PÅSKEREISE 2020
PÅSKEREISE
ETAPPE 1
Fleire norske stader har dette namnet. Dei er stava heilt
likt og med to ledd. Første leddet er av gresk opphav, det andre er nordisk. På
ei stor og folkerik øy finst det minst tretti stader med det same namnet, men litt
annleis stava, lett tilpassa språket i
landet og i to nesten like variantar. Me skal fram til ein stad i Noreg som har
eit heilt anna namn, men mellom anna det til felles med den andre norske staden
som var omtalt innleiingsvis, at begge har ein institusjon av nokolunde same
slag, begge har folk som arbeider med framstilling av eit visst produkt som dei
ikkje lagar på denne staden eller på stadene med omtalte namn, og begge stader
bur det folk som ber namnet denne oppgåva omtaler.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 2
På denne flata i eit
dårleg steikt område i ein norsk by var
ein person nær ved å oppnå ein
stor triumf som glapp i siste liten. Men mange har lykkast, andre har gått
skuffa derifrå. I nærleiken blir det unyttige til det nyttige. Folk som har det
travelt, får snart viljen sin oppfylt, og folk med pengar kan lette på kontoen
og fylle posane. Her er det etter det eg veit, ikkje utstyr til seglskuter, om
nokon skulle tru det.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 3
Me kan krysse denne staden på fylkesvegen med nytt primtal
som inkluderer det gamle primtalet. Når me gjorde det for ein del år sidan, var
det lite å sjå. Innbyggjarane meiner at dei ikkje bur i nokon kommune. Me må
ikkje late oss narre til å tru at staden har tilknyting til eit subtropisk
havstykke, men staden har hatt meir å
seie for radiosendingar frå tilhøyrande lokalkontor. Island og Kina har vore
inne i diskusjonar. Vegen ligg 37 moh., men før var det lett å kome til fjells.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE4
Eit holete område med eit modalt hjelpeverb og eit skremsel
eller grasbakke med eit særsyn som kan skruast av og på. No er det relativt
roleg, så mange er passeleg sure. Ikkje langt unna boltrar det seg ein masse
småfisk. Pengemangel er ikkje noko stort problem, og folk deromkring har god
plass. Men nett her er det nesten ingen som bur.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 5
Me er ikkje lenger i det fylket der du kan finne dei fire
første reisemåla. Denne staden eksisterer og er ikkje eit eventyrområde. Ein
idrettsutøvar gjorde to svært rosverdige presentasjonar i same fylket. Han kom
frå ein by som ikkje er kjend for denne idretten, og har same førenamnet som
den største kjendisen på staden me skal til. Staden var forresten lenge kjend for ein annan idrett. Stasjonsbygningen er ei
arkitektonisk perle.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 6
Me snakkar no om ein kommune, ikkje ein fugl., og me er i
same fylket som i førre etappe. Kommunen
og det nære omlandet utmerkar seg når det gjeld arkitektur og kokkekunst, men
her er andre viktige høgdepunkt. Her står ei statue av ein slektning av
kjendisen i etappe 6. Meir skal oss ikkje røpe.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 7
No er me i eit nytt fylke. Dette er eit flatt, vindfullt og
svært bråkete område. Trass i det har folketalet auka ein del dei siste åra.
Frua har sett spor etter seg både i historia, litteraturen og kulturlandskapet.
Blir ein svimmel av å bu på denne staden? Eg veit ikkje, eg har aldri vore der.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 8
I dette vegkrysset, som faktisk eksisterer, men er best
kjent i fiksjonen, har Anne, eg og fleire med oss handla seg kaffimat.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 9
Me er komne langt av garde til utlandet. Eg fotograferte ein
gong ein nykomling her som har fått namnet sitt etter ein mytisk figur med
karakteristiske eigenskapar som var lette å sjå på staden. Staden ligg på same
breiddegraden som eit nasjonalt klenodium i eit land med historiske band til
landet der dette reisemålet ligg.
***
PÅSKEREISE
ETAPPE 10
Me er i same landet som i etappe 9. Her står ei statue av
ein pioner som etter ei farefull reise hamna på denne staden. Ei liknande
statue står på den staden mange meiner han kom frå. Då han kom hit, la han
merke til noko som likna på det som lenge
var så karakteristisk for reisemålet i etappe 3. To viktige samkomer i
førre årtusen medverka til at staden vart verdskjend.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar