For tre år sidan bles det ned to digre bjørker like attmed tomta vår i Bekkjarvik. Grunneigaren har gjeve oss fullmakt til å nytte alt slikt der oppe ved eigedommen vår, og bjørkene kunne ikkje liggje slik og sprikje. Det vart eit ryse arbeid både i vinterferien og i påska det året med å få alt oppkappa, bore på plass, oppkløyvd og i lad. Kaminomnen der i huset tek berre småved, ikkje store kubbar slik som vår omn heime. Det vart eit svært lad, som seinare om hausten kom i kjellaren. Og etter at svigermor forlét heimen, har det minka krafig på fyringa. Og der ligg veden. Det er godt å vite når me er der no vinterstid at ved har me plenty av.
På Flekke skule i gamle dagar var eg som før nemnt tilsett som fyrbøtar. Og som sagt: Eg kunne verte skikkeleg lei av all vedsaginga som følgde med. Spesielt dei vekene me hadde sløyd på skulen. Då heldt me til i kjellaren, og der var det ikkje elektriske omnar, og kjellaren var stor å varme opp. Rett nok heldt me oss i gang med kroppsarbeid: høvling, saging og pussing med meir.
Men ved måtte sagast, og ein dag stod Trygve Leirpoll og eg og saga på skatak Sidan Trygve var med, må det ha vore i sjette, altså vinteren 1958. Saga gjekk i vill fart over vedskia, heilt til ho skvatt or faret og sneia neven min. Venstre tommel blødde stygt, og kort tid etter var eg på veg heim. Papen tok meg med til dokteren i Dale med tommelen min godt inntulla i ei fille. Papen tykte sikkert det var greitt med ein daletur til avveksling. Dr. Østby sette på eit par klemmer, og såret grodde fort. Men arra har eg, konferer nede til venstre på illustrasjonen. Nokre nervetrådar er sikkert komne i ulage, for tommelen er framleis ekstra følsam der saga herja. Elles er fingeren heilt ok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar