Det kjennest nesten som om me har vore vekke i vekevis. Me drog til Bergen onsdag, sjekka inn på hotell Terminus og budde der to dagar, rettare sagt: netter. Fredag ettermiddag for me til Lysefjorden i Os og vitja våre gamle, gode vener Sunniva og Anders, og i ettermiddag kom me heim til kaldt hus, fyrte og fyrte, og fann smått om senn vegen tilbake til dagleglivet vårt.
Den formelle grunnen til byopphaldet var todelt. Eg var der i embets medfør, og Anne var med meg som moralsk og sosial støtte. Fase ein: Eg og nokre fleire kollegaer var på ekskursjon med ein flokk elevar. Dei var først på teateret onsdag kveld. (Anne og eg kutta ut det, me hadde sett La cage aux Folles før jul). Torsdag var me på historieekskursjon på Bryggen, Håkonshallen og Rosenkranztårnet. Så sende me elevane heim torsdag ettermiddag og kunne puste ut. Fredag var den årlege fagleg-pedagogiske dagen i Bergen, der universitetet og andre institusjonar stiller opp og byr på fagleg påfyll for kunnskapshugrande lærarar. Eg kan stolt berette at eg i år fekk med meg fem timar i strekk med forelesingar, og eg pendla mellom jussbygget og Raftohuset for å rekke dei leksjonane eg ønskte. Anne stilte opp på to av dei, og då trur eg ho kom nokså nær snittet for somme av kollegaene mine.
Så endeleg, utpå ettermiddagen fredag, var me på plass i stova hos Sunniva og Anders. Og no er me her igjen. Neste utflukt vert ein trondheimstur om knappe tre veker. Då er det born og barneborn som skal vitjast.
Eg sit på terrassen mi med konemor og tenkjer attende på fagdagane i Bergen. Der var mykje visdom og mange opplevingar å ha med seg heimatt derifrå.
SvarSlettIkkje det att eg saknar det nett nå, men den gongen var det gøy.
Og kanskje aller gøyast kvelden før - på Bryggeloftet og Holberg, til dømes ...
SvarSlett