fredag 17. august 2012
NATURENS SIGER OVER KULTUREN
Alle bloggarar og feisbukkbrukarar med sans for hagebruk skriv og skriv om brunsniglar, og med god grunn. Eg òg er stundom innom det temaet.
"All kultur er dyrken," heiter det i bondesongen. Ordet kultur tyder nett det, og i gammal latin brute dei ordet om pløying og dyrking av jord. Som den kulturpersonen eg er, lyt eg drive litt hagebruk.
I vår tenkte eg meg jamvel eit lite tilskot til matauken. Eg sådde dill og salat inne i god tid. Begge sortane spirte og lova godt. Eg sett dei ut i ein liten kasse med jord. Nett då slo vêrgudane til med slagregn og temperaturar så vidt over null. Sniglar og andre utyske tok snart knekken på den delen av avlinga som overlevde gråvêret.
Så laga eg ein ny og større heim til vokstrane mine (sjå ovanfor.) Eg sådde nye frø, både dill, plukksalat og reddikar. Dei kom villig opp og stod og strekte seg mot lyset, trass i uroleg vêr.
Då fekk brunsniglane fart på seg og lét seg ikkje affisere av mine hyppige inspeksjonar. Ikkje så radt få brunsniglar laut bøte med livet i kampen om denne åkerflekken min. Men kjærleiken til frisk, grøn dill og frodig plukksalat var sterkare enn dødsangsten hos desse brune sleipingane.
Til slutt var det berre å konstatere at naturen hadde sigra over kulturen. Der det skulle ha stått frodige dillkruner og duva i sommarbrisen, der det skulle ha vore smikkfullt av knasande sprø, yppig plukksalat, er det berre mold og ugras. Rett skal vere rett: Dei løyvde nokre reddikar til oss, som me har ete opp for lenge sidan. Men ikkje eit salatblad, ikkje ei einaste dillspire.
No gir dei brune beista blaffen, dei smakar ikkje på graset og ugraset som kjem opp. Så det lyt eg reinske vekk sjølv.
Eg har eit kraftfullt våpen mot brunsnegel: Kjerringar!
SvarSlettFlott! Kor mange kan du skaffe meg?
SvarSlett