Bestefar gjekk på amerikabåten den tiande mai 1905, mens
kong Oscar den 2. framleis var konge i landet vårt, fire veker før Stortinget
avsette han. Morfar Peter Igelkjøn kom til tanta si i Wisconsin, som saman med
mannen sin åtte ein farm. Framleis sat ætta på garden, og då eg drog til
Amerika i 1964, ville bestefar gjerne at eg skulle vitje familien, til dømes syskenbarnet
hans, Arthur Jarstad.
Trøyste meg for ein
dårleg planlagd ekspedisjon eg var med på. Eg burde jo ha teke kontakt før me
drog av stad. Nei, det gjorde me ikkje. Oscar køyrde, og kona hans og Marie var
med i bilen.
Oscar Flekke har eg
ikkje skrive mykje om, men det burde eg. Han var eldste sonen til den før
omtalte Mathias Flekke, pensjonist og ein blid, kvikk og omgjengeleg gubbe. Og
så snakka han norsk når det høvde seg. Men eg trur ikkje kona hans forstod så
mykje av det språket, så det gjekk nok helst på engelsk. Dei budde i nabobyen
Baldwin, ikkje mange mil frå River Falls.
Adressa til
syskenbarnet åt bestefar viste at me laut køyre eit par timar mot aust i
Wisconsin, og me så gjorde. Etter litt spørjing og leiting fann me gardstunet,
og eg ringde på. Ut kom ein ung mann som såg mistruisk på den jyplingen som
stod på trappa. Eg snakka som ein foss og forklarte stoda. Mannen, som viste
seg å heite Mike og var sonen i huset, endra fjes frå nokså bryskt til
spørjande, så smilande og drog oss inn i stova. Der dreiv mor hans og stulla.
Dessverre var ikkje han far i huset, Arthur, heime. Me sat og prata passeleg
lenge, tok avskil og køyrde heim att.
Eg trur ikkje den
omtalte Arthur heilt tilgav meg at eg ikkje varsla og avtalte ankomsten. Det er
utruleg kva det har å seie for desse amerikanarane å få kontakt med slekta til
forfedrane som ein gong emigrerte. Og bestefar tykte sjølvsagt det var toskje
at eg ikkje trefte syskenbarnet hans. Men han likte godt at eg hadde vore på
tunet.
Det vart etablert brevveksling,
og fleire i familien deira har vore i Noreg og treft slekt. Og syster Liv med
fleire har vore hos dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar