torsdag 15. oktober 2009
AKSJEOKSEN
Hustveitfolket var ein talrik husstand i Flekke, og dei skjøtta viktige funksjonar i bygda. Dei ekspederte dampen (=rutebåten), rutebussane og posten. Og i floren deira stod avlsoksen i bygda, også kalla aksjeoksen. Når grannane kom med ei forventningsfull ku, laut Audun eller Torkjell i floren og hente aksjeoksen, som meir enn gjerne utførte plikene sine.
På Flekke skule hadde me faget teikning. Og lærar Sigurd Årøy let oss stor sett teikne det me ville. Me gutane henta motiv frå dei viktige sakene, til dømes teikna me skihopparar og skeiseløparar om vinteren, og me teikna bilar og båtar. Mange båtar. Rett overfor skulehuset, på hi sida av fjorden, kom dampen baksande inn til kaia. Han gjenskapte me meir enn ein gong i kunstnarleg form.
Ein dag teikna Knut Hustveit aksjeoksen i verksemd med ei ku. Det var ikkje noka teikning som ruva i teikneboka, det var kanskje ei rute på ei fjerdedels side. Var det noko motiv Knut'n kjende ut og inn, så var det dette. Knut var ein middels bra teiknar, hugsar eg ikkje feil, og kunstverket var ikkje til å ta feil av.
Då Årøyen kom nedom og såg det, vart det underleg stille. For læraren var dette eit frykteleg dilemma. Ikkje kunne han irettesetje Knut'n, for då laut han seie noko om teikninga og setje ord på det at slikt noko ikkje måtte portretterast, og det vart for vanskeleg for han. Men han kunne heller ikkje late saka glide upåakta hen. Så han tok teikneboka med seg utan eit ord, sette seg bak kateteret, tok fram eit viskelêr og begynte å viske. Han viska og viska, og Knut'n skjønte ingen ting, der han sat og ikkje fekk teikne. Men då teikneboka kom tilbake til eigarmannen, var den halvpornografiske teikninga fjerna og og moralen i klassen gjenoppretta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar