Så er haustferien nesten over. Me fekk nokre bra dagar i Bekkjarvik, med såpass godvêr at Tore fekk måla ferdig sørveggen, eg fekk skore ferdig, montert og måla nokre lister, Anne og eg fekk georginene or jorda, vedaladet inn i kjellaren og dei nedrivne fjølene frå den nyfiksa veggen på SIM. I det heile eit produktivt opphald.
Faktisk har me sett sola i dag òg. Men det er ikkje til å snakke vekk at hausten er her, og at vinteren står for døra. I går var det den fjortande oktober, første vinterdagen og tid for å vende primstaven.
Forresten hadde mamma vore 95 år i går om ho hadde levd. Men det gjer ho ikkje. Ikkje ho, ikkje papen, ikkje onklane våre, ikkje storebroren.
Det er haust, og det går mot vinter.
Anar eg haustdepresjonar under skjorta? Dei skal me driva ut komande laurdag. Då blir alt berre fryd og gammen.
SvarSlettDet gleder me oss til ...
SvarSlett