I fjor laut eg skrive om skoltesundag utan skoltar. I år er det litevetta betre. Me har meiska oss med skoltar så vomma stod i spenn. Noko liknande gjorde yngsteguten, Tore, som kjøpte seg ein skolt, drog til blåhuset vårt i Bekkjarvik, heldt helg der og kokte skolten sin i dag. Frå Trondheim kom det ei litt sår tekstmelding frå Vegard, som gjerne skulle ha servert seg den same retten. Me trøysta han med at me ikkje åt opp alt og har gøymt ein bra slump som han får når han kjem heim til jul. Kva Rune har gjort med og tenkt om saka, har me ikkje fått rapport om.
I år var det kjøpeskoltar av vossaslaget, svidde med skinnet på. Smakte gjorde det likevel. Passeleg salta og røykte. Om eg nokon gong kjem i gang att med flåing, er eit ope spørsmål. Men Tore var ikkje god på meg her i haust då han frette at eg hadde forsømt flåinga i år igjen.
På Husnes var det ingen i grannelaget som hadde røykeri som me kunne nytte til å gje skoltane ein siste finish før dei vart hengde til turk oppe på mørkeloftet våret i Furuvegen. Då rigga eg meg til med utegrillen vår, fekk skikkeleg fyr på han og fylte på med vått einebar oppå glørne til det vart ein dugeleg haug. Så kom rista, og oppå den stabla eg dei nysalta saueskoltane i ein endå dugelegare haug. Over det heile tredde eg den største kartongen eg fann i blindkjellaren, og der stod det provisoriske eldhuset mitt og osa ein time eller to. Det hende at elden slo opp i einebaret så dei nedste skoltane vart småsvidde før eg fekk sløkt. Desto betre tenkjer eg dei smakte!
Naboar som gjekk etter vegen stansa opp og glodde fælt, og dei modigaste torde spørje kva i all verda eg heldt på med. Vår gode granne og bloggkollega Gunnar ( gunnares.blogspot.com) underheldt i neste juleselskap med at han ein sur haustdag, ein laurdags morgon då han glytte ut soveromsglaset, såg han at han Reidar stod der i ausande regnvêr og grilla smalahove ute på plenen.
Men skoltane smakte som dei skulle, dei fekk den sneven av røyksmak som høyrer til. Og så vart det skoltesundag av rette slaget! År etter år etter år.
Ja eg minnest den hendinga midt på 70-talet. Eg var kommen til Husnes frå eit sivilisert Bergensmiljø, og vart både støkken og forvirra over slik framferd. I ettertid må eg medgi at eg hadde skaffa meg ein innovativ nabo som fann på mykje rart opp gjennom åra
SvarSlett