Eg tenkjer med skrekk og gru på kor lite nøye det var med sikringstiltak i bilar på den tida, og eg trur ikkje me var verre enn mange andre. Bilbelte var det nok ikkje i den vogna. Eg sat i framsetet attmed Steinar, og Rune - tre år og ti månader - sat til å begynne med nede i botnen av bilen ved beina mine. Etter kvart som han vart uroleg og me tykte synd på han, fekk han kome opp på fanget til papen, der han både fekk sjå og delta i konversasjonar meir på like fot.
Utpå kvelden var me framme i Furuvegen, der rektor Døssland tok imot oss. Han var allereie i gang med å pakke ut nokre nyinnkjøp som var sende med HSD direkte frå butikkane. Onkel Steinar køyrde tilbake til by'n neste morgon, og Rune og eg stulla og stelte for oss sjølve fram til den 19., då Anne kom til eit flunkande nytt og så godt som ferdig møblert rekkjehus i Troåslia.
Hausten før hadde den legendariske brannen på Husnes svidd ned til grunnen heile denne rekkja med fire husvære. Og no var husa nyleg gjenreiste. Den gongen i 1973 etla me oss til å bu i Kvinnherad eitt år. Ti år etter flytte me derifrå til Eikeland på Valen, og her sit eg no og skriv.
Kjekt å lesa Reidar! Det var mange dedikerte og flinke lærar som kom til Husnes den tida gymnaset var i etableringsfasen. Det bar ei kjekk tid dei tre åra på gymnaset. Det er så kjekt at dei fleste av desse nytilflytta lærarane blei verande i kommunen vår.
SvarSlett