Skjerp deg, Reidar, du har ikkje blogga på over ei veke og berre ein gong i april. Du må forstå at lesarane mister interessa viss dei gong på gong er innom og ikkje finn noko nytt.
Denne helga gjorde våren eit skikkeleg gjennombrot med kaskadar med sol, fleire og fleire blømande påskeliljer og nye grøne spirer. Me burde ha satsa tungt på hagearbeid. Men først laut eg fikse grillen, så mesteparten av laurdagen gjekk til det arbeidet. Me har ein tønnegrill, og han ser ut som ei svart tønne som er kløyvd på midten og står på eit stativ med fire føter. Me lyfter opp øvre halvdelen og har grillkol og rist i underdelen. No var denne delen av tønna godt rusta på undersida og elles rundt omkring både her og der. Eg bukserte grillen ut or kjellaren og opp på plenen. Der vart boss og skit behørig fjerna, deretter gjekk eg laus med noko rustfjerningsmiddel som dukka opp i ei kjellarhylle. Så feste eg ein stålskrubb på drillen, og drill mot grill freste vekk laus rust. Til sist gjekk fekk tønna seg ein omgang med svart lakk på boks, kjøpt på Europris. Eg laut jamvel til Husnes og kjøpe ein ny lakkboks, og i same farten panta eg flasker, plukka med meg ei flaske vin til rekene me åt i går kveld, margarin, ei avis og sommarkotelettar til den nyoverhalte grillen i dag. No er han altså prøvekøyrd og står der framleis, svart som arvesynda, men blank som ein engel.
Sundagen har eg mellom anna brukt til to arbeid: Eg har fjerna ikkje så lite drit og mose frå stovetaket, og eg har skifta dekk på bilen. Spesielt dette første tok si tid, så eg har nytta sabbaten godt denne gongen.
Dei siste åra mamma levde, ringde eg nesten kvar sundagskveld og prata. Eit innslag som gjekk att i sundagssamtalane våre, var at eg greidde ut om kva eg hadde gjort den dagen, og mamma kommenterte det at eg dreiv med sundagsarbeid. Då forsvarte eg meg med at sjølvaste Jesus og den lurvete flokken hans gjekk og trakka i åkrane om sundagane og stal korn som dei åt. Og at han sa til farisearane: "Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for sabbaten skuld." (Mark. 2, 27.) "Jaja," sa mamma og skratta.
Ja no trudde eg mest du var slutta å blogga. Det var difor kjekt å sjå at eg tok feil. Og så er det jo sterke ting du kjem med i kveld, eg tenkjer både på arvesynd, blanke englar og salige Markus. Ikkje rart du gjekk lenge svanger med denne.
SvarSlettNo når grillen er prøvekøyrd, tek du vel med passasjerar ein gong?
Ja, kom som du er og hiv deg med!
SvarSlett