fredag 24. desember 2010

REPETISJONAR

Eg er lærar, har juleferie og kan ta meg tid til å reflektere over livet og lærargjerninga. Det med repetisjon er svært sentralt i yrket vårt. Som i livet. Elevane må få friska opp det nyleg innlærte skal det sitje. Sitje ei stund iallfall. Og ei repetisjonsøkt til i høveleg avstand frå den første, gjer prosessen endå meir effektiv.
   Livet er òg avhengig av repetisjonar. I dag har me ein av dei. Julafta. Her har me nokre rituale som tek seg opp att år etter år. Ungane er dei  verste. Me må for all del ikkje prøve å kutte ut risengrynsgrauten med mandel, eller endå verre: pinnekjøtet.
   No har Vårherre - eller ein av hans undersåttar, han som ordnar med vêret - fått det for seg at me skal ha mengder av snø i jula. Det vart gale i fjor, og i år er det endå verre. Og jula er ikkje innringd enno. Truleg har dei skamlytta på Irving Berlins heilage julesalme om White Xmas. Denne jøden som slett ikkje brydde seg om jula. Nett som Jesus, som òg var jøde og ikkje feira jul, det me veit.
   Eg sjekka bloggen frå i fjor på solvendingsdagen, mest for å unngå å gjenta meg sjølv. Eg såg det at eg gjerne kunne ha kopiert det meste og brukt i år òg. Til min skrekk og gru såg eg at eg allereie i fjor skreiv om blårevføre (blårævføre), slik at det eg skreiv hin dagen, var den reine repetisjonen. Slik kan det gå med ein bloggar som er for mykje opphengd i fortida. Det skal noko til å halde styr på kva ein allereie har sleppt ut i cyberspace.
   Vel, mykje av dagen i går og dagen i dag har gått til å moke snø. Om att og om att. Når trappa opp i vegen var gåandes i, og eg hadde brøytt farbare stiar rundt huset og bort vegen, og eg glad og nøgd med innsatsen gjekk inn att i den varme stova, gjekk det ti minutt, så var alt like tilsnødd igjen. Gong på gong. I dag tidleg var det endå verre enn nokon gong. I dag har eg dessutan grave fram og aust båten Sofie Karoline, som ligg og duppar nede ved moloen. No kan skuta få ei fredeleg jul, og det håpar eg de andre får òg. Snart set me på grauten, så då vert det ikkje lange stunda før saueribbene kjem i gryta, og etter kvart alle dei andre repetisjonane.

Gledeleg jul!

2 kommentarer:

  1. Førjultida er ofte ei stressande tid. Det er særleg kvinnene som slit for at alt skal bli så julete som mogleg. Ein psykolog stod fram i Hordalandsendinga i dag tidleg og advarte. Ein kan møte veggen før jul, sa han.
    Han sa ikkje noko om alle dei stakkars mennene som slit på utsida av husa. Han nemnde ikkje noko om ditt slit Reidar. Eg veit kva du snakkar om, og føler med deg.
    Mitt råd er: Gjer som Dean Martin gjer her: http://www.youtube.com/watch?v=mN7LW0Y00kE

    God jul til heile huset.

    SvarSlett
  2. Du og han Dean, de kan få sagt det! Og lat meg få takke for den fine songen din på bloggen din i går! Endå eit sanningsord frå Haugavegen.

    SvarSlett