Dette er ein svært universell leik. I England kallar dei det cricket, i Amerika baseball. Rett nok er reglane litt meir innvikla i dei landa enn dei reglane me brukte. Etter det eg hugsar, var det om lag slik:
Me hadde eit innelag og eit utelag. Ballbana var markert med ein tydeleg strek i kvar ende. Innelaget heldt seg bak streken i eine enden. Utelaget opererte mellom strekane. To gjenstandar var heilt nødvendige: ein liten gummiball eller tennisball og eit balltre. Me hadde eit anna ord for eit balltre: ei spò. Ò-en er uttalt slik som i òg=også, ikkje som o i sol. Eg finn ikkje ordet i noko oppslagsverk, så eg lurer på om det er eit lokalt fjalerord. Det er eit greitt, lite ord som me godt kan bruke om slike trelurkar. I Nynorskordboka er det eit ord som kan liggje til grunn: ei spode, som mellom anna kan tyde ein torvspade eller ein bakstefløy.
Vel, ein deltakar på innelaget tek spòa i eine neven, ballen i hin neven, dengjer til ballen så han fyk langt ut på bana og legg på sprang til den andre enden av bana. Viss han har gjort eit gasta slag og er rappføtt, rekk han fram og tilbake før utelaget veit ordet av det. Men utelaget kan få tak i ballen, kaste og treffe den som spring. Då spring utelaget inn og vert innelag. Og omvendt. Det same kan skje viss nokon på utelaget grip ballen i lufta etter eit slag.
Dersom du slo så skrøpeleg at du ikkje fekk deg til å springe etter slaget ditt, lyt du stå og vente til neste deltakar slår. Då kan de begge springe. Du treng ikkje springe tilbake frå streken på hi sida av bana med ein gong, men vente til neste gong nokon slår.
Eg er litt usikker på om innelaget fekk halde på til dei vart utslegne - anten ved at nokon på utelaget tek ballen i lufta ved eit slag eller treffer ein som skal springe. Eller var det slik at dei fekk halde på så lenge dei som hadde slege, greidde å kome att og fram og demed vart kvalifiserte til å slå ein gong til når det vart deira tur att?
Slikt kan ein lure på ein sundagskveld mens ein sit og skriv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar