No skal eg krype til korset. Eg har gått rundt og kunngjort i aust og vest (og litt i nord òg) at eg er den eldste på arbeidsplassen. Folk kan undrast på om det er skryt eller syting. Så fekk eg greie på i dag at så ikkje er tilfelle. Eg har loge for dykk. I god tru. Her er ei dame, jamvel kollega, som er eit par månader eldre. Det visste eg ikkje. Ho ser no ut som ho er mykje yngre enn eg. Ikkje kan eg fortelje kven det er heller, eg likar ikkje å utlevere folk på det viset. Og så skal me ikkje syngje ut om alderen på damer, har eg lært. Dama har ikkje vore så mange år på skulen vår, så eg er framleis den som har lengst tenestetid her, gu'beire.
Det gjer godt å vite at eg har folk kring meg som ikkje er så unge som eg. Får berre vone at det ikkje går ut over ære og aktelse. Me ungdommar vert så lett oversedde, eller hundsa og jagde på. Men eg må jo ta det og, no når eg slepp det tunge ansvaret med å vere nestoren på huset. Heretter skal eg helse med eit djupt bukk når eg treffer Marit Helvik og halde henne høgt i akt og ære.
Eg oppfatta informasjonen om alderspyramiden på KVV som sjølvskryt.
SvarSlettKva skal du nå pynta deg med?
Ungdommar skal passa seg for kva dei uttalar seg om, meiner eg.