onsdag 13. februar 2013
EI FYRSTELEG OVERNATTING
Eg har stundom tenkt som så, historielærar som eg var, at ein skulle kunne skrive historia hin vegen. Det vanlege er at historieboka begynner med gamle dagar og flytter seg jamt og trutt framover mot nyare tider. Men kva om me begynner med notida og skildrar oss bakover? Det er noko slikt eg driv med no. Det eg skriv i dag, hende tidlegare enn det eg skreiv om i går. Og i morgon skriv eg kanskje om det som hende endå tidlegare. Eg skriv meg altså bakover i tid. Rett nok er tidsfaktoren litt smal. Alle desse tre historiske hendingane gjekk føre seg den same dagen, tysdag den 4. juli 1995. Og kva utløyste lysta til å mimre om nett denne dagen? Hestekjøt! (Sjå gårsdagens blogg.)
Både turen i 1995 og mange andre liknande bilturar nedover i Europa bar i stor grad smaken av oppdagingsferd og meistringsglede. Til dømes var ikkje overnattingane særleg planlagde. Me hadde med oss telt, og alltid - kanskje etter prøving og feiling - fann me ein campingplass og nattely. Stundom tok me til takke med eit enkelt hotell eller Gasthaus, og iblant hamna me på eit ungdomsherberge. Hugs på at me var svært unge i 1995, eg hadde nett fylt 50 og Anne var mykje yngre, berre 47. Denne måten å avrunde ein dagstur på, kunne vere både langsam og slitsam, men du verda så lukkelege me var når alt var i boks og me hadde fått opp teltet eller kome oss under tak!
Denne tysdags ettermiddagen var me på veg inn i Alsace og hadde funne ut at det var eit ungdomsherberge i ein by som for oss var heilt ukjend: Saverne. Kvelden før var me seine før me slo leir, så denne dagen ville me kome til ro litt tidlegare. Me rulla så inn i byen og såg til vår store glede at dette var ein svært yndig liten by. Det gjekk ein kanal med sluser midt gjennom byen, og her var flust opp av vene bindingsverkshus og vakre blomedekorasjonar på husa og langs gatene. Me parkerte bilen der det fall seg og tok beina fat for å spore opp herberget. Det kunne ta si tid, frykta me.
Der opna det seg endå eit utsyn: Eit digert slott med ein endå digrare park. Då me hadde beundra slottet ei stund, gjekk me oss beint på ei lita bu med turistkontor før me var begynt å leite. Eg gjekk inn og spurde etter ungdomsherberget. "Der borte, i slottet! Femti meter å gå!" Og såmenn! I eine hjørnet av slottet var der ei dør me skulle bruke. "Opningstid klokka 17" stod det. Me såg på klokkene våre. Ti over fem var dei, så her var det berre å gå rett inn.
Og rom fekk me. No skulle eg ha loge og sagt at det var ein fyrsteleg suite. Men denne fløyen av slottet må ha vore bygd for tenarskapet, tippar eg. Grei, nøktern standard. Me fekk oss eit familierom der det hadde vore god plass til både ungar og barnebarn.
Då var det berre å ta ein strekk på køya, ein ankerdram, og ut å ete hestekjøt!
Eg ser ei Anne som er ung og blid framføre slottet. Eg reknar med at ho alt har fått ankerdrammen sin.
SvarSlettJa, ho vert både blidare og yngre etter ein ankerdram eller to.
SvarSlett