søndag 4. april 2010
PÅSKEDAG
Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
God påske!
torsdag 25. mars 2010
PÅSKEFERIE
Så sist fredag hadde me eit svært opplegg i samfunnskunnskap som munna ut i at elevane etter ei samtale- og førebuingsøkt sat og skreiv i fem klokketimar om væpna konfliktar i denne vonde, urettferdige verda vår. Straffa eg fekk for denne botsøvinga var at eg sat att med nokre og tjue maskinskrivne avhandlingar, kvar på tre-fire tette sider i snitt. Men i dag fekk dei tilbake produkta, og eg tok ferie.
I morgon skal Anne og eg til Bekkjarvik og vere nokre dagar. Etter kvart dukkar dei to yngste sønene våre opp der og. Men så fer dei kvar til sitt, og Anne og eg fer heim og feirar sjølve påsken her. Viss ikkje noko heilt uventa skjer, og det gjer det heilt sikkert ikkje. Så då får blogglesarane mine (om dei finst) ha ei gild palmehelg!
tirsdag 23. mars 2010
TURKETID FØR OG NO
Fortel om dei vanskar og ulemper den lange turketida skapte denne vinteren.
Dei siste åra har det sett ut som det minkar med nedbøren. Gamle folk talar ofte om dei snørike vintrane i deira ungdom, og det er kanskje mykje sant i det. Mykje tyder på at vi er inne i eit nytt klimskifte. Dei siste par vintrane har det vore uvanleg lite snø, og den lange turketida siste vinteren skapte mange ulemper.
På grunn av for lite vasstilsig til kraftmagasina har elektrisitetsverka vore nøydde til å føre inn straumsparing, og mange stader utkopling. Vanlege folk har ikkje noko særleg vondt av å spare straum, men litt verre er det ved utkopling. Særleg for dei som berre har elektrisk oppvarming og koking. Men dei ymse verksemdene vert hardt råma av utkopling. Dei må innskrenke produksjonen, og oppseie arbeidarar. Dermed aukar arbeidsløysa, og både fabrikkeigarane, arbeidarane, stat og kommune taper pengar. Det same skjer der industrien er avhengig av stor vasstilførsle.
Vassmangelen var og stor mange stader i vinter. Vi kan ikkje greie oss utan vatn, som dagleg vert nytta til vasking og i klosett, og til matlaging. Og turken førde til vassrasjonering, som kanskje gjekk utover reinhaldet.
Når gatelysa vert sløkte, kan det hende ulukker på vegane. Især gamle folk som har vanskar med synet kan lett dette og slå seg.
I skogen skapte snømangelen og vanskar. Der vegane er dårlege, pla ein køyre tømmeret fram på snøføret. Og i vinter vart dette arbeidet mange stader seinka.
Og når så tømmeret skal fløytast ned til sagbruket eller fabrikken, må elvane helst vere store, noko dei ikkje vert når det har vore nedbørsmangel om vinteren.
Ellers sakna nok mange unge snøen i vinter, sjølv om dei ikkje direkte hadde vondt av det.
Kva skal ein gjere for å stå budd når ein turkeperiode set inn? Det er mange ubrukte kraftkjelder som godt kunne utbyggjast, så dersom det vart bygt fleire kraftverk ville vi sleppe utkopling. Verre er det med vassmangelen. Ein må då ha reservebasseng, som vert sett inn når hovudbassenget er tomt.
søndag 21. mars 2010
VÅRJAMDØGN
Eg var ute fleire småturar og småpusla i hagen. Her er litt av kvart å ta tak i: Visna planerestar, bær- og frukttre som skal kvistast, fjorgammalt lauv som skal ryddast og bed som skal reinskast og stellast. Og så alt det andre som eg ikkje kom på i farten.
Men eg er førti prosent pensjonist, så det må vel verte tid til litt utepusling. Det er greitt med slikt arbeid, det går an å ha tankane ein heilt annan stad mens ein ryddar og grev. Det er verre med det når eg står i klasserommet og er lærar. Eller når eg sit med prøvebunkane mine.
lørdag 20. mars 2010
FEIL APPELSINER
Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.fredag 19. mars 2010
HEILDAGSPRØVE OG APPELSINER
Desse ungdommane, utruleg jamt kjønnsfordelte, elleve av kvar sort, har vore til litt irritasjon ut gjennom skuleåret, men no sit dei som lysande englar og tastar på peseane sine.
Er dei samfunnsinteresserte? Bryr dei seg om pollitikk, religion, krig og sånt? Det ymsar, kan eg love deg. Somme er høflege, følgjer med og seier det er greitt nok, litt kjekt. Andre seier rett ut at dei finst ikkje interesserte i politikk og likar faget nett så passeleg. Ein og annan seier ingen ting. Og nokre er brennande interesserte. Nett no ser det ut som om alle er brennande interesserte, men det er utanpå. Inni er dei ikkje like.
Og litt mimring. På Firda Gymnas var det fleire politiske ungdomslag, AUF, Unge Høgre, Unge Venstre og Senterungdommen. Mange lærarar og leiarar var skeptiske til at me skullle tulle med politikk, og me fekk ikkje bruke skulenamnet i namnet på laget. Nokre få av oss tulla likevel med politikk og sånn. Laget som eg hamna i, heitte Sandane arbeidarungdomslag; Sandane AUL, medlem i AUF. Innvikla? Nei då!
Førstkomande sundag er det nøyaktig femti år sidan Sharpeville-massakrane. Dei kvite styresmaktene i Sør-Afrika opna eld mot svarte demonstrantar og drap minst 69 av dei, deriblant åtte kvinner og ti born. Mange fleire vart såra. Den systematiske raseskiljepolitikken skulle trumfast igjennom, om nødvendig med rå makt.
Eg skjemst ikkje av at me i Sandane AUL drog i gang ein boikottaksjon mot handel med Sør-Afrika. Me møtte mange rare og nokre klart rasistiske motargument, men me fekk mange med oss og. Svein Lundevall var leiar i Unge Høgre og støtta aksjonen. Så fekk han resten av styret sitt imot seg!
Først og fremst var det appelsinmerket Outspan som skulle ut or butikkkhyllene. Hermetisert frukt var og aktuelt. Kjøpmenn som tilfeldigvis ikkje førte slike varer, var positive. Styraren på handelslaget selde Outspan-appelsiner og fnyste.
Tretti år etter Sharpeville slapp Nelson Mandela ut frå fangenskap. Tretti år etter at me forlet Firda, vart han president i Sør-Afrika.
mandag 15. mars 2010
FOTBALLFEBER
Sidan eg var innom kjønnsbalansen hin dagen, kan eg ta opp ein parallell tråd. Her i heimen er dei tradisjonelle og genstyrte rollene litt omsnudde når det gjeld fotball. Anne ser gjerne på allslags kampar, mens eg blir fortare lei av såvoren underhaldning. Den store NRK-guru Harald Eia kunne godt ha sagt noko om dette. Han vil nok ha det til at fotballinteresser følgjer y-kromosomet og mengda av testestoron i kroppen. Men eg føler meg lite kvinneleg, og Anne er slett ingen mannssjåvinist.
Nok om det, Anne er ein ekte Brann-patriot, slengjer ukvemsord mot dommaren og motspelarar som ikkje legg til rette for Brann-siger. Til no har ho ikkje late harmen over Brann-nederlag gå ut over fjernsynsapparatet.
Så var det mimringa. Heime i Flekke hadde Vårherre planert ut ei myrflate og gjort henne lite eigna til dyrkingsjord. Men til fotballbane var ho heilt grei. Så der samlast me gutane om kveldane, improviserte lagoppstillingar og sparka i veg. Sjølv vart eg ingen virtuos med ballen, men moro var det lell.
Ein gong skulle flekkekatane spele kamp mot dalingane. Eg var framleis så ung at eg ikkje kom med i betraktning for lagoppstillinga. Sant å seie hugsar eg litt for lite om det heile til å brette det ut for alt folket på nettet. Difor ber eg bror Steinar om hjelp i kommentarruta. Men me var svært optimistiske før kampen. Det vart dikta kampsong til tonen av Sugar Bush ved Doris Day , og dei to første og den siste linja trur eg eg hugsar: "Det er Flekkes dag i dag, heile Flekkes fotballdag (og så er det eit par linjer eg ikkje hugsar) ...me skal slå Dale ned i skiten!"
Ved kampstart skar det seg litt. Nokon fornærma keeperen vår så han gjekk gråtande heim. Og dalingane hadde forsterka laget sitt med eit par juniorspelarar. Reglane var dessverre så uklare at det ikkje let seg gjere å gripe inn mot det. Det kan hende eg lyg når eg trur det vart fem-femten til gjestene frå Dale. Men der ein stad enda det.
lørdag 13. mars 2010
KJØNNSBALANSEN
Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?
fredag 12. mars 2010
Å LÆRE Å LESE
mandag 8. mars 2010
EKLE SPØRSMÅL
Me vart ekspertar i skeiseresultat, me som voks opp i femti- og sekstiåra og aldri hadde sett ein stjerneløpar i aksjon. Radioen og ei litt forseinka måndagsavis var meir enn godt nok, attåt ivrige diskusjonar og heimelaga spørjekonkurransar. I somme heimar kom det fjernsyn allereie tidleg på sekstitalet. Slik var det ikkje heime hos oss. Men me visste nøyaktig kva Kupper'n meinte med "to indre og vekk me'n". Eg torer påstå at eg vart ein ekspert på temaet, men det var nok mange andre òg.
Fjernsynet serverte forresten allereie tidleg på sekstitalet ein spennande spørjeleik som heitte "Kvitt eller dobbelt" med Gunnar Haarberg. På Firda Gymnas tok eitt av elevlaga etter - mon tru om det var Stella? - og skipa ei lokal Kvitt eller dobbelt-tevling i festsalen ein sundagskveld eller to. Om det var pengepremiar eller andre trofé å vinne, hugsar eg ikkje.
Ein av dei som melde seg på, var Henning Rivedal. I skeiseløp. Nei, han skulle ikkje gå på skeiser i festsalen, han skulle svare på spørsmål. Sjølv var han ein allsidig idrettsgut som òg kunne gå på skeiser. Men no var det skeiseresultat frå høgare nivå det skulle lagast spørsmål om. Olav Helge Førde (bror til salige Einar) og eg vart spurde om å utforme spørsmåla. Me to vart fort einige om at Henning ikkje skulle sleppe billeg. Iallfall eitt av spørsmåla gjekk på kvinnelege skeiseløparar. Men kva visste Henning Rivedal om det? Stakkaren vart vippa ut temmeleg fort.
søndag 7. mars 2010
SKEISELØP I BERGEN
Og då Bergen fekk NM for 55 år sidan, møtte vestlendingane mannjamt opp på Krohnsminde i regnbygene og heia på Hjallis, Aas og Kupper'n. Det hjelpte ikkje Hjallis, han datt på ræva på 5000 meter'n og fekk ikkje gå mila dagen etter. Men då sundagen rann i 1955, rann også resten av isen vekk på Krohnsminde, så heile hurven, både skeiseløparar og tidtakarar, tok toget til Voss og fullførte meisterskapen der. Første NM til Kupper'n!
I år var det nesten ikkje tilskuarar på Slåtthaug stadion, endå Bøkko og soneson til han som vart norsk meister to år før krohnsmindestemna var blant toppfigurane.
Og så må eg få fortelje at eg og har gått på skeiser i år. På Lade i Trøndelag for ei veke sidan. Ulikt Hjallis i Bergen i 1955 datt eg ikkje. Men eg nøgde meg med fem minutt med lengdeløpsskeisene til Rune.
torsdag 4. mars 2010
TILBAKE TIL KVARDAGEN
Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende
Så kom me oss omsider heim att måndag kveld, og no er det allereie snart fredag
mandag 22. februar 2010
VINTERFERIE
Det har lava ned med snø sidan natt til i går, så i år kjem det til å likne på vinterferie. Men me tek ikkje med oss ski denne gongen, trass i rikeleg med snø. Så får me sjå kva me finn på å fordrive tida med. OL er ikkje over, jamvel om det har vore litt medaljetørke no eit par dagar. Men enno er det håp.
Ein god grunn til å reise til Austevoll i dag, er at feiaren der ute har tenkt å vitje oss i morgon. Så han har nok ikkje teke seg vinterferie enno.
søndag 21. februar 2010
HOPPRENN FØR OG NO
Det gjekk dårleg med hopparane våre i Vancouver. Heldigvis hadde dei noko å skulde på: Oppdrifta i bakken slo negativt ut for nordmennene. Jaja, fem norske gull til no i leikane er ikkje å gråte over. Og surpompen Petter kom eit godt stykke nede på lista igjen. Lukke på reisa!
Så var det mimringa mi. Fram til 21. februar 1960, altså for femti år sidan i dag, har eg ein del notat i den sjuande sansen min for det året. Nokre dagar før (den femtande februar) hadde eg hatt månadslov frå realskulen, og om den dagen skreiv eg:
Hadde månadslov! Stod opp, bygde hopp i Ekrehola. Etter middag var eg med pappa i marka og hogg ved. Så hoppa eg og køyrde slalåm.
Eg hugsar at eg bygde det hoppet. Det var ikkje første gongen me konstruerte hopp der. Me hadde funne oss ein fin bakke med høveleg knekk til eit hopp. Først var det eit rimeleg bratt ovarenn, så slakka det av, og der bygde me hoppet. Så kom det ein grei kul og eit høveleg bratt unnarenn før det flata ut ned mot elva. Og denne gongen, for femti år sidan, brukte eg halve månadslovsdagen på arbeidet med å konstruere hoppet. Eg tippar me hoppa ti-femten meter.
Men så. Dagen etter var eg ikkje sein om å kome meg i hoppbakken etter at eg kom frå skulen og hadde fått i meg middag. Og der sette eg utføre, men landa på ræva og slo meg såpass at eg laut innstille hoppinga for nokre dagar.
Eg hugsar arbeidet med å lage hoppet og det ikkje altfor alvorlege fallet. Men eg hugsar ikkje det som er skrive på dagen i dag for femti år sidan. Då og kom bursdagen til Harald, som då var berre kronprins, på ein sundag - nett som i dag. I boka står det:
Før middag ordna eg hoppet. Etter middag var eg opp til Jan og spela kort.
Eg tippar det var bondebridge, som me var hekta på ein periode.
Og kva er moralen? Tja ... Det er ikkje berre Anders Jakobsen som feilar iblant i hoppbakken. Kanskje han trøystar seg med kortspel i dag? Men han slepp å byggje og å vøle hoppa når det trengst, innbiller eg meg.
lørdag 20. februar 2010
JENTER MED FUTT
I femtiåra var det stort sett russiske jenter som dreiv med langrenn på toppnivå. Me tykte dei var merkelege og ukvinnelege, med store kroppar og latterlege, nesten obskøne namn: Sidoreva, Kusyreva og kva det no var. Me forstod ikkje heilt korleis me låg under for lurvete kjønnsrolletenking og mannsjåvinisme. Så kom hallingjenta Ingrid Wigernæs og rydda vekk fordommane, og snart kom alle jentutn i sporet: vakre, kjappe og humørfylte. No sankar dei medaljer så det klirrar!
fredag 19. februar 2010
PÅ SKITUR MED BØRSE
Men det som kanskje mest skal sitje fast på netthinna, var russaren Kruglov, som sleit børseselen og fauk som ein villmann opp bakkane med børsa i handa! Tankane gjekk til hendingar for nøyaktig sytti år sidan, då russarar i dei endelause kvite karelske skogane med ski og børse jakta på illsinte finnar. Og sidan det er ein historikar med sans for runde tal som skriv, skal eg leggje til at eg òg for av garde på skitur med børse for nokså nøyaktig førti år sidan. Fleire gonger. Eg gjekk rekruttskule i Stjørdalen, det var stabil vinter nesten alle dei ti vekene eg var der (januar til mars 1970), og me fekk røyne oss i dei stjørdalske skogane. På ski, med børse og sekk på ryggen. (Kruglov hadde ikkje sekk i går.) Me tok mellom anna skimerket; tre mil, om eg ikkje hugsar feil. Då skulle det vere ei viss vekt i sekken attåt børsa. Det var vanleg med sandposar for å få rett tyngd. Og somme meinte at dess høgare opp på ryggen du fekk sekken, dess betre. Ein av romkameratane mine, ein litt naiv gut frå Troms, prøvde å byggje opp for sekken med ein vedkubbe som han på ei eller anna vis feste på ryggen. Han ville så gjerne, så gjerne greie skimerket. Då han langt om lenge kom i mål, felte han tapre tårer av smerte, og ryggskinnet flassa etter gnikkinga av kubben. Då lista over merkevinnarane kom, sat han med blanke auge og venta på namnet sitt, som ikkje vart opplese.
Sjølv greidde eg merket og selde det (saman med marsjmerket) til ein kar som heller ikkje rakk opp, men som var meir glad i trofé enn eg, som var meir glad i pengar.
onsdag 17. februar 2010
MARIT SKRID I WHISTLER MOUNTAIN
Kuppern skrid i Squaw Valley
Eg har òg teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.
Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.
Og viss nokon vil sjå rundetidene til milløpet, har eg dei nedskrivne i skriveboka mi.
tirsdag 16. februar 2010
I MEDGANG OG MOTBAKKAR
I går kveld kom vidunderbarnet vårt, Petter Northug i mål som nummer 41 på den same distansen. Beste norske: 28. plass. Den dårlegaste norske skisprinten i noko OL.
mandag 15. februar 2010
SQUAW VALLEY OG VANCOUVER
OL vart halde i Kjerringedalen (Squaw Valley) i California. I god tid før det begynte, kjøpte eg meg ei tjukk skrivebok. No skulle eg få struktur på resultatføringa. Først og fremst var det viktig å få med seg skeiseresultata. Me hadde fått ny radio (sjå blogg frå 3. januar), og på ein eller annan mystisk måte kom det lyd heilt frå Amerika og inn i stova vår i Flekke. Og det kom fyldige reportasjar i Bergens Arbeiderblad.I den fine, nye skriveboka innleier eg kapitlet om OL med ei skikkeleg tittelside, som du ser. Før dette kapitlet har eg eit kort resyme om viktige resultat frå 1959, og dessutan om NM, EM og VM på skeiser i 1960. Og andre vitale opplysningar. Bak i boka er det ei oppsummering av sommarleikane i Roma, og så kjem det skeiseresultat frå 1961.
søndag 14. februar 2010
OLYMPISKE VINTERLEIKAR
torsdag 4. februar 2010
THAILAND
http://gunnares.blogspot.com/
Og du treng ikkje sjå etter noko nytt inlegg på sida mi før over helga, for i morgon forlet me heimen for nokre dagar og kjem att måndag. Men for alt eg veit, kjem Gunnar med kommentar til dette og!
Då hadde eg noko å skrive om i dag og! God helg!
onsdag 3. februar 2010
VÅR I SIKTE?
søndag 31. januar 2010
SNØMOKING OG VEGBYGGING
Nede i hustveittunet hadde dei fått tilkøyrt ein kjempediger sandhaug då dei skulle byggje nytt hus. Der heldt eg meg stundom i lag med sonen i huset, Knut David, eitt år yngre enn eg. Mens eg bygde vegar, køyrde han med bilane sine. Grei arbeidsdeling, eg likte best å byggje vegane, han likte best å bruke dei.
Men Knut'n vart ikkje yrkessjåfør, og eg vart ikkje vegingeniør.
lørdag 30. januar 2010
POPULÆRT SAMTALEEMNE
Før me for heim og feira laurdag, var me innom Valen matsenter. Eg ville gjerne ha Dagbladet, for i laurdagsmagasinet er det eit skikkeleg kjekt kryssord som eg plar kose meg med i helgene. Der trefte eg Astrid og Jon-Inge, som eg har kjent godt i ein mannsalder minst, men som eg ikkje treffer så ofte lenger. No har dei fylt sekstito begge. Samtalen kom raskt inn på det populære emnet pensjonering: "Er du i full jobb enno, eller ...? Og så snakka me om stoda, utveksla røynsler og skisserte framtidsplanar.
På skulen går det nesten ikkje ein dag (dei dagane eg er der) utan at nokon spør om kor lenge eg skal halde på, eller ber om råd når det gjeld pensjonering. Jaja. Noko skal ein snakke om. Sjølv kan eg ikkje hugse at eg snakka noko særleg om emnet før eg brått hadde kasta meg ut i AFP-livet.
søndag 24. januar 2010
HEIM MED BOKREOL
Takka vere god og sløydopplæring i Fjaler kom eg heim med sjølvsnikra bokhylle utpå vinteren i 1959. Eg trur mamma og papen tykte ho var bra og, så ho fekk plass i stova og vart kalla bokreol. Det var fortent, det var ei stor hylle. Det trekvite møbelet med mosegrøne kantar stod nok ikkje heilt i stil med dei tunge, mørke eiketremøblane som mamma og eg kjøpte i by'n då eg var seks år. Men ho kom til nytte, og der stod ho i mange, mange år etter at eg hadde flytt or heimen og fått andre bokhyller. Til dømes stod ho der då me laga til konfirmasjon for syster Liv i mai 1971. Her er konfirmanten, Anne og vesle Rune i gang med å brette serviettar, trygt plasserte framfor bokreolen.lørdag 23. januar 2010
I BADSTOVA
Før me gjekk heimanfrå, sette me badstoveomnen på, og etter turen sette me oss inn der og sveitta ei stund før me tok kvelden. Det gjorde inderleg godt både for kropp og sjel, både spaseringa og økta i badstova.
Me har skam å seie ikkje brukt den fine badstova vår på aldri så lang tid. Anne rekna ut at sist ho var brukt, var i påskehelga, og då var det Tore som tok seg eit bad. Då ho var ny, gjekk me der fleire gonger i veka. Det var rett etter påske i 1988. Eg snikra og stod på nede i kjellaren den våren, laga matbu og ei bu til, og så badstova. Eg hugsar eg heldt på med finishen i påskehelga. Og nokre dagar etter påske var omnen og alt på plass og rommet teke i bruk. Samtidig gjorde me oss fortente til ein omgang i badstova med hyppige trimøkter, joggeturar eller skogsvandring. Me vart så spreke at ... Men etter som åra gjekk, vart det sjeldnare og sjeldnare med joggeturar, ja, fjellturane vart det og mindre av. Og endå sjeldnare med badstovebad.
Om det vert ein ny vår med trimming og badstove? Eg lovar ingen ting!
torsdag 21. januar 2010
EIGA BOKHYLLE
Viss du las førre blogg, veit du at bokhaugen min voks. I tillegg til bokpakkar frå Norsk Barneblad kom det stundom ei bok som jule- eller bursdagsgåve. Så hadde eg ein onkel i by'n med ei pen samling, og eg tillet meg å tigge ei og anna bok frå samlinga hans.Sløyd var det faget som hadde desidert høgast status blant gutane på skulen. Mens me gutane var i kjellaren og snikra, hadde jentene syskule - eller kalla dei det handarbeid? Kanskje det faget hadde like høg status blant jentene? Sjølv var eg ein middels god snikrar og hevda meg nok meir i andre fag. Men i sjuande klasse sette eg mykje inn på å sikre Mykje godt og få meg ei skikkeleg bokhylle. For ordens skuld, og for moderne lesarar: Her var det ikkje snakk om å skjere til ei hobbyplate, her var det å skjere opp uhøvla fjøler, høvle dei til og lime i hop. Og trettenåringen, som aldri har kunna teikne, rissa opp sånn sirka korleis han ville at hylla skulle sjå ut. Lærar Wang redigerte og finteikna, godkjende prosjektet og gav gode råd og vink. Og eg høvla og høvla.
Det er få sjølvgjorde produkt eg er meir fornøgd med enn bokhylla, som framleis er i full bruk heime hos yngste sonen, Tore.
onsdag 20. januar 2010
PENGAR OG BØKER
Det kom ikkje berre blod og sveitte ut av vedsaginga på Flekke skule. Når årsoppgjeret kom, sat eg der med ein formue på hundre kroner. Papen overrekte den raude pengesetelen og nemnde i forbifarten at det var han som laut skatte av han. Eg nytta pengane på beste vis: Kandissukker og bøker. Mest det siste, vågar eg å tru. Og litevetta hamna nok på ei raud postsparebankbok. Inger Hustveit limte sirleg inn inskotsmerke, skreiv tekst, signerte og stempla.
Men ein bra slump gjekk til boktinging frå Norsk Barneblads forlag. Eg fylte ut postgiroblankett, skreiv opp kva bøker eg ville ha, gjekk i posten, betalte og gjekk heim og venta. Viss eg tinga for minst førti kroner, fekk eg 25 % rabatt og bøkene portofritt tilsende.
Det var nesten julehøgtid den dagen pakken kom, bøkene utpakka og klare til å slukast. Dei handla om alt mogeleg, frå ville ferder i Sibir, maktkamp i svensk seinmellomalder, ungar i norske skogsbygder og fiskevær, riddarar og røvarar i England og rampungar ved Mississippi. Somme av bøkene las eg om att og om att, og dei vandra på utlån hos andre gutlarvar i Flekke. Det kom mykje varme ut av vedsaginga.
mandag 18. januar 2010
UVØRDEN VEDSAGING
For tre år sidan bles det ned to digre bjørker like attmed tomta vår i Bekkjarvik. Grunneigaren har gjeve oss fullmakt til å nytte alt slikt der oppe ved eigedommen vår, og bjørkene kunne ikkje liggje slik og sprikje. Det vart eit ryse arbeid både i vinterferien og i påska det året med å få alt oppkappa, bore på plass, oppkløyvd og i lad. Kaminomnen der i huset tek berre småved, ikkje store kubbar slik som vår omn heime. Det vart eit svært lad, som seinare om hausten kom i kjellaren. Og etter at svigermor forlét heimen, har det minka krafig på fyringa. Og der ligg veden. Det er godt å vite når me er der no vinterstid at ved har me plenty av.
På Flekke skule i gamle dagar var eg som før nemnt tilsett som fyrbøtar. Og som sagt: Eg kunne verte skikkeleg lei av all vedsaginga som følgde med. Spesielt dei vekene me hadde sløyd på skulen. Då heldt me til i kjellaren, og der var det ikkje elektriske omnar, og kjellaren var stor å varme opp. Rett nok heldt me oss i gang med kroppsarbeid: høvling, saging og pussing med meir.
torsdag 14. januar 2010
SOL OVER TOFTEÅSEN
(Ps: Viss du ser på dateringa på biletet nede til venstre, står det 2006. Det er feil, kameraet var feil innstilt. Skulle vere 2009.)
onsdag 13. januar 2010
KULDEN GJEV SEG IKKJE
Då eg klatra opp i femte klasse (eller femte skuleåret, skulle eg seie,) arva eg jobben som fyrbøtar på Flekke skule. Brørne mine hadde hatt jobben før, men no var Steinar begynt på realskulen. Forresten var både jobben og løna mindre dette året. Dei hadde skrudd opp elektriske omnar, så dei fleste dagane slapp eg fyre. Men høgste vinter heldt ikkje omnane standarden som lærar Sigurd Årøy hadde sett. Var det for kaldt, skulle eg fyre i omnen. Han definerte ein minimumstemperatur som me kunne lese av på termometeret oppe ved tavla. Var det atten grader, tru? Seksten? Hugsar ikkje sikkert. Men det eg hugsar, var at han begynte dagen med å sjekke gradestokken, og låg søyla under det definerte minimum, bles han i hendene, og eg fekk tilsnakk viss det ikkje var fyr i omnen.
Frå min synsstand var dette eit heft. Med til jobben høyrde sjølvsagt vedsaging, og det tok tid og krefter. Og ved skulle berast inn or skytja ved enden på skuleplassen, og så kom putlet med å få fyr i omnen. Det var mange andre gjeremål eg sette meir pris på om morgonen før me skulle begynne med bibelsoga. Så viss eg såg at gradestokken låg rett under den fastsette grensa, lurte eg meg til blåse litt på han nett då Årøyen kom i gangen. Dermed steig søyla litt, Årøyen godtok varmenivået og slapp å blåse i nevane. Ikkje hugsar eg at me sat og fraus heller.
tirsdag 12. januar 2010
MEIR OM DETTE VATNET
Som alle veit, var det mykje meir vinter i gamle dagar når me ser vekk frå denne vinteren. Slik også i Flekke. På ein ungdomslagsfest midt under ein kuldebolk vinterstid hadde Asbjørn og Kåre i Vellereina og Olemann Hellebust ein sketsj, som vanleg. Asbjørn var kjerring og klaga seg for kallen - Olemann - om at vatnet var frose. Om Olemann kunne ordne med det. Etter passeleg med om og men hadde Olemann henta Kåre, som var røyrleggjar. Han kom med utstyr og bad om å få tilvist åstaden for uhellet. Då kom Asbjørn med nattpotta og viste han. Vatnet i potta var frose. Teppefall og applaus.
mandag 11. januar 2010
DETTE VATNET, DENNE FROSTEN ...
Ute i Bekkjarvik står det eit blått hus som Anne og borna våre eig. Huset er bygt på slutten av femtitalet, uisolert og med enkle vindauge. Sist me var der nokre veker før jul, sette me på ei aning med varme i inste stova, kjøkkenet og på det vesle badet nede. På badet oppe er det ein liten lekkasje i sisterna, så det piplar jamt og trutt. Men sidan det vart ein lang og seig vinter i år, tok angsten oss meir og meir, så torsdag ettermiddag drog me ut, gram i hu og med bange aningar. Men takk og lov! Det kom villig vatn ut or alle kranar utanom vasken og badekaret oppe på det største badet. I dassen pipla det som før. Humøret steig kraftig, og no var hovudproblemet å få såpass varme i huset at det var til å halde ut. Det vart koselegare og koselegare utetter kvelden, og omsider kom vatnet att i kranane på badet og.
Før me drog heim i går, sette me på meir varme: ein varmeomn i kjellaren og varme på øvre bad. No trur me nok me slepp engste oss til neste gong, så no kjem det nok skikkeleg mildvêr. Og straumrekninga skal nok auke, det same gjeld elektrisitetskonsumet i landet. Men det som for alvor fekk opp hustemperaturen i helga, var fornybar energi frå sjølvhoggen ved.
søndag 3. januar 2010
IT'S NOW OR NEVER
Men kvar har bloggskrivaren tenkt seg av i dag då, med ein slik tittel? Jau, det handlar om ei femtiårig 7. sans-dagbok, ein skrøpeleg, gammal radio, ein umåteleg populær radiostasjon og ei umåteleg stor rockestjerne. Og ein femtenåring.
Dagboka eksisterer, men har ikkje mykje tekst anna enn dei første dagane i det nye året 1960. Og så er her eit par lister ved slutten av året og starten på det nye året 1961. I heimen til eigarmannen til den sjuande sansen var det kjøpt ny, god radio med FM-band, så no slapp me å leite opp Vigra på mellombylgja når det var skeiselaup eller nyheiter. Den gamle radioen baud på meir skraping og ulyd enn på genuin radiolyd. Men eg fekk på eit vis liv i han og flytte han opp på rommet og bortåt senga. Eg vreid søkjaren heilt ned til høgre og fann stasjonen.
Ute i den vide verda, nærmare bestemt Luxembourg, hadde engelskmennene stasjonert ein radiosendar som spydde ut popmusikk til alle tider på døgnet. Det var ikkje berre i vårt land det var kringkastingsmonopol, men for kreative engelskmenn var dette ei ikkje-sak. Dei laga programma i London og sende dei til vêrs i det vesle, men liberale landet som låg inneklemt mellom Belgia, Frankrike og Tyskland. Og kvar sundags natt, om eg hugsar rett var det frå midnatt til klokka eitt, kom Top Twenty, poplista med dei tjue mest populære låtane den veka.
No skulle denne rapporten ha kome om eit år for å markere femtiårsjubileum, men eg greier ikkje å dy meg så lenge. Juledag 1960 og første nyårsdag 1961 gjekk Elvis Presley til topps med "It's now or never". Elvis var nett komen heim frå militærteneste i Tyskland, og der i landet hadde han mellom anna høyrt den italienske songen "O sole mio". Dermed fekk han laga engelsk tekst (som ikkje liknar det minste på originalteksten) til tonen og song så det ljoma. Han hadde og plukka med seg ei tysk folkevise og song ei blanding av engelsk og eit slags tysk: "Muss i denn, muss i denn zum Stetele hinaus..."
Og der i senga, med den gamle radioen som kjelde, førte eg listene over Top Twenty siste sundagen i 1960 og dei to første sundagane i 1961. Her er dei ti beste den nyårsdagen:
1: It's now or never (Elvis), 2: Save the last dance for me (The Drifters), 3: Poetry in Motion (J. Tillotson), 4: I love you (Cliff Richard), 4: Lonely Pup (Adam Faith), 6: Little Donkey (Nina og Fredrik), 7: Strawberry Fair (Anthony Newly), 8: Goodness Gracious (Sophia Loren og Peter Sellers), 9: Man of Mystery (The Shadows), 10: Rocking Goose (Johnny and the Hurrycanes).
fredag 1. januar 2010
NYTT ÅR
Det vart eit nytt år denne gongen og. I går kveld sat me heime, Anne og eg, til klokka var nesten tolv. Me gjekk ut og ned på berget og såg på fyrverkeri, ønskte gode grannar nytt år og sette oss inn til Beate og Jon ei stund. Der var fleire andre kjenningar samla. Me sat ikkje lenge før me rusla heim til oss sjølve og sette oss til å sjå resten av ein dansk film som gjekk på ein eller annan kanal. Så det vart seint nok før me tok natta.
Dagen i dag har vore lat og svært lik mange andre nyårsdagar: Sein, god frukost, nyttårskonsert frå Wien, hopprenn i Partenkirchen, kokt kald laks med agurksalat og rømme + pluss plommedessert (desserten er ikkje bomfast tradisjon), middagskvild, kaffi og julekaker og talen til statsministeren. Som venta snakka han om sysselsetjing og sjukelønsordninga. Og sidan me har litt rikeleg med mjølk som har gått ut på dato, har eg kokt kakao til kvelds.
I dag har eg hatt litt gangsperr etter ein god skitur i lag med Tore i går. Me burde sjølvsagt ha kome oss ut i dag og, men vips! Så var det kveld og i seinaste laget. Ikkje for det, fullmånen glitrar flott i kveld. I natt lurte han seg bak eit tynt slør av skyer så me såg han nesten ikkje. kanskje for at fyrverkeriet skulle få kome meir til sin rett.
Godt nytt år!
torsdag 31. desember 2009
TAKK FOR DET GAMLE
Nyårsafta går mot kveld, natt og nytt år. I år har det skjedd utan dramatikk så langt, og truleg held den rolege, gode stemninga seg til neste år. I fjor døydde mamma tidleg på nyårsafta. Så då feira eg overgangen til det nye året i lag med syskena mine. Det var forresten ei roleg og god feiring, den kvelden.
I år er me inntil vidare tre. Tore fer nok på rek om ein time eller to, så då er me tosame, Anne og eg. Hannah og Vegard forlet oss måndag. Tore drog til by'n sundag, men kom att i går.
I mange, mange år var det store feiringar denne kvelden og natta. Grannar, vener og ymse andre tok del. Som regel var me hos nokon og åt tidleg på kvelden, viss dei ikkje var hos oss. Og seinare skjedde litt av kvart. Dei siste åra har livet roa seg, også nyårsnatta. Det gode måltidet tidleg på kvelden har vore i familiens skjød. Som regel har me stukke innom eit nabohus etter rakettoppskytingane. Kanskje me gjer det i kveld og, eller kanskje me går heim til oss sjølve, kanskje me ikkje går ut og ser på fyrverkeri heller, spinnkaldt som det er.
For førtifem år sidan sat bror Steinar og eg stappmette av ribbe (= pinnekjøt) nyårskvelden og lurte på kva me skulle ta oss til. Ingen avtalar, ingen planar. Men me kunne vel gå ned til Hustveit-folket og sjå kva ungdommane der i garden hadde føre? Og kvifor ikkje gå julebukk, sjølv om det ikkje var trettandafta? Me hadde nett fått opp ny varmtvasstank heime, og den digre kartongen stod i eit uthus. Den henta me og skar to runde hol i, så han likna på utedobenken vår. Den tok me med oss, samt kamuflasje til hovuda. Utanfor Hustveit-døra kraup me inn i den digre kartongen, skjulte vår identitet og banka på. Så trippa me inn, sitjande på huk slik at høgda vår ikkje kunne røpast. Me dansa litt rundt og grynta julebukkmål, og hustveitane stod berre og måpte. Heilt til far i huset, Audun, las på ein merkelapp: "Ragnvald Kyrkjebø, Flekke i Sunnfjord" ... "Søren og," sa Steinar etterpå, "eg fjerna jo ein merkelapp før me gjekk. Der må ha vore to!" Dei lo godt åt oss, men sidan ungdommane i huset ikkje var heime nett då, skulle me vente og krype på plass i kartongen når dei kom om ei lita stund. Det gjorde me, og denne gongen var det ingen merkelapp som røpa oss.
torsdag 24. desember 2009
JULAFTA ER SNART OVER
Så var det mimringa. Eg meiner å hugse julafta for seksti år sidan. Det er to minne som sit att, eller som eg trur sit att. Det sterkaste er at bror Steinar, som vart sju år den dagen, var sjuk og måtte spy då me gjekk rundt juletreet. Det var så lett å lage eit ordspel på at han vart sju og vart sjuk. Så fekk eg ABC-bok til jul, ja, eg trur eg hugsar at eg fekk to stykke. Den eine hamna på Ilkjen hos syskenborna der, eg greidde meg med ei. Den vart i mi eige, og to pedagogisk talentfulle storebrør heiv seg over meg og boka slik at eg lærte å lese etter kort tid.
Så gjekk det ti år, og jula for femti år sidan kunne lett ha vorte stusleg, slik eg såg det ei stund. Eg var jo konfirmert og strengt teke ingen unge lenger. På realskulen gjekk eg og hadde lov å gå på dans. Så då var spørsmålet om eg framleis fekk noko særleg til julegåver. Bestemor i by'n var død det året, og derifrå kom alltid dei gildaste gåvene. Frå henne, tante Karen og onkel Fritz. Og eg hadde ikkje sett at det var kome nokon pakke frå by'n i førejulstida. Eg såg mørkt på julafta og pakkeopninga. men under over under, det dukka opp pakke frå tante og onkel, kanskje like gild som det eg var van med. Kva det var, hugsar eg ikkje. Men det var ein stor letnad for fjortenåringen. I går og i dag har femtenåringen vår knika kring pakkehaugen, knefta og glodd, og velsigne henne for det! Ho fekk jamvel lov å finne ein pakke tidleg på dagen og opne.
Ti år etter - i 1969 - var første jula eg ikkje feira jul i Flekke. Me hadde pakka saman alt vårt jordiske gods og flytta det til Bekkjarvik, der Anne og Rune skulle bu mens eg var femten månader i militæret. Og der feira me jula, ei litt annleis jul, mildt sagt, med ein fire månader gammal krabat som det store midtpunktet. I nyårshelga var me til Flekke på visning med vidunderet.
Men så må eg seie at eg slit med minnet. Eg klarer ikkje å skilje ut julaftene i 79, 89 og 99. Men me har nokre bilete som iallfall kan stadfeste at det var julafter då og. Minnet mitt er som hos andre gamle kallar, dei siste åra er hylla inn i ei skodde. Og det er grenser for kva ein skal gå rundt og hugse. Derimot er eg imponert over sønene kor godt dei kan sortere i år og hendingar. Vonar dei set seg ned og bloggar, dei og, ein vakker dag. God jul!
mandag 21. desember 2009
SOLSNU
No går det mot lysare tider. I dag snudde sola, som me seier, så no går ho opp i vest, viser seg ei stund på nordhimmelen midt på dagen, går ned i aust og vert lenger og lenger oppe kvar dag. Ute er det drivande kvitt. Snøen som kom natt til i går, har visst tenkt å bli liggjande til olsok. Det er uvant for oss, og eg har moka og spadd ei råk bort vegen, strødd i salt og pepar, bad eit par våbøner og vonar no at uty, ulv og oskoreier held seg vekke, og at me kjem oss trygt fram utan lårbeinsbrot og raude romper. Eller blåræv. Husverten vår på Sandane då eg gjekk på gymnaset, hadde eit uttrykk som eg la meg på minne, og som han brukte når det var vanskeleg sykkelføre om morgonen når han vekte oss: "Dæ blårævfør' i dag" Ja, me sykla dei tre kilometerane kvar morgon og ettermiddag. Og verten hadde omsut for oss og sjekka kvar morgon om me var vakne.
I dag var eg innom skulen ei stund, endå eg er pensjonist om måndagane. Folk trudde dei såg syner eller skrømt, andre meinte det var julenissen, og Ole Bjarte fotograferte meg då eg kom opp bakken. "Så, du er ute og teke bilete tå kulturminne?" spurde eg han.
Så var Anne og eg på sentera på Husnes og handla både butikkane og bankkontoane våre tomme. Dermed er det snart tid til å setje seg ned og vente på jula. Nei, i morgon skal eg til Flesland og hente ein son og ei sonedotter. Ønsk meg god tur i vinterlandskapet!
søndag 20. desember 2009
SKOLTESUNDAG
Nesten kvart år sidan me flytte til Kvinnherad, har me kjøpt rå sauehovud og laga til sjølve. Mange år var Helge Dahle og eg i lag om flåinga, men no er det nokre år sidan sist. I fjor hadde me skoltesundag på årsgamle hovud, men i år har me vore heilt utan. Så i dag har Anne og eg meiska oss med lutefisk i staden.
Men me har ein yngsteson som tykkjer at skoltetradisjonen ikkje må brytast. Han har vore og kjøpt seg ein skolt på butikken og kokt i dag. Vel, han er altså ikkje heimeflådd, men svidd på vossavis. Likevel smakte han ikkje så verst, rapporterte Tore.
Så kan eg leggje til at me har fått skikkeleg vinter, med mengder av snø som kom i går og i natt. No vert det sikkert kvit jul for ein gongs skuld.
mandag 14. desember 2009
SYSKENTREFF
mandag 7. desember 2009
ENDÅ EIN SKULESTIL
torsdag 3. desember 2009
FORNUFTIG BRUK AV SPAREBØRSE
onsdag 2. desember 2009
Å LÅNE EIT SYSKENBARN
mandag 30. november 2009
TRONDHEIMSHELG
mandag 23. november 2009
søndag 22. november 2009
DAGANE GÅR
mandag 16. november 2009
I HEGGEN
søndag 15. november 2009
STOREBROREN
lørdag 14. november 2009
GAMLE BILETE
tirsdag 10. november 2009
REGNBOGEBARNET


