Eg las og las om friske, norske gutar som tente seg nokre kroner og stor heider med å veide på dyr og fugl i skogen: rev, mår, røysekatt, rype og storfugl. Bøkene til Halvor Floden, Ivar Strompdal, Knut Gjengedal og Mikkjel Fønhus var fulle av slike karar, som vinters dagen spente på seg skiene, drog til skogs og sette snarer og feller. Då måtte no eg kunne gjere noko liknande? No hadde eg lite greie på jakt og fangst, og det var smått om slik tradisjon heime. Men eg hadde sett røysekatt oppe under Hellaren rett over tunet vårt i Flekke. Under Hellaren var det ei stor urd, som sikkert var ein perfekt heim for røysekatten. Eg måtte prøve.
På ei eller anna vis hadde eg lært å lage røysekattfelle. Ho såg slik ut:
Eg fann ei skikkeleg god og tung steinhelle. Så hadde eg altså smidd til tre spiler. Nr. 1 heldt steinen oppe. Den hadde eit godt hakk som spil nr. 2 støtta seg på. Spil nr. 2 kvilte på underlaget. Åtepinnen hadde to funksjonar. Først og fremst var det der at røysekatten skulle finne godbiten, som så skulle verte hans bane. Men åtepinnen var dessutan tilsmidd slik at han heldt dei to andre spilene på plass. Eg var på stabburet og skar ein ørliten fleskebit, fann ei øskje fyrstikker inne med omnen og tok utstyret med til skogs. Ja, steinhella låg allereie klar på åstaden. På tredje eller fjerde forsøket fekk eg fella til å stå. Det skulle lite til før hella datt ned om ein var bort i åta. Fleskebiten vart lett svidd og lukta freistande. Så var det å gå heim og vente.
Neste dag var eg oppe og såg. Fella var ramla ned. Med bankande hjarte letta eg på steinen. Ikkje noko vilt å sjå, berre ein flatklistra fleskebit. Nytt forsøk. Ny dag. Etter skuletid opp og sjå. Nei, i dag stod fella slik eg hadde forlate henne. Dette jegerlivet var hardt og fullt av vonbrot. Men eg gav ikkje opp. Eg kveikte ei fyrstikke og gav fleskebiten ei ekstra oppfrisking. Det lukta pirrande.
Tredje dagen låg steinen nede. Spennande! Eg letta opp, og jamen var det fangst! Ei spissmus! Eg kjende ei viss glede over at fella faktisk fungerte. Men eg var ikkje ute etter spissmus, så vonbrotet var større enn gleda.
Etterpå fortalde eg jakthistoria til Peter Kåre, syskenbarnet mitt. Men han var imponert, han. Fella fungerte jo fint! Iallfall på mus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar