lørdag 24. oktober 2009

RÅDHUSPLASSEN

Der er det dyrt å ta inn. Om du spelar monopol, meiner eg. Dersom eigaren har hotell der, kostar det deg 20 000 for eit besøk. Som sagt, det vart ein del monopolspeling ut gjennom livet, iallfall fram til gutane flytte heimanfrå. Mens eg studerte og budde i Lægdene med Dagfinn og Anders, kjøpte eg eit spel, og me fekk rikeleg med tidtrøyte om kveldane. Elles hadde det gått ein del på kortspeling, spesielt sprøyt. Anne kom inn i livet mitt for fullt på den tida, og ho tok gjerne del. Det same gjorde ho då bror Steinar, Olemann og eg flytte i leiligheit i Krybbesmuget utpå hausten i 1968. Me spelte monopol. Ein kveld, eit godt stykke ut i spelet, kom Steinar på Rådhusplassen der det stod eit raudt hotell og skein. "Tjue tusen, takk!" sa Anne. Og Steinar, som no hadde spelt seg retteleg varm, bladde høfleg opp og betalte. I farten gløymde han at det var han som åtte Rådhusplassen.

2 kommentarer:

  1. Det undrar meg i grunnen at det ikkje vart fleire forretningsfolk av alle desse talenta, eller sånne børsmeklarar eller....
    Men det var kan hende noke med å spele seg med verkelege pengar, og kven hadde det då???
    Eller???

    SvarSlett
  2. Va kje meininga å vere SÅ anonym.
    Likkjesysta

    SvarSlett