Ein gong kom han på besøk heilt inn i skulestova vår i Flekke og deklamerte heile Terje Vigen utanboks. Før eg kjem til poenget mitt med jonsok i grisevêr, får eg skyte inn at han testamenterte eigedommen på Haugland og mykje meir til Røde Kors på vilkår som ligg til grunnen for det noverande Hauglandsenteret og United World College like ved. Bekker hadde vore advokat og ein luring, så han var ein halden mann.
Då han såg oss som strevde med bålet, vart han imponert, drog fram ein femtilapp or den tjukke lommeboka si og forærte oss som løn for strev. Den skulle me kjøpe oss noko godt for, det hadde me fortent, som dreiv og laga bål i slikt dritvêr. Dei to bakarsønene i flokken drog heim i bakarutsalet,og henta bollar og ein kasse brus for pengane (femti kroner var ikkje så lite for femti år sidan!).
Så då vart det festleg. Skal tru om ikkje regnet gav seg og?

onsdag 22. juni 2011
SISTE PAR UT
I haust gav eg meg ut på å presentere ein del barne- og selskapsleikar som eg hugsar frå yngre år. Lista er ikkje komplett, for det er fleire som ikkje sit godt nok fast i minnet til at det er nokon vits i å rekonstruere dei. Men ein leik bestemte eg meg for å vente med til jonsok. Rett og slett fordi eg assosierer han med jonsokfeiring heime i Flekke.
For kva dreiv me med når bålet spraka og tjukk røyk frå våt eine steig til vêrs? Me kunne ikkje berre stå og glane på meisterverket vårt. Me laut finne på noko å leike. No var det forresten kome til ein del vaksne i ymse aldrar òg, noko som gjorde val av leikar utfordrande. Eg har eit par altfor vage minne om fleire leikar og tevlingar, men det eg i alle fall hugsar, var at Siste par ut var populært.
Enkelt og greitt: me stilte opp parvis i ei rekkje. Gamle og unge. (Og no var det mogeleg for gutar å stå med jenter og omvendt! Men noko krav var det ikkje.) Ein av oss stod då åleine fremst og ropte "Siste par ut!" Dermed skulle det paret som stod lengst bak, springe fram og prøve å kome seg fremst i rekkja. Og den som stod fremst og ropte, skulle prøve å fange ein av dei som no var på flukt. Gjekk det bra, vart dette eit nytt par og kunne stille seg opp fremst, mens den som no miste partnaren sin, laut stå aller fremst og rope, i von om å få seg ein ny make.
Slik heldt me på til me vart leie. Og no kjem det eit dikt - ein song - som eg har grave fram or hjernekista, og som eg trur eg dikta i tolv-trettenårsalderen. Du kan med litt velvilje prøve å syngje han til tonen av "Eg vil gifte meg med Brita i Bu ..."
Oppi skogen ein sumarkveld
der brann det ein lystig eld.
Og attmed bålet stod jente og gut
og leika leiken Siste par ut.
Og både Jon og Per dei var med.
Dei måtte mate bålet med ved
så det ikkje skulle slokne ut
medan månen stod opp bakom nut.
Tjaaaa, kva meir? Nikolai Astrup har illustrert songen med nokre målarstykke.

tirsdag 21. juni 2011
SOLSNU OG BÅLBERG
Klokka 17:16 idag snur sola. Det gjer ho slett ikkje, men frå i dag vert altså dagane kortare og kortare fram til jul. Eg burde ikkje nemne dette, i og med at me knapt har sett sola på halvannan månad. I grunnen skulle eg ha vore på skulen i dag, men det skjer så lite at eg sit heime og skriv blogg i staden. Derimot var eg der i heile går på pensjonistdagen min, og eg skal vere der i heile morgon på pensjonistdag. Torsdag får me endeleg mønstre av.
Og så har eg ringt brannsjefen i dag og sagt at me vil kveikje bål her på berget jonsokafta. Det hadde me sikkert gjort før, sa ho, og det har ho rett i. Forresten fekk Eikelandsberget namnet Bålberget på skøytet me skreiv med den dåverande eigaren då me kjøpte eigedommen for tretti år sidan. Me spurde han kva dei kalla berga me skulle kjøpe, for eit namn skulle me ha på skøytet. Han vart nesten svar skuldig, men mumla om at "me kalla da ofte for Bålberget..." Ingen andre har høyrt det namnet, men somme vedgjekk at det stundom vart brent jonsokbål her, langt som det var til nærmaste hus.
Men Bålberget har me sjeldan og aldri sagt. Derimot lanserte ei nabokjerring namnet Raudaberget, og det vert framleis brukt blant vondsinna og godlynte utanforståande. Ryktet gjekk på den tida at det var ein frykteleg raddisgjeng som kom og skulle byggje eit kollektivt her på berget. Kommunen derimot avgjorde at gateadressa skulle vere Eikelandsberget. Det er langt og tungt å seie, men me taklar det.
Så spørst det om me får sjå sola når ho snur over Bålberget/Raudaberget/Eikelandsberget i ettermiddag klokka 17:16

torsdag 16. juni 2011
SNIGLEMORD
Tidleg i mai trudde eg at dette skulle verte eit sniglefritt år. Vinteren hadde vore kald og tøff for desse blaute beista, våren var turr og sniglefiendtleg, så frå påske til langt ut i mai var det knapt ein snigel å sjå, verken brune, svarte eller grå. Så kom regnet. Og meir regn. Og etter kvart kom sniglane og. Eg ser ikkje vekk frå at dei kom ovanifrå skyene eller endå lenger ovanifrå. For korleis hadde dei overlevd her mellom dei turre berga og knausane våre? Brått var dei her, både dei brune, dei svarte, dei grå og dei i spraglete hus. Først åt dei opp dei stakkars salat- og dillspirene som våga seg opp or bedet og opp i ein dag fylt av kuling og regn. Så heiv dei seg på georginene, men dei har heldigvis greidd å vekse seg såpass store og sterke at sniglane ikkje greier å halde dei nede. Ja, bortsett frå dei som står lengst vest i bedet. Der har sniglane overtaket. Og eg sette ut nokre frodige squash-planter, men dei er sporlaust vekke. Eg har sterke mistankar om kven som er syndarane.
Slik vandalisme fører automatisk til dødsstraff. Eg brukar tre straffemetodar. Giljotinen og den elektriske stolen har vore diskutert, men eg synest begge er for humane. Mine straffemetodar er:
1) Eit fast og tungt trakk på slya. Viss han ikkje ligg ein stad eg kan trakke, kan eg flytte han med ein pinne til ein høveleg avrettingsstad. 2) Finne ein liten stein eller ein skikkeleg pinne og presse dyret til det vert like klemstra som om eg hadde trakka det. 3) Den tredje metoden vert brukt viss dei er mange, så her snakkar me om masseavretting: Eg tek på meg ein eingongshanske av tunn plast på høgre handa, ei plastbytte med ein skvett vatn i den venstre, plukkar sniglar med eingongshanskeneven, slepper dei opp i bytta, og når eg har gått runden og fått med meg dei eg ser, ruslar eg dei få meterane ned til sjøkanten og hiv innhaldet i bytta resolutt på fjorden. Då er det opp til måsen og lyren om dei vil smake.
Eg et franske sniglar, men desse heimeavla beista fell eg ikkje på. Men kanskje eg burde ha gjort det, så hadde dei sikkert rømt bort til Sven, alle i hop.

tirsdag 14. juni 2011
MOLOFEST
Det finst alltid eit påskot til ein fest. Du kan til dømes byggje ein molo. Det har me gjort her på Eikelandsberget. Rett nok gjekk det litt tid frå dei første steinblokkene hamna i fjorden utanfor berget til festen gjekk av stabelen.
Me var tretten familiar som i 1982 gjekk i gang med eit sjølvbyggjarprosjekt her i Valo (eller på Valen, som folk flest skriv, men som dei innfødde ikkje seier). Utover våren og sommaren det året var det eit ofseleg anleggsområde her som dei tretten husa og hagane no ligg og skin. Overskotsmasse kunne entreprenøren leggje ut som ein molo, det vil seie: opptakten til ein molo. Spesifikasjonane for nett denne ørvesle delen av det store anleggsprosjektet var lite detaljerte. Men ein slags molo vart det, ei steinrøys som gjekk som ein hake ut i sjøen. Bevares, han har fungert som molo i alle dei år, men steinar sig ut, massen på toppen har vorte vaska vekk, og den reint estetiske utforminga var så som så.
Fleire gonger har me fylt på med meir stein og masse, men fundamenteringa får me nok fleire problem med i åra som kjem. Men i fjor fekk me faktisk summa oss til å strigle moloen med ei støypt plate på toppen og nesten vakre kantar på innsida, kledde med trykkimpregnerte bord.
Og då måtte me ha innviingsfest. Den hadde me første pinsedag. Små og store deltok, me hadde snorklypping, avduking av redningsbøye i eit vakkert oppheng, reker, kaffi og kaker. Me skrytte av kvarandre for god innsats og godt naboskap. Heilt fortent. Alle dei trettiåtte festdeltakarane kom vel frå det utan at nokon fekk bruk for redningsbøya frå forsikringsselskapet Tryg (bøya har fått namnet Trygve, forresten).
Somme meinte at me måtte byggje fleire moloar for å få påskot til ny molofest.

mandag 13. juni 2011
FOLKESKULEEKSAMEN
Nei, eg skal ikkje trøtte deg med å skrive om alle eksamenane eg har teke fram gjennom åra. Eg skal heller ikkje fortelje noko særleg om eksamenane eg laut ta etter sju års folkeskule. Då var me oppe i dei to faga som ein såg på som heilt grunnleggjande: rekning og norsk stil. Eksamen var organisert innanfor kommunen, iallfall var sensuren det. Om dei laga oppgåvene lokalt, veit eg ikkje. Men det var tre ærverdige sensorar som las stilane våre og sjekka reknekunsten vår. Dette hugsar eg, for papen var med nokre år. Mon tru om dei var engasjerte i treårsperiodar, og at ein av dei vart skift ut kvart år?
Papen hadde altså slengt seg med. Korleis det hadde seg, veit eg ikkje, om han vart spurd eller om han søkte. Om det var eit tillitsverv eller ein betalt jobb, veit eg heller ikkje. Men han fekk mykje å fylle tida med mellom vårvinna og slåtten. Han kom i selskap med røynde lærarar og kanskje presten. Sjølv hadde han ein akademisk karriere med sju år i folkeskulen pluss nokre vekers snikkarskule. Papen var ein framifrå reknemeister, men han kjende seg meir utrygg på stilane. Difor var han ikkje lite nervøs første gongen han møtte opp og skulle diskutere karakterane. Men det gjekk betre enn han frykta, dei var godt samstemte om dommane. For unge lesarar kan eg referere karakterskalaen: Særs godt, Mykje godt, Godt, Nokså godt og Lite godt.
Men kva med meg og folkeskuleeksamen? Nei, dette hugsar eg ingen ting av. Skal tru om produkta våre ligg arkiverte ein stad inst i kjellaren på kommunehuset i Fjaler?

søndag 12. juni 2011
EKSAMENSNERVAR
Eg nemnde sist at eg ikkje har særleg medynk med elevane mine når dei skal opp til eksamen. Men kan det vere slik at eg vil hemne meg på dei for slikt eg sjølv har vore ute for? Eg har hatt mine eksamenar, eg òg. Ikkje alle har vore like smertefrie.
For femti år sidan i desse dagar (eller kanskje nokre veker tidlegare på våren, ) var eg opp til eksamen i matematikk på realskulen. Det eg hugsar best frå den dagen, er at eg var frykteleg nervøs. Matematikk var det beste faget mitt, så eg burde ikkje vere så uroleg. Men nervøs var eg, og det kan ha prega innsatsen. Eg rota med enkle ting, og mot slutten kom eg i tidsnaud. Eg sat med ein brøk som burde ha vore nedkorta, men det rakk eg ikkje.
Vel, det vart ein M, så eg trong ikkje syte. Nokre veker seinare sat eg i det minste klasserommet på Firda Gymnas i lag med nitten andre i B-klassen på engelsklinja. Det vart med andre ord ikkje fleire eksamenar på realskulen. Me kunne begynne på treårig gymnas etter andre klasse på treårig realskule.
At det vart engelsklinja, var det somme som stussa på, mellom andre to eldre brør som begge hadde gått reallinja. No var eg sterkt interessert i engelsk på den tida, så det var ikkje eit heilt tilfeldig val. Men kva om eg hadde smotte gjennom matteeksamen med karakteren S? Hadde eg då for skams skuld søkt reallinja? Det veit eg ikkje, og eg veit heller ikkje kva eg hadde drive det til i livet om eg hadde valt den vegen for femti år sidan.
Men eg angrar ikkje. Trur eg.

torsdag 9. juni 2011
EKSAMENSTID
Eg får meg ikkje til å synast synd på elevar som kjem opp til eksamen. Eg nektar å vedgå at det har noko med kynisme eller sadisme å gjere. Nei, eg går rundt og trur at dei har godt av det, iallfall dei fleste normale elevane. Og så bør dei vite frå første skuledagen om hausten at skuleåret kanskje endar med eksamen.
Forresten vekkjer eksamen intense gleder i mange. Når dei har gått og kvidd seg ei stund, teke seg i hop og gjennomført prøva etter fattige evne, vert dei så glade, så glade for at det heile er over. Spesielt etter munnleg eksamen, ein situasjon som har nokså dårleg ord på seg blant elevar, men som faktisk er eit høve dei har til å få betre karakter enn standpunktkarakteren. Og det skjer oftare enn at dei dalar i karakter, iallfall på skulen vår. Det betyr ikkje at me er for påhaldne med standpunktkarakteren, men at elevane skjerpar seg ekstra, ekstra når dei bur seg til munnleg.
Og denne erfaringa bør dei ha med seg. Først smerte, så ein innsats, og til slutt utløysing av lettelse og glede. Noko slikt har dei jamen fortent, krapyla. Det er ein viktig lærdom.

onsdag 8. juni 2011
EIT STEG VIDARE
Gravferda er over. Det tok tid å få broren heim frå Portugal. Det måtte både obduksjon og ymse formalitetar til. Obduksjonen slo fast at det var eit kraftig infarkt som tok knekken på den uvanleg spreke syttiåringen.
I går stod me og såg båra med bror min verte firt ned i ei grop på kyrkjegarden i Dale. Det fall mange, mange tårer frå mange raude auge. Arne storebror hadde ein stor familie og mange vener. Steinar er no den eldste broren min, to og eit halvt år eldre enn eg. Han og eg stod og gret i armane på kvarandre ved jordfestinga. Nokre minuttar tidlegare presenterte eg kransen frå oss sysken med familiar. Eg hadde nokre ord på tunga i tillegg til teksten på kransesløyfa. Men det skar seg.
Etterpå var det minnestund med betasupper med meir for dei som ønskte å vere med så lenge det var plass i bedehuskjellaren. Tonen var eit godt hakk lysare no, og kjøkemeister Liv, likkjesysta vår, presiserte som sant var at Arne slett ikkje var nokon sentimental fyr, så no var det lov både å le og klappe for gode historier. Og det fall mange gode ord som Arne burde ha fått høyrt.
I dag er me heime att. Men det som eg kunne ha sagt ved kransnedlegginga, var nokre linjer av Arne Garborg:
Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru
som lovar vår

lørdag 21. mai 2011
ELDSTEBROREN VÅR
Eg hadde ikkje tenkt å skrive om dette idag, men no gjer eg det likevel. Eg orkar ikkje og får ikkje til å skrive så mange orda. Men eg skriv likevel.
Eldstebroren, Arne, døydde brått og uventa i dag på sykkelferie i Portugal. Han var saman med den nest eldste broren, Steinar, og damene deira. Dei drog heimanfrå glade og forventningsfulle i går, begynte å sykle i dag, så fekk Arne eit illebefinnande og gjekk bort før noko kunne gjerast med det.
Arne vart sytti år. Så sprek og vital han var, kunne ingen ha tenkt seg noko slikt på lang, lang tid. Eldstebroren er ikkje meir.
fredag 20. mai 2011
DERRICK
Ein derrik er ein borerigg eller ein slags heisekonstruksjon. men ikkje berre det: Derrick var vår store helt om fredagskveldane gjennom eit par tiår. Me som hugsar tilbake til førre tusenåret, ser for oss denne godt vaksne høviske tyske polizisten med torskeauge og pløsete kjakar, sikkert etter alt for mykje godt, bayersk øl. Han trilla pynteleg av garde i sin blanke BMW, var iført dress, slips med slipsnål og velkjemd manke og prata roleg og danna med skurkar og heidersfolk til han fekk avslørt den store syndaren. Nei, her var det lite villmannskøyring eller springing i bratte trapper, ei heller vifting med pistolar og knyttnevar. Likevel fekk han has på minst ein mordar kvar bidige fredagskveld i eit par tiår. Wikipedia fortel forresten at dei første åra tøffa han seg mykje meir med både våpen, neveslag og kjeftbruk, men det hugsar ikkje eg. Dei laga 282 episodar med Derrick mellom 1974 og 1998, fortel Wikipedia, og då er det nok sant.
Eg trur ikkje me såg radt alle, men han Derrick og kompisen Harry var trufaste gjester om fredagskveldane mens me kosa oss med raudvin og pizza. Ja, ungane kunne jamvel få vere med og sjå, sidan dei to kompisane såg så snille ut, og det meste var teatralske samtalar.
No har dei sendt reprisar på Derrick i lang tid på NRK 2, og me har ofte snakka om eit lite gjensyn med vår store helt frå det førre tusenåret. Men så går serien på eit tidspunkt når me sjeldan tykkjer det er fjernsynstid. I ettermiddag slo me til. Ute var det så surt og guffent at me rett og slett sette oss ned med kaffi, kake og Derrick. Forventningane var skyhøge. Men så var det denne Bjednekniv-effekten. Du les kanskje ikkje Rasmus Løland, men eg siktar til forteljinga om guten som miste kniven sin (som han hadde fått hos han Bjedne), drøymde om tapet i mange år, fann att kniven, men såg at han slett ikkje var så framifrå som guten meinte å hugse.
I denne episoden må Derrick ha gjort uvanleg slett etterforskingsarbeid. Rett nok fekk han ein sterk mistanke i rett lei temmeleg snart, den ros skal han ha. Men kvifor sette han ikkje inn mykje meir kraft og fart i åstadsgranskinga? Kvifor gjorde han ikkje ein skikkeleg rekonstruksjon av hendinga? Detaljar som han burde ha fått med seg med ein gong, dukka opp lenge etterpå. Folk som burde ha vore krysseksaminerte på politistasjonen i München, gjekk og småprata med polizistane i ein gemyttleg tone. Eit par av dei viktigaste personane var han berre så vidt i kontakt med. I staden for å snu kvar ein stein, gjekk både Stephan og Harry der og vreid lippene og visste verken ut eller inn, sjølv om dei kjende seg sikre på både at det var eit drap og kven som var drapsmannen. Derrick satsa alt på eitt kort: Få kronvitnet til å slutte å dekkje den korrupte forretningsmannen som var den skuldige. TV-produsenten hjelpte Derrick til å lukkast med dette i eit siste, teatralsk forsøk på å få fram sanninga, og rettferda sigra.
Men Wallander og Rejseholdet hadde skamma seg viss dei hadde slurva slik og berre stolt på flaksen. Skal eg gje Derrick ein ny sjanse ein annan ruskevêrsdag klokka fem om ettermiddagen?

onsdag 18. mai 2011
PRYDEN PÅ BERGET
Me har eit krydderbed, ein krydderkasse med fleire rom og ymse grøne krydderurter. Ei av dei mest villige urtene har vore svært treg i vår. Me ser berre nokre få, små grøne spirer. Derimot kjem det til syne frodige dottar av den same sorten både her og der på Eikelandsberget. Ein av dei står attmed jordbæra våre.
Eg har ein mistanke om at alle desse optimistiske krydderdottane har forvilla seg frå hagane. og skal eg tru på litteraturen om emnet, så er det nok gode naturlege vilkår her omkring.
Når me kjøper krydder i boks, i potte på hagesenteret eller frø på Europris, heiter det oregano. Namnet kjem frå gresk og tyder noko slikt som bergpryd, og siktar til at den fagre planten likar seg i turre bergsprekker. Og det finn han fleire av her på berga våre. Kanskje han slett ikkje likar å stå i ein krydderkasse med rikeleg jord? Han har forresten kome trufast og gjeve rik avling der òg.
At han har fått eit slikt rosande namn, er underleg. Fargen på lauvet er frisk, grøn og grei, men blomane er lilla og smålåtne. Visst er han pen, men det er det òg mange andre plantar som er. Men kva veit eg, kanskje det ikkje var så flust av pene blomar i dei greske bergskortene?
Så finst det ein norsk vill variant som heiter bergmynte eller kung. I floraen står det at denne er kraftigare og betre på smak enn den importerte. Spørsmålet mitt er om det er innvandrarar eller innfødde nordmenn me har så rikeleg av på Eikelandsberget. Det har eg problem med å finne ut av. Og det får vere det same: Pizzaen som sønene våre lagar, er iallfall smikkfull av heimeavla bergstas og smakar fortreffeleg.
tirsdag 17. mai 2011
GRUNNLOVSDAGEN
Dagen har tjue minutt att før han tek slutt. Me har hatt ein svært fredeleg dag og vore for det meste inne i våre eigne varme stover mens det har vore om lag ti grader ute og skifte mellom regn og små solglytt.
Dei siste trettiseks åra har me nesten årvisst vorte vekte natta til den 17. Stundom kjem dei i sjutida, men dei siste åra i tre-firetida om natta. I natt kom dei halv fire. Småvåte, men med raude huver optimistisk på snei stod dei og gaula ute på trappa. Me gjorde det same på Sandane for førtisju år sidan og tykte det var stas. Lærarane såg rimeleg blide ut då me vekte dei, men ingen veit korleis dei såg ut på innsida. Leiv Døssland kom ut med ei julenissemaske då han skulle vekkjast. Så kreativ har ikkje eg vore, jamvel om han seinare vart min sjef og rektor dei første åra på Kvinnherad gymnas, seinare Kvinnherad vidaregåande skule.
Då gutane våre var små, var det så som så med denne vekkinga. Ikkje berre Anne og eg (pluss alle grannane som forbanna naboskapet vårt den dagen) vart vekte, men dei tre ungane våre òg, som kom i himmelhøg stemning og der og då avslutta nattesøvnen framfor ein strevsam dag med allslags aktivitetar for store og små. Tøffaste dagen i året? Spesielt når me i tillegg til alt det andre stod og selde is og pølser for skulemusikken.
Vel, eg vart observert i syttandemaitoget gjennom Valebygda i år òg. Ei sytten år gammal jente heldt tale for dagen, og ho kom frå det med ære. For om lag tjuefem år sidan heldt eg talen. Eg snakka om poteta. Sidan har dei ikkje spurt meg om å tale her i Valo. Men det hender faktisk enno at folk nemner for meg at eg snakka om poteta den gongen.
Det beste med syttandemaien i år var rømmegrauten og spekekjøtet som Anne og eg sette til livs heime hos oss sjølve. Og rabarbrapaien ho hadde komponert til kaffimat. Med piska krem!
Lat meg leggje til at eg har gått med slips, kvit skjorte og dress i heile dag. Kom ikkje der og sei at eg ikkje gjer stas på grunnlovsdagen!

mandag 16. mai 2011
REGNSKOG OG UTSIKT
Nei, eg har ikkje nokon aktverdig grunn for å ha slurva med blogging i nær fjorten dagar. Tida rullar og går, det hender ikkje så merkelege ting i og kring heimen, våren var her i slutten av april og fram til førre helg, og no har me hustre syttande mai-vêr med temperaturar nær ti og regnbyer. Det får me i morgon òg, trur dei.
Men eg har halde varmen med vedhogst nokre av dei siste dagane, vedbering og kubbekløyving er noko som driv kroppsvarmen i vêret. Ei diger, omstridd bjørk er felt her på Eikelandsberget og eg var ein av dei som etter fellinga gjekk laus på den feitaste delen av stammen. No er ein god del av bjørka på plass oppe i garasjen. .
Denne grenda vår (eller byggjefeltet, som me framleis seier, tjueåtte år etter at me bygde dei tretten husa våre) er på om lag tjue mål, der halvparten er private tomter og resten er fellesareal og sameige. På delar av fellesarealet har det vore og er litt småskog og ein del meir eller mindre ruvande bjørker. Det er delte meiningar om desse siste. Somme synest dei er svært vakre, andre mislikar dei fordi dei stel utsikt, atter andre meiner at me kan ikkje klandre regnskoghogst dersom me raserer vår eigen skog, og nokon nemner at somme av bjørkene lett kan blåse ned og valde tort og skade. Atter andre ønskjer litt billeg ved, nokon mislikar bjørkeriset som vert att etter fellinga, mens somme rett og slett gjev blaffen og lèt andre krangle. Dette med tap av utsikt er eit argument som råkar dei fleste store trea, for det er ikkje berre oss tretten det skal takast omsyn til. I nord, vest og aust for eigedommane våre sit det andre grannar og grem seg over bjørker som skyggjer, og det er aldri same bjørka dei siktar til. Eg forstod forresten kva dei meinte då grannen vår i vest felte ein heil liten granskog han hadde ned mot sjøen. Brått oppdaga me at fjorden strekte seg uendeleg langt ut; frå terrassen vår kan me no sjå til Stord, ja kanskje heilt til Bømlo der me før såg ei rad høge graner.
Nok om det, i vår vart det atter ein gong felt tre-fire pene, men irriterande bjørker, og musklane mine veks for kvar kubbe som vert frakta på plass og knerta sund. Og til vinteren vert det endå meir varme frå dei. Så får me vone at CO2-rekneskapen ikkje vert for miserabel for oss her på berget, slik at drivhuseffekten gjer veden vår overflødig.

Bloggtørke?
Bror Reidar ser ut til å ha gått tom. Endå det er konfirmasjonstid og snart syttande mai! Så det skulle vere rikeleg stoff å ta fat i.
Her nokre bilete frå 17. mai i Flekke frå ei tid attende:

![]() |
| "Olemann" Hellebust, Sonja Solheim, Ove Igelkjøn, Anna Hustveit |
![]() |
| Asbjørn Flekke, Sonja Solheim, Anna Hustveit |
![]() |
| Sonja Solheim, Arne Kyrkjebø |
![]() |
| "Olemann", Sonja, Asbjørn, Anna, Ove, Arne |
tirsdag 3. mai 2011
BRYLLAUP OG GRAVFERD
Mens me hadde langhelg i Bekkjarvik utan datamaskin og nettverk, hende det mangt som kunne ha fortent ein bloggkommentar. Me var opptekne med vedhogst og hagearbeid, mens dei i London rigga til storbryllaup med glitter og stas. For oss republikanarar var fredag ein vond dag. Men me fekk støtte frå den gamle monarkikritiske Dagbladet, som meinte - rett nok gjennom eit innvikla resonnement som eg ikkje forstod - at bryllaupet mellom ein arveprins og ei jente frå borgarskapet kunne vere byrjinga til slutten for det britiske monarkiet. Resten av avisa fullare enn full med konge- bryllaups- og englandsstoff. Bergens Tidende trykte same dagen ein kommentar av ein skarpskodd indisk-britisk skribent - Kenan Malik - som dundra med storsleggja mot det britiske kongehuset, som etter hans meining hadde så mange skamplettar at det knapt stod tilbake for dei verste kjeltringar. Det gjorde godt for eit republikanarhjarte å lese.
Det var sikkert eit staseleg bryllaup. Sjølv greier eg ikkje å mobilisere den heilt store interessa. Slike fjernsynsreportasjar er for meg nesten like engasjerande som eit lærarmøte. Førre gongen britane stod på hauet, var då ho Diana vart innlemma i den kongelege familien. Eg forstod aldri kva så var så flott med henne. Eg tykte ho var om lag like sexy som ei potteplante. Då synest eg nok at den nye prinsessa er meir til dame, ei dame med kjøt og blod, og heldigvis ikkje nett blått blod, då.
Når elevane spør meg om kva makt kongen vår har, forklarer eg at han ikke brukar og skal ikkje bruke den makta Grunnlova gjev han. Då stussar dei og ymtar om at me ikkje treng han. "Ka ska me mæ 'an då?" Og eg forsvarar han etter beste evne og seier at me har han så lenge det norske folk ønskjer å ha eit kongedøme. Eg har som lærar forsvart monarkiet vårt så mange gonger at elevane sikkert trur eg er monarkist på min hals. Men ein gong spurde ei jente rett ut kva eg meinte, og eg tilstod at eg var republikanar. Ho bad om og fekk ei grunngjeving òg. Ho sa seg einig, men braut ut at det hadde ho ikkje venta av meg. Gamle gubben, veit du! Forresten er det truleg unge jenter som er dei mest ihuga rojalistane, og skal tru kor mange småjenter som går rundt med prinsessedraumen?
I overskrifta står det at denne bloggen skal handle om bryllaup og gravferder, men eg trur at eg kuttar ut å skrive om døden og gravferda til Osma bin Laden i dag.

onsdag 27. april 2011
TESTOSTERON
Eg trur eg har for lite testosteron i kroppen. Det har synt seg som tydelege resultat av sjølvgransking.
I går fortalde ei kone på jobben om kor mykje arbeid, omtanke, sjel og innsikt mannen hennar la i arbeidet med å skifte hjul på bilen deira. Ho uttrykte ekte glede ved at ho slapp unna dette tidkrevjande og slitsame arbeidet. Då måtte eg tenkje på kor glad eg var då Tore skifte hjul på bilen vår påskeafta, og at eg slapp. Tore har forresten meir hår på brystet enn papen sin.
Der er fire utslag av høgt testosteroninnhald i blodet: Du elskar bilar, du elskar å sjå fotballkampar, du elskar øl, og du elskar kvinner. I denne rekkjefølgje. Har du litt testosteron, likar du damer, har du litt meir, drikk du øl, har du mykje, er du fotballgalen, og har du svært mykje, er du ofseleg oppteken av bilen.
Eg for min del likar kvinner og øl, følgjer litt med på fotball, men med måte. Når det gjeld bilar, slit eg meir. Eg synest dei er nyttige når eg skal forflytte meg frå A til B, som me sa i militæret, men vask, stell, beundring av dei nyaste og dyraste modellane, fiksing og smørjing kan andre ta seg av. Ikkje spør meg kva bilmerke grannane eller kollegaene mine har. Ein bil er ein bil for meg. Eg ser forresten at dei kan ha ulike fargar.
Når eg skal snakke med Stensletten om stell av bilen neste gong, skal eg dessutan spørje om han kan måle testosteroninnhaldet mitt med det same. Det må ein bilverkstad kunne ordne.

tirsdag 26. april 2011
ATOMTRUGSMÅLET
Det er tjuefem år sidan Tsjernobyl-katastrofen i dag. 27. april 1986 hende det, men det gjekk dagar og veker før alvoret sokk inn i oss her oppe i det fredelege Norden. Me fekk ein alvorleg støkk, og minne frå dei første par tiåra etter krigen dukka opp att. Då var det eit vanvittig kappløp mellom amerikanarar og sovjetarar om kven som kunne fyre av den frekkaste og sterkaste atombomba. Me som har felles grense med det tidlegare Sovjet, var mest opptekne av deira bomber oppe i nord ved Novaja Zemblja. Og det var ikkje småting: For femti år sidan small det ei sovjetisk gigantbombe på 50 megatonn. Talet sa oss lite, men me hadde sett bilete og lese skildringar av katastrofen Hiroshima, då byen vart utsletta av ei bombe på "berre" om lag 15 kilotonn. Og både amerikanarar og russarar leika seg med prøvesmell i atmosfæren heilt til dei begynte å skjemmast og avtalte å avgrense seg til underjordiske prøvesmell, kva no det er for noko.
I mellomtida var det norske politikarar langt inn i Arbeidarpartiet som meinte at når russarane hadde våpen, måtte me stå saman med amerikanarane og tillate atomvåpen på norsk jord og. Det vart det ikkje noko av, heldigvis. Andre har ivra sterkt for atomkraftutbyging. Det er slett ikkje det same som våpen, men i aller verste fall kan resultatet av uhell minne om bomba. Stakkars japanarane, dei einaste som har vorte ramma av atomvåpen i krig, fekk seg meir enn ein støkk etter jordskjelvet og tsunamien. Atomkraftverka lek. Det er ikkje berre ein storsmell som er farleg. I Japan dukkar det framleis opp offer for strålinga etter bombene i 1945. Nær Tsjernobyl vert framleis folk helselause på grunn av hendingane våren 1986. Men då me var i Paris i vår, tenkte eg mens eg stod i dusjen at no nyt du godt av varme frå atomkraft, Reidar!
Norske forståsegpåarar for tjuefem år sidan gav råd som sprikte i alle retningar. Helsedirektør Mork sa eine dagen at me kunne slappe heilt av. Få dagar etter viste målingar somme stader i landet radioaktive verdiar som låg høgt over faregrensa. I Japan var ekspertane svært tilbakehaldne med åtvaringar no i vår.
Men no strålar sola dag etter dag over ein annan eksplosjon: Vårblomane, struttande grøn plen, den skinande blå fjorden like nedanfor huset vårt, morell- og plommeblomane, den nye rabarbraen som me smakte på i dag. Best å ikkje tenkje på dei usynlege strålane ein kan verte utsett for.

mandag 25. april 2011
2. PÅSKEDAG
No har eg følgt ein son til bussen, hin sonen for av garde i føremiddag, eldste sonen har ikkje vore heime i helga, Anne og eg er åleine i huset att, og det meste tyder på at Molde slår Brann på stadion. Livet fell inn i vanlege former.
I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,
Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.
sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.
I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,
Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.
søndag 24. april 2011
PÅSKEDAG
Først tenkte eg at denne bloggen ikkje skal vere noka dagbok om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Så spør eg meg om kva eg skreiv om i fjor og året før på påskedagen. Sanneleg har eg nytte av bloggarkivet mitt; der fann eg tekstar frå dei to føregåande påskedagane. Og kva inneheldt dei? Nettopp! Ei lita oppsummering av trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Difor har eg funne ut at det ikkje er noka større skam i år enn i fjor og året før å skrive om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante.
Eg har allereie røpa at me var i Paris i veka før påske, at me drog til Bekkjarvik og heim att derifrå måndag. Sidan det har me kun pusla kring hus og heim; fått skuta Sofie Karoline på sjøen med nysnikra treverk, pusla litt i hagen, frakta opp i garasjen all veden som låg i lad ved husveggen, ete, løyst kryssord, sett påskekrimmane på fjernsyn, kosa oss og erta på dei to yngste sønene og stort sett vore unyttige. Eg nemnde at me har ete, og det har vore ein høgt prioritert aktivitet. Me har til dømes ete påskelammet tre gonger, først i form av pinnekjøt fredags kveld, så i form av spekekjøt attåt rømmegrauten i går kveld, og sist men ikkje minst mors lammesteik i dag. Eg skal vente nokre dagar før eg stig oppå badevekta.
Men fjellet då? Vel, det lyt vente til ein annan gong. Hagen vår er smikkfull av påskeliljer, eg har ikkje sett så mange påskeliljer på ein stad sidan eg såg filmen Doktor Zhivago. Me kan ikkje forlate dei no, dei må skodast på, dei og tulipanane som no driv og sprett ut, det same gjer det japanske kirsebærtreet.
Då ønskjer eg deg ei vel overstått påske så langt!

lørdag 23. april 2011
PÅ SKAFTA
Bror Steinar briljerte med ei gåte i påskehelgene, spesielt dagen før påskedag: "Kæ da så æ på skafta enn gång i åre?" "???" "Jau dæ påskafta!"
Var det ikkje løye, tykte du? Nei, det tykkjer ikkje eg heller. Jau litt, forresten. No er påskeafta nesten over for i år. Og me slepp vente eit heilt år til neste gong. Det vert påskeaft allereie den 7. april neste år.
Gled deg!

fredag 22. april 2011
BASTILLEN
Eg skreiv i går at me hadde tenkt ut to programpostar i Paris, men no har eg talt ein gong til og funne ut at det var tre. Utanom kanalturen var me på to museum som me ikkje har vitja tidlegare. Eg skal ikkje skrive om dei, men om noko me ikkje såg. Det vart nemleg rive for 222 år sidan.
Andre dagen om føremiddagen rusla me roleg av garde i det vakre vårvêret, såg på blomar og kenguruar (heilt sant; i ein park gjekk det nokre kenguruar og beitte), kryssa Seinen og sette oss med ein god kopp kaffi på Bastilleplassen. Her stod det ei kongeleg borg, ei drusteleg mellomalderfestning (une bastille) som Ludvigane mellom anna brukte til fengsel for prominente poitiske fangar. Revolusjonen i 1789 var i emning, men noko særleg fart i sakene vart det ikkje før utpå sommaren. Midt i juli gjekk ein opphissa folkeflokk laus på den gamle festninga og gav seg ikkje før kommandanten og forsvararane av Bastillen overgav seg. Det roa ikkje gemytta, kommandanten vart eit hovud kortare. Slik gjekk det òg med borgarmeisteren i byen, og begge troféa vart tredde på stakar og førte i triumfprosesjon gjennom byen.
Det var smått med politiske fangar i borga denne sommardagen. Dei sju fangane som sat der, fekk kome ut i sola og varmen, både dei fire falskmyntnarane og svindlarane, dei to sinnsforvirra gubbane og greven som var skulda for utukt. Den eine galningen kunne nesten gå for å vere ein politisk fange; han påstod at han var Julius Caesar, og den karen hadde erobra Gallia før!
No var det ikkje dei innesperra fangane bygeriljaen i Paris ønskte å hjelpe. Dei var ute etter våpen- og ammunisjonslageret, og dei ville svekke den kongelege kontrollen av byen. Det greidde dei. Og dei gjorde det grundig. Den digre byfestninga vart forvandla til ein steinhaug, og det er sagt at mykje av steinen vart seld som suvenirar, nett som Berlinmuren to hundre år seinare. Og revolusjonen i Frankrike heldt fram.
Kong Ludvig den 16. førte dagbok. Om kvelden den 14. juli 1789 skreiv han berre eitt ord i dagboka si: Ingenting. Han var ikkje blant dei mest politisk medvitne franskmenn på den tida, derimot elska han å gå på jakt i skogane der ute ved Versailles. Den dagen hadde han vore av garde utan å få felt noko vilt. Dagen var eit vonbrot, med andre ord. Det som skjedde inne i hovudstaden, brydde han seg mindre om. Enn så lenge. Etter kvart fekk han anna å vite.
Den 11. april 2011 var det mykje fredelegare på Bastilleplassen enn den 14. juli 1789.

torsdag 21. april 2011
I BYENS MULM OG MØRKE
Paristuren som me avslutta for ei veke sidan, var roleg og udramatisk. Du skal ikkje få noka reiseskildring, men eit par punkt vil eg nemne. Me var på båttur gjennom halve byen, delvis oppe i dagen, delvis under jorda. Kanaltur var ein av to programpostar som me hadde planlagt. Me tok oss fram til Villetteparken, fann ut kvar me skulle gå om bord, kjøpte seniorbillettar (i Frankrike vert folk gamle når dei fyller seksti!) og sette oss godt til rette på øvre dekk. Sola skein, temperaturen var sommarleg, og byen smilte til oss i vårdrakta si.
Tre timar tok turen, ein halv time lenger enn planlagt på grunn av noko tull med ei av dei fem slusene me passerte. Siste stykket var ned langs Seinen.
Byfolket sette tydelegvis pris på at me tok turen. Langs slusene og gangbruene over kanalen høgt over hovuda på oss stod det rader av skuelystne og bisna. Me vinka, og dei vinka tilbake.
Men det som mest vekte tankane mine, var dei stubbane me passerte under jorda. Om lag to kilometer av turen var gjennom ei underjordisk verd, trolsk og mørk. Med faste mellomrom skein dagen ned til oss gjennom gitterdekte runde hol. Eg såg på dei pent oppmurte vegg- og takkvelvingane og tenkte på dei flittige murarane som la stein på stein, kitta med mørtel og gjorde det mogleg å leggje gater og hus over denne stubben av kanalen. Grunnen som Paris kviler på, er gjennomhola av allslags gangar og gap. Metroen susar i kryss og krok under den pulserande byen, milevis av kloakkar fiksar all den driten me ikkje vil sjå, det finst digre katakomber, nokre med dødningebein som er dei jordiske restane av millionar lik, og det kryr av ymse underjordiske hemmelege rom som gøymer seg i djupet. Dei kan ikkje utan vidare byggje høghus i delar av byen, då ville undergrunnen svikte.
Så kom me brått fram att i lyset i båthamna i Paris, eit basseng mellom Bastilleplassen og Seinen. Resten var elvecruise langs nokre av dei kjende bymonumenta før me steig i land ved Musée d'Orsay, den gamle jernbanestasjonen som no er eit flott museum.
Me vart solbrende i ansikta våre etter denne turen, men det var han verdt
onsdag 20. april 2011
EI OPPSUMMERING
Sonen Tore kom heim på påskeferie i går. Han klagar over at det har vore daudt på bloggen altfor lenge, endå så mykje eg har opplevd dei siste par vekene. Han har sjølvsagt rett som vanleg, så her kjem ei oppsummering:
Vårt første besøk i lag på Brann stadion gjekk av stabelen laurdag den 9. april. Anne, eg og Tore stilte opp med raude skjerf, heldigvis for det, det vart litt kaldt, og me såg lite som gav varme. Den niande april er symbol på nederlag, og slik vart det, Fredrikstad fekk det einaste målet i kampen. Aldri meir niande april, seier me då. Forresten var eg saman med bror og komande svigerinne og såg Brann slå Rosenborg hausten 1965.
Dagen etter drog Anne og eg til Paris, til sol og sommar. Viss eg hadde hatt lett tilgang til datamaskin der sør, kunne eg saktens ha produsert eit par bloggar for dagen. Torsdag kom me tilbake til gamlelandet til kuling, regn og ti-tolv grader lågare temperatur enn der me kom frå.
Me drog rett frå Flesland til Bekkjarvik der det var kome nytt tak på huset vårt sidan sist. No er det stålpanner som liknar på raude teglpanner. Dei er heller ikkje ulike dei gamle eternittskiferflisene, som òg var rustraude, men akk så mosegrodde.Tore kom dagen etter. Me stelte rundt huset, felte nokre bjørker, saga, kløyvde og lødde, og tenkte på vinterkulden som kjem neste år.
Og så kom me heim til vakkert vårvêr måndag. Eit hovudprosjekt har vore å få båten Sofie Karoline på sjøen, som no ligg nysmurd og med nytt treverk og duvar stille ved moloen. I dag har me dessutan fått ut or kjellaren og teke i bruk terrassemøblane og grillen.
Det å ha eit loggarkiv har sine føremoner. Her kan eg samanlikne med datoar for tilsvarande aktivitetar i fjor. Då kom ikkje båten på sjøen før 15. mai og grillen kom ut den 11. april. Så me ligg både før og etter fjorårsskjemaet.
Då er eg ajour med bloggen, og Tore kan halde kjeft.

søndag 3. april 2011
MUNTERT GJENSYN
Me var og feira ein sekstiårsdag i går. Helge Mikal, kollega og livskunstnar, jubilerte med om lag eit kvart hundre festdeltakarar heime i Månedalen. Merk deg namnet. Månedalen. Faren til Helge Mikal var ein ivrig lesar og beundrar av Jack London, som skreiv om den vidløftige eventyraren som endeleg roa seg i ein landleg idyll med nett det namnet. Difor døypte Elias'n eigedommen for Månedalen. Det stod ei hytte der før Tone og Helge Mikal bygde huset sitt. Den har dei innreidd til pub, som sjølvsagt heiter Jack London Pub.
Dei som var med på festen i går, har vore på fest der tidlegare. Til dømes var mange av oss der ein kveld i julehelga for om lag tjuefem år sidan. Det fekk me ei kraftig påminning om. Den gongen hadde vertsfolket nyleg fått seg videokamera, som vart utprøvd på oss festdeltakarar. I går fekk me sjå opptaket. Kvar gong eit ungdommeleg fjes frå åttiåra kom på skjermen, jubla og kneggja me. Var det slik me såg ut?
Akk ja, tida har gjort noko med oss.

Abonner på:
Innlegg (Atom)