Nei, kanskje ikkje så gale. Me kan kalle det sure draumar. Blant alt det vrøvlet som eg drøymer er det eitt tema som går att inn imellom. Ikkje for ofte, trur eg; som folk flest er eg lite i stand til å hugse kva eg diktar opp om nettene (eller i middagskvilda). Form og fasong skifter, men djupstrukturen er grei å fatte: Eg mister kontrollen over klassen eg skal undervise. No ein morgon handla det om at elevane mine - dei er kjekke og greie - vart villeidde til å slå følgje med nokre rakkarar med lærevegring. Og eg som hadde førebudd timane så godt! Kulissar og episk tråd i draumen greier eg ikkje å rekonstruere, det var temmeleg surrealistisk. Det er som regel slik. Truleg fall det meg inn i undermedvitet å vurdere kritisk opplegget mitt, som eg hadde lege og tenkt på før eg sovna om kvelden.
Liknande draumar kjem att med ujamne mellomrom. Av og til er det slik at eg er vikar i ein klasse eg ikkje kjenner og knapt veit kva eg skal gjere. Og der står eg og tyt på mitt mens elevane surrar med sitt og bryr seg sytten. Ikkje kjenner eg nokon av dei, så eg kan ikkje notere ned merknader eller skremme med at eg gjer det.
Når eg vaknar etter slike draumar, er eg både letta og irritert. Irritert på meg sjølv for at eg ikkje har brukt nokre av knepa eg plar ty til i beslekta situasjonar i vaken tilstand.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar