Dei påstår at det går ein bjørn laus i indre Kvinnherad. I dag har det vore store oppslag i media om eit sauekadaver og risping i borken på ei fure av klørne til eit stort dyr. Det skal kome villdyrekspertar til Rosendal og sjå på sakene.
Imens kan me sjå nærmare på fleire barneleikar. På skulen leikte me mykje 'bjønnj å øykje'. Viss nokon stussar på kva ein øyk er, opplyser eg med ein gong at det er eit arbeidsdyr med hovar, lang nakke med ein like lang hårmanke, ein god lugg som kunne rekke nedover augo, og ein fyldig hale som for det meste var danna av lange, stive hår som kallast tagl. Ordet øyk heng språkhistorisk i hop med ordet åk. Desse dyra er lite brukte til arbeidsdyr i våre dagar her til lands, men dei er desto meir brukte til leik og sport. Dei har ein brei rygg som du kan ri på, og dei lèt seg temje. Desse dyra kan verte bra store, og det er lite truleg at ein bjørn kunne hamle opp med ein vaksen øyk. I folkeminnesamlingar finst likevel ein del forteljingar om kamp mellom øyk og bjørn. Så det kunne vel hende at dei kom i klabeit med kvarandre.
I min barndomsdialekt var øyk ei samlenemning for eksemplar av arten, særleg då om dei vaksne dyra. Ein øyk av hankjønn vart kalla hingst viss han ikkje var kastrert. Vanlege hanøyker som skulle nyttast til arbeid, var kastrerte og omtalte som hestar. Hokjønnsøyken var ei merr. I fleirtal sa eldre folk `mara, me yngre sa vel helst `merra med tonelag to for å skilje ordet frå bunden form eintal, som heitte ´merra med tonelag ein. På same vis som store delar av landet brukte me ikkje -r i fleirtal av substantiv. Her viser aksentteiknet [´] at ordet har aksent 1, og [´] at det har aksent 2. Meir om tonelagsskilje: Uttalen av ordet jenta (ung dame) skil seg frå ordet gjenta (repetere) på det vis at jenta har aksent to, og gjenta har aksent ein. Du må bruke a-ending i jenta for at det skal vere eit minimalt par, som det heiter. Berre tonelagsskilnaden skil orda når me seier dei. Strilar og finnmarkingar har ikkje tonelagsskilnad i sine dialektar, så dei høyrer ikkje forskjell.
Men du kan godt hoppe over denne språklege utgreiinga og berre lese om leiken. Den tek til med at ein av oss var bjørn og stod i eine enden av skuleplassen. Dei andre var øyker og stod i den andre enden. Me hadde rispa ein tydeleg strek i grusen for å vise kvar me skulle stå. Så ropte bjørnen "Kom!" Eller: "Alle mine øyker spring ut!" Då måtte øykene springe til den andre enden, og bjørnen skulle prøve å fange så mange som mogleg før dei kom seg velberga over streken. Når ein bjørn fekk tak i ein øyk og gav han tre klapsar, vart denne øyken også bjørn og kunne vere med og ta opp jakta på dei andre øykene. Slik heldt me på. Når dei øykene som ikkje var tekne, var komne seg over streken, gjekk bjørnane (no var det sikkert fleire,) bak til hin enden av plassen og ropte. Slik heldt me på til alle øykene var tekne til bjørnar.
Det var ein grei friminuttsleik, både gutane og jentene var med, og me rakk gjerne å fullføre før lærar Årøy bles i fløyta si for neste time. Mosjon vart det og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar