Kva skal eg skrive om dagen eg nett har lagt bak meg? Seint på kvelden snudde sola, som folk seier. Det gjorde ho ikkje, men det er ein måte å forklare det på, det som skjer med årssyklusen. No vert dagane stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare.
Ikkje dra for raske slutningar. Men dagen i går var siste arbeidsdagen min. Og for Karl Johan. Han har vore ein god kollega og granne gjennom 33 år. Me to vart hylla på skueleavslutninga, me fekk blomar og kvar si avskilsgåve. Me er pensjonistar på fulltid frå no av.
Me tek det ikkje tungt, og om dagane vert stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare, skal me nytte dagane våre på ein heilt annan måte enn me har gjort. I kveld bad Karl Johan og Sigrunn oss opp til ei lita otiumsfeiring.
Betre kan ein knapt ha det.
Huff. Eg mislas for opiumsfeiring!!!
SvarSlettLukke til med både pensjonistdagane og nettene.