Etter det eg har høyrt gjete, er det nokså sannsynleg at det i ein populasjon er om lag like mange gutar som jenter, men når det gjeld nyfødde er det ei lita overvekt av gutebarn. Statistisk sentralbyrå fortel at det i landet vårt vert fødd 106 gutar for kvar 100 jenter. Dei grunngjev ikkje dette misforholdet, dei driv helst med rein statistikk.
Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?
Det er ikkje noko gale med oss. Det er nok den statistikken som ikkje gjeld for oss. Sjølv om dei du kjenner er skikkelege folk, er det ikkje mange nok i kretsen din. Du må utvida den.
SvarSlettIkkje for det, barnebarna mine er så nær landsgjennomsnittet (gittt i parentes)som mogleg, når ein har 9 barnebarn.
Jenter 44,4% (48,5) og Gutar: 55,6% (51,5)