Var eg hard med Det kongelege postverket i bloggen min i går? Når sant skal seiast - og det skal det - er det mykje vakkert å seie om posten. Det at nokon kan putte ein konvolutt med namnet mitt påskrive i ein postkasse i Kuala Lumpur eller i Ouangadougu og eg kan finne han att i den grøne kassen på Eikelandsberget nokre dagar seinare, er jo eit mirakel. Eg er heller ikkje framand for at det har sine føremoner å kunne hente pakken du ventar på, ei sein kveldsstund på Rimi, berre du er klar over kvar Post i Butikk finst til eikvar tid.
Men så var det desse høgst uforklarlege tiltaka i vår postmoderne tid. Son vår budde i Oslo nokre år, og ein gong han hadde vore heime, fekk han ekstra god tid i Bergen før toget eller bussen austover skulle gå. Då nytta han høvet å gå på postkontoret i Bergen for å tinge seg nytt ID-kort, sidan det gamle var vorte så fillete. Jau, det kunne dei ordne.
Nokre dagar seinare kom det brev til han, korrekt adressert til bustaden i Oslo, at no kunne han kome og hente kortet sitt. På Bergen postkontor! Han klagde si naud på telefonen til papen sin. Gamlingen vart så opprørd at han lova å ringje Bergen på vegner av sonen. Eg kom til ein mannsperson som med slepande bergensdialekt forklarte meg at det var jo sjølvsagt slik at kortet måtte hentast der det var bestilt. "Nei, det er ikkje sjølvsagt for meg, " sa eg. "Driv ikkje dette firmaet ditt og ekspederer post? Skulle det vere så vanskeleg for dykk å sende kortet dit han bur?" "Nei, når han har bestilt kortet her, må det hentes her. Sånn é de barre, og det kan du fortelle alle du kjennerrr!" No fekk eg til slutt den nidkjære funksjonæren til å sende kortet austover, så han som skulle identifiserast, fekk hente det på sitt nærmaste postkontor.
Om dei forlangte at han skulle vise fram id-kort før han fekk det utlevert, hugsar eg ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar