Eg gjekk meg litt trøtt og lei av hovudfagstudiet på universitetet i Bergen og tenkte som så at det kunne smake med ein pause. Så eg søkte tre lærarpostar våren 1973. Eg fekk napp to stader, og den første som tok kontakt, var ein gammal kjenning frå Firda Gymnas. Eg hadde han ikkje som lærar sjølv, men han var med og hjelpte oss litt med russerevyen. No var Leiv Døssland, som han heitte, dagleg leiar for dei nyoppretta gymnasklassane i Kvinnherad. Jau, han kunne så godt som love meg jobben, og husvære skulle ikkje verte noko problem. Sommarjobb? Me måtte jo ha noko å leve av før den første lærarløna kom. Jau, det skulle gå fint. Han hadde kontaktar både på Søral og Valen sjukehus.
Anne og Rune var einige. Så drog eg ein vakker maidag for nokså nøyaktig førti år sidan med snøggbåt til Sunde. Eg hadde med måleband, for noko av formålet med turen var å sjå på huset me skulle leige og ta gardinmål. Og så ville eg sjølvsagt sjå skulen og snakke litt med rektor.
På Sunde kai fann eg ein buss som frakta meg trygt til Husnes. Det var eit merkverdig bygdesenter. Nokre få butikkar, eit forsamlingshus og eit hotell låg ihopklumpa der bussen stansa, og oppetter bakkane strekte seg det eine rekkjehuset etter det andre med fire bueiningar i kvart. Og så skimta eg aluminiumsverket under ein dis av røyk eit stykke unna. Nokon skule var ikkje å sjå. Men bussjåførar er venlege vegvisarar, så eg fekk ei grei forklaring om kvar eg skulle gå.
Etter ein liten kilometers rusletur dukka det opp eit umiskjenneleg skulehus. Gymnasklassane skulle halde til på hi sida av bygget, attmed ein gymsal. Her laut eg gå rundt, og valde sjølvsagt den galne vegen.
Brått kom det til syne nokre digre panoramavindauge, og innanfor dei såg eg ein flokk nesten nakne jenter som dreiv og plaska i eit basseng. Her var det best å ta ein stor boge og ikkje labbe langs glasveggen, skjønte eg. Det skulle ta seg ut om gymnasjentene første skuledagen til hausten når eg skulle presentere meg som læraren deira, at dei då skulle stikke hovuda i hop og kviskre at "sjå der, der er jamen santen han fyren som gjekk og glodde på oss mens me hadde symjetime i vår!"
Omsider fann eg det som førebels var lærarrommet: eit klasserom som var innreidd til kontor, arbeidsplassar for lærarane, læremiddelsamling, bibliotek og alt det ein skule med to klassar hadde bruk for utanom undervisningsromma.
Førti år er gått. Det vart ein lang pause i arbeidet med hovudfaget i norsk. Pausen er ikkje slutt enno. Han tek aldri slutt. Men lærargjerninga tok slutt for snart eit år sidan.
Det var artig å lesa. Er det verkeleg 40 år sidan. Vi var vel andre kull som gjekk ut av Kvinnherad gymnas. Eg minnest god då vi byrja i første klasse hausten 1973 med Leiv som klasseforstandar og Reidar i fransk. Det vart iallfall ein av elevane dine som vart frankofil ! Forrige veke på Corsica og der var det ikkje mykje engelsk kunnskap. veldig fint forresten og det fristat med fleire turar. Helsing Frode
SvarSlett