Hausten 1963 var David Evenson frå Wisconsin på ein tur ute i den vide verda og kom innom Bergen på ein snartur. Han likte å reise, og no var han komen til det landet der mange av forfedrane hans hadde budd. Han tok inn på hotell Skandia og spurde seg føre om det var råd å kome seg til ein stad som heitte Flekke, heimstaden til morfaren hans, utvandra til Midtvesten tidleg på 1890-talet. Hotellfolka meinte at det ikkje var gjort i ei handevende. Men hotellsjefen hadde visst eit feriehus der oppe. Dessverre var han ikkje til stades den dagen. Rett før Dave skulle dra frå Bergen, fekk han tak i disponent Hans Johannessen, som kunne stadfeste at han hadde ei gammalt hus midt i Flekke. Men om det fanst nokon slektningar eller andre med tilknyting til Mathias Flekke, hadde han ikkje peiling på.
Så hadde Olai'en i Gara ein bytur, snakka med Hans Johannessen og fekk høyre om denne David Evenson som hadde spurt seg føre om slekta si i Noreg. Og han Olai visste godt kven denne Mathias var, sjølv om han knapt kunne hugse han. Han kom jo frå grannegarden, og framleis levde to av syskena til Mathias der i bygda. Så fekk me ein ufullstendig adresse til denne mystiske amerikanaren.
Eg gjekk siste året på språklinja på Firda gymnas og var meir enn villig til å ta i bruk mine nyvunne kunnskapar i det engelske målet. Dermed sette eg meg ned og skreiv om oss, om garden, om meg sjølv og om slekta til Mathias Flekke. Ære vere det amerikanske postvesenet i sekstiåra. Brevet kom fram, om enn adressa var ufullstendig. Etter ei tid kom det amerikabrev i posten. "I am Thora Flekke Evenson...," kunne brevskrivaren fortelje. Jau då, ho var eitt av dei sju borna til Mathias Flekke og mor til han som hadde vore i Bergen. David sjølv var framleis ute og ferdast. Jørgina hadde budd ei tid hos broren sin då ho kom til Amerika og hugsa godt denne Thora, som den gongen var ei lita jente.
Eg forfatta eit nytt brev. Denne gongen var det Dave sjølv som svarte. Det viktigaste i brevet var at han kunne godt tenkje seg at eg kom på vitjing til sommaren. Heim til dei i den vesle byen River Falls i Wisconsin. Der budde han, saman med mor Thora og far Clifford. Eg skulle vere hjarteleg velkomen. Det var ikkje til å tru, så eg svarte noko slikt som at eg hadde grueleg lyst, men lurte på kva det kunne kome til å koste. Nytt brev frå Dave. Nei, han skulle skaffe flybillettar, det skulle ikkje koste meg noko.
No vart det fart i sakene. Først var det husting heime. Eg trur at storebror Arne førte saka for meg og fekk innhenta løyve frå mamma og papen. Likkjebroren hans skulle få dra til Amerika! Arne var nær ved å få AFS-stipend då han gjekk på Hordaland fylkeskommnale gymnas, men vart skuffa. I staden sende dei Daniel Heradstveit.
Våren 1964 vart ulik alle andre vårar. Eg var raudruss, tok eksamen artium, forlét Sandane og var ramma av amerikafeber.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar