Vel og vakkert framme i gamlelandet gjekk eg i Stavanger by og småsmilte med meg sjølv. Det var som om eg var heime blant kjære og kjende, jamvel om eg aldri hadde vore i den byen før. Noko av det første eg gjorde, var å finne kaia og kontora til Stavangerske Dampskibsselskap og kjøpe billett til nattruta til Bergen. Eg spurde om kva tid båten skulle gå, og eg høyrde ikkje heilt om han sa ni eller ti om kvelden. Men det hadde eg god tid til å finn ut av. Det var berre ettermiddagen enno. Båten låg der, så eg lempa bagasjen min om bord og gjekk lett og glad derifrå.
På veg opp att i byen trefte eg forsyne meg ein kar eg kjende. Han var russ i lag med meg på Firda gymnas, og no tente han kongen på Madla som marinegast. Me hadde knapt hatt kontakt i gymnastida, men no var det som å treffe ein nær ven. Det var heile tre månader sidan me hadde forlate Sandane og gymnaset, ein stad me hadde svært gode minne frå, begge to. Me sette oss på ein kafé og tok ein kopp kaffi og lét praten gå. Jau, han visste kva tid nattruta skulle gå. Det var klokka ti om kvelden. Han hadde teke båten frå Bergen og sørover.
Timane gjekk, me sa farvel og gjekk kvar vår veg. Klokka var berre halv ti då eg kom ned til kaia. Men der var det ingen båt å sjå! Ikkje folk heller, så å seie, og dei fleste lys var sløkte. Ein fyr dukka opp, og han kunne fortelje at båten gjekk klokka ni. Ni frå Stavanger og ti frå Bergen. Den gode marinegasten frå Hornindal var nok i god tru; han rekna vel med at dei brukte den same klokka i Bergen som i Stavanger.
Det var seine kvelden. Bagasjen var på veg til Bergen, og eg stod att på kaia og småfraus i ein mørk og framand by, heimlaus, frendelaus og lite kjend, og lika på leiken ille.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar