Viss du las førre blogg, veit du at bokhaugen min voks. I tillegg til bokpakkar frå Norsk Barneblad kom det stundom ei bok som jule- eller bursdagsgåve. Så hadde eg ein onkel i by'n med ei pen samling, og eg tillet meg å tigge ei og anna bok frå samlinga hans.
Men kvar skulle eg gjere av bøkene? Late dei liggje og slenge? Nei, bokhylle ville eg ha. Og løysinga var sløydtimane. Dei var samla opp til ei fjorten dagars økt. Læraren var faktisk frå Kvinnherad og ambulerte mellom skulane i Fjaler.Sløyd var det faget som hadde desidert høgast status blant gutane på skulen. Mens me gutane var i kjellaren og snikra, hadde jentene syskule - eller kalla dei det handarbeid? Kanskje det faget hadde like høg status blant jentene? Sjølv var eg ein middels god snikrar og hevda meg nok meir i andre fag. Men i sjuande klasse sette eg mykje inn på å sikre Mykje godt og få meg ei skikkeleg bokhylle. For ordens skuld, og for moderne lesarar: Her var det ikkje snakk om å skjere til ei hobbyplate, her var det å skjere opp uhøvla fjøler, høvle dei til og lime i hop. Og trettenåringen, som aldri har kunna teikne, rissa opp sånn sirka korleis han ville at hylla skulle sjå ut. Lærar Wang redigerte og finteikna, godkjende prosjektet og gav gode råd og vink. Og eg høvla og høvla.
Det er få sjølvgjorde produkt eg er meir fornøgd med enn bokhylla, som framleis er i full bruk heime hos yngste sonen, Tore.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar