Ein diftong er ein vokallyd som høyrest ut som ein kombinasjon av to vokalar: ei, øy, au. Ei/ai og au var gamle lydar og gav det urgermanske språket klang og farge. Me snakkar då om eit opphavsspråk til tysk, engelsk, nederlandsk og nordiske språk, og som var brukt for to tusenår sidan. Seinare gjekk det litt ymseleis i det germanske området. Me skal ikkje rippe opp i alt, men nemne at tyskarane framleis seier Stein og laufen, mens danskane har funne det for godt å seie sten og løbe. Denne overgangen til enkle vokalar (monoftongar) kallar me monoftongering.
I norrøn tid snakka dei med diftongar her i landet så det song i øyro. Då Ivar Aasen oppdaga det norske målet, fann han at dei gamle diftongane var livs levande dei fleste plassar i landet. Difor kom dei i høgsetet i det nyreiste landsmålet hans.
Men diftongane hadde møtt ein vanlagnad i delar av Norden. Lenger sør og lenger aust kom det etter kvart på moten å seie sten og røk eller røg. Slik gjorde dei Danmark, i Sverige og i mange norske bygder langs svenskegrensa. Men ikkje berre der. Innslag av monoftongering smeit seg inn i norske bygder der ein ikkje skulle tru at dei kunne finne på noko slikt. Likevel er det framleis flust opp av diftongar i norsk talemål, og dei har jamvel fått ein raus plass i bokmålet etter kvart, trass i ein viss kamp frå konservativt riksmålshald.
Kva så med flekkemålet, som eg driv og skriv om? Jau, så sanneleg slo me inn på den danske linja med monoftongering, me òg. Me sa rent, bent, sent. Med korte vokalar, merk deg det. Me sa e(i)n hòge(=ein haug) med svarabhaktivokal, og monoftongering. Heimen vår låg bak Storehòjen med oksytonering, altså trykk på andre leddet, og med monoftongering. I tillegg vart g-lyden dregen fram i kjeften så det vart ein j i staden (palatalisering). Eldre folk snakka om ein dråme (= ein draum), med svarabhaktivokal og monoftongering. Straum vart stråme.
Men reinhekla monoftongistar var me ikkje. Det heitte lauv, sau, dau, rein, bein, røyk og øyk. Me lauga oss og drakk saup. Men me drog i hop diftongane etter ein regel som du skal få del i: Me artikulerte ikkje diftongar framfor dobbelkonsonant eller konsonantgruppe. Viss det kom meir enn éin konsonant etter diftongen, vart han forenkla. Ofte ser me det i bøyingspar, og det er gjerne ein bøyings-t som får oss til å dra i hop: sein-sent, rein-rent, røykje-røkte, laus(e)-løst og dau-døtt. Me følgde regelen om monoftongering framfor konsonantgruppe og sa høst, øst, trøst og nøst.
Då har du fått ein regel for storparten av monoftongeringane i mitt barndoms Flekke. Men det forklarar ikkje stråme, dråme og hòge.
Om me danska aldri så mykje når det galdt diftongar, var me ihuga målfolk. Det skulle meir til enn litt monoftongering før me fornekta målet.
Apropos målfolk og "vårt barndoms Flekke":
SvarSlettI 25-års soga til Sunnfjord Ungdomslag (1923) og prenta opp att i 75-årsskriftet finst eit stykke, ’Ferda-minne’ av presten Rasmus Haugsøen. Han skriv såleis:
”II Fjaler hadde eg norsk messe fyrste gongen i Dale i 1905. Det var Flekkekarane som fekk meg ut. Dei hev no liksom lenge glødd av norsk hug i Flekke.”
...
Så då, så!