Eg kan ikkje fullføre denne krøniken om amerikaturen 1964
utan å nemne Jimmen. James Rupert var barndomsven til Dave og budde i nabolaget. Men
det var sagt at han dreiv ikkje berre og leikte med Dave, han var likså gjerne
saman med mamma hans, Thora, for å lære norsk.
Jim var òg av delvis
norsk avstamning, slik folk flest der borte var, meir eller mindre. Og
interessa hans for dette lange, kalde landet var umetteleg. Det var såleis ikkje
underleg at han vart begeistra då det dukka opp ein vaskeekte nordmann i
omgangskrinsen. Utanom familien vart det Jimmen eg fekk best kontakt med. Mellom
anna tok han meg med på telttur ut i Sør-Dakota nokre dagar. Eg kjem til det òg
i denne mimrerunden. Biletet er frå den turen.
Jim var ein svært
impulsiv, pratsam og godmodig kar. At han var tolv-tretten år eldre enn meg,
var lite til hinder for eit flott venskap, tykte eg.
Jim hadde gjort språkinteressene sine til yrke og
underviste i tysk, fransk og spansk. Eg var jamvel med han i språklab ein dag
han hadde sommarkurs i tysk for nokre studentar. Det var første gongen eg
opplevde eit språklaboratorium. Seinare underviste han meir og meir i norsk. Alt i alt var han ti gonger i Noreg.
Tre gonger på
syttitalet besøkte han oss på Husnes, ein gong åleine, ein gong med frue og tre
born, og siste gongen i lag med dottera Anne. Første gongen var i 1973, rett
etter at me hadde flytta til Husnes. Om dagane jobba eg på Sør-Al, men Jim og
Anne (altså fru Kyrkjebø, ikkje Anne Rupert) gjekk heime i Furuvegen og snakka
om laust og fast. Jim noterte stadig nye ord i notisboka si: Kva det heitte på
norsk, korleis det vart sagt på strilemålet til Anne, og kva det tydde på
engelsk.
Amerikaturen min hadde
ikkje vorte den same utan Jimmen. Mine omtalar av fyren gjorde sitt til at syster Liv besøkte han på ein av sine mange amerikaturar.
James Rupert døydde for fem år sidan. Dei hadde ein grei nekrolog i ei lokalavis i River Falls.
James Rupert døydde for fem år sidan. Dei hadde ein grei nekrolog i ei lokalavis i River Falls.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar